Audun Hammer Hovda har tru på at SV kan samarbeide med alle parti på venstresida i regjering.

Åshild Slåen
Publisert

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord.

– Det er lange dagar, og mange dagar på jobb. Dei aller fleste helgene går med.

I slutten av juli stel Framtida.no litt av den korte ferien til Sosialistisk Ungdom-leiar Audun Hammer Hovda (25). Vi møter han i nabolaget der han bur på Sagene i Oslo.

Hovda har vore leiar i litt over eit år, men engasjementet for SU har vore der sidan han var 16 år gamal og budde heime i Haugsbygd i Ringerike.

– Då var kampen for samtykkelov viktig for meg. Det var noko som stod litt om på nettsidene, for det var like etter 8. mars, så eg trur det var god timing.

Ein kamerat hadde starta eit lokallag, og fekk masa kompisen inn i Ringerike SU.

– Då var det allereie ei i klassa som hadde meldt seg inn i Unge Høgre, så det bidrog til ein artig dynamikk i timane, fortel Hovda.

Forhandla med regjeringa andre dag på jobb

I dag er han SV sin 2.-kandidat til Stortinget frå Buskerud. Det skal halde hardt for partiet å få to plassar frå fylket, men Hovda har allereie møtt på Stortinget gjennom den siste perioden, som vara.

Audun Hammer Hovda
Som 22-åring gjekk Audun Hammer Hovda inn i forhandlingar med regjeringa, då han møtte som vara på Stortinget. | Foto: Åshild Slåen

Fyrste dag vart midt i ei koronabølgje, med mange varaar for sjukemelde representantar samstundes.

– Då møtte eg opp fyrste dag, fekk nøkkelkort og sakspapir. Du får ein bunke med saker du skal kommentere før klokka 12, «ver så god, lukke til». På slutten av første dag fekk eg beskjeden: I morgon må du møte litt tidleg opp, for du skal i forhandlingar med regjeringa.

Då var han 22 år gamal.

– Det er jo ein beskjed eg trur ein aldri er heilt førebudd på å få.

Forhandlingane handla om straumstøtte til frivillige organisasjonar. Helga etter, då han var på kurs med Noregs bygdeungdomslag, kunne han nøgd tipse om at dei måtte søke på støtteordninga.

Vil betre bustadmarknaden

Då Framtida.no hadde leiarspalte med Hovda i fjor, var det bustadpolitikken som var hjartesaka. Det er det framleis, for det har ikkje blitt billigare å leige eller eige rundt omkring i Noreg.

– Det kan ha noko med at eg er i den alderen der eg tenkjer meir på det, men også fordi eg meiner det representerer noko viktig i tida vår.

I tida sidan Berlinmuren fall, meiner han det har vore ein veldig optimisme til at ting blir betre og løyser seg, spesielt om ein får inn meir marknad og konkurranse. Det biletet går ikkje saman med både klimakrisa, finanskrisa og bustadkrisa. Då blir det ikkje like enkelt å følgje standardoppskrifta med å gå på skule, få seg jobb, kjærast, hus og barn.

– Derfor har det blitt veldig viktig å bevise at dei store problema som folk kjenner i kvardagen, er mogleg å løyse ved å engasjere seg.

Han merkar seg at bustadkrisa kan sjå annleis ut utanfor dei store byane. At ein person som eig i Oslo og vil flytte ut, mest truleg må gå ned i verdi på bustaden sin, meiner han gir veldig lite økonomisk meining.

– Det er veldig dårleg distriktspolitikk at det er så stor prisforskjell mellom Oslo og nærliggande område med andre stader i distriktet.

For lite tid

Det blir lite tid til hobbyar når ein er leiar i eit ungdomsparti i eit valår. Hovda har heldigvis ein sambuar som også er engasjert i både Sosialistisk Ungdom og Natur og Ungdom, men det blir ikkje like mykje matlaging til ho som han kunne tenkt seg.

Heller ikkje andre hobbyar får heilt plass.

– Eg er jo ein fyr som har altfor mange hobbyar.

Blant dei er å spele piano og bass, friluftsliv, fisking, gaming, symjing, og litt programmering, berre på gøy.

Programmerar var også jobben han hadde, før han vart leiar, og det er det han er utdanna i.

– Ikkje heilt ferdig, eg har teke det på deltid over veldig mange år, så eg manglar 20 studiepoeng for å ta ein bachelor. Men det blir ein gong.

Den gongen må bli etter han er ferdig i SU.

Må vere meir synleg

No er alt fokus retta éin stad. Ungdomspartiet har manna opp på kontoret, og dei førebur seg på både stand, dørbanking og skuleval.

Hovda har ikkje hatt fleire år på å bli eit kjent fjes i media, slik andre ungdomspartileiarar har. Det kan bety at han har ei utfordrande tid i vente.

– Har du vore synleg nok?

– Nei, det trur eg ikkje. Vi merkar at det var lettare å vere synleg i fjor, før Senterpartiet gjekk ut av regjering.

Då merka både SU og SV at det vart mindre interesse for dei.

– Eg vil jo veldig gjerne vere synleg og få formidla bodskapen. Eg meiner det vi held på med er veldig, veldig viktig, og eg trur mange kunne vore med på det om vi kunne nådd gjennom. Men det er veldig vanskeleg i denne algoritmebaserte verda. Det er ikkje berre enkelt å bryte lydmuren.

Hovda er ikkje ein naturleg TikTokar, men må tilpasse seg når det er der dei kan nå unge. Dei som ikkje blir nådd gjennom skulevalkamp og stand, må ungdomspartiet prøve å nå på sosiale medium.

Og så har ein ungdomspartileiardebatten som er på Arendalsuka denne veka. I 2022 skapte Grøn Ungdom-leiar Tobias Stokkeland blest om ruspolitikken ved å dra fram ein joint på scena.

– Du har ingen gimmick du skal køyre på?

– Det er vel dumt om eg avslører om eg har det eller ikkje no, ler han.

Hovda trur slike stunt kan få merksemd, men har ikkje tru på at det styrker partiet og politikken.

SU-leiar Audun Hammer Hovda på ungdomspartiet sin sommarleir på Utøya. | Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Eg er usikker på om all PR er god PR, men det er kanskje betre enn ingen PR.

Palestina i skulevalet

Utanom bustad og privatøkonomien, trur Hovda Palestina kjem til å halde fram å vere viktig inn mot valet. Det er ei sak som engasjerer skuleungdom, og som blir viktig i skulevalet.

– Det er noko folk kjenner mykje på. Ein spør etter politisk handling, og det har vore veldig lite av det.

Der meiner han SV har vore tydelege og fått til faktisk endring, trass i at dei er utanfor regjeringa.

– I revidert nasjonalbudsjett fekk SV pressa gjennom at vi gjennomfører Europas første økonomiske sanksjonar mot Israel, at ein skal lage eit forbod mot handel av varer som bidrar til okkupasjon i strid med folkeretten.

Sosialistar må søke regjeringsmakt

Hovda er klar på at SV må gjere sitt for å kome inn i ei raudgrøn regjering. Han meiner dei har ein fordel med at ingen av partia på venstresida har utelukka å samarbeide med dei, og at dei kan finne felles politikk med fleire som vil samarbeide i ei Arbeidarparti-leia regjering.

– Det eg er spent på er om Raudt vil i regjering.

Partiet, som aldri har vore i regjering, har gjort det historisk godt på meiningsmålingar, og kan no få større oppslutning enn Senterpartiet. Ei fleirtalsregjering må då inkludere stortingspartiet lengst til venstre i norsk politikk.

På landsstyremøtet tidlegare i år vedtok Raudt tre krav for å sitje i ei Støre-regjering.

– Eg er litt redd for at dei då set seg sjølv på gangen, og at dei ikkje eigentleg vil. Eg meiner jo at alle seriøse sosialistiske parti må søke makt, fordi det er så store utfordringar vi står overfor, seier Hovda.

Han meiner det ikkje er tida for å seie at dei beste til å styre landet er nokon andre.

Audun Hammer hovda
Lesekiosken på Sagene har noko for alle, inkludert sosialistiske politikarar. | Foto: Åshild Slåen

– Vi må faktisk søke innflytelse, og prøve å få endra systemet. Og det kan gjerast best på innsida av regjering. Eg har ingen problem med å skulle regjere saman med Raudt, eg, berre dei også har lyst til å ta det ansvaret.

Audun Hammer Hovda bur på Sagene i Oslo. Der er det både nybygg og kommunale bustader. | Foto: Åshild Slåen