– Eg trur det hadde vore interessant å diskutera korleis teoriane står seg i dag, meiner den nye leiaren i Sosialistisk Ungdom.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg håpar å vera ein leiar som klarer å sjå medlemmene, og lytta til kva dei treng. Det er fort gjort å gløyma det når kvardagen handlar om å få medieoppslag og debattera med dei andre ungdomspartileiarane, skriv Audun Hammer Hovda i ein e-post til Framtida.no.

24-åringen frå Haugsbygd i Buskerud vart i slutten av juni valt til ny leiar i Sosialistisk Ungdomsparti.

Han tek over etter Synnøve Kronen Snyen, som har hatt vervet i fire år.

Audun Hammer Hovda

Alder: 24
Pronomen: han/han
Frå: Ringerike
Yrke/utdanning: Programmering
Favorittfag: Naturfag
Ulike verv: Leiar i Sosialistisk Ungdom, leiar i Buskerud Sosialistisk Venstreparti, styremedlem Noregs Sosiale Forum, ++
Medlem i: Sosialistisk Ungdom, Sosialistisk Venstreparti, Natur og Ungdom, Kvinnefronten, Ungdom mot EU, +++

 

Ser opp til SV-leiar Kirsti Bergstø

– Eg vil vera ein som klarer å visa ei tydeleg retning, men samtidig klarer å ta vare på mindretalet, og skapa takhøgd. Det er veldig klisjé og litt flaut å innrømma, men akkurat dette synest eg Kirsti Bergstø er veldig god på, så viss eg kunne vorte litt meir som henne, ville eg vore stornøgd.

– Kva er den største skilnaden på Sosialistisk Ungdom og Sosialistisk Venstreparti?

– Den største forskjellen i praktisk politikk er vel kvar me står i debatten om NATO, der SU framleis er tydeleg mot ein norsk medlemskap. Elles så har me litt ulik inngang til politisk arbeid, der me er meir opptekne av aktivisme og mobilisering, heller enn å jobba parlamentarisk.

I 2024 er det antirasisme, klima, og Palestina som står høgast på dagsorden i ungdomspartiet.

– Alt saman er dessverre høgst aktuelt, men då er det endå viktigare å ha tydelege stemmer i debatten.

Tiårsjubileum i 2025

Hammer Hovda er i dag leiar i Buskerud SV og er den første vararepresentanten deira på Stortinget. Han har lang fartstid i organisasjonen og melde seg inn i Sosialistisk Ungdom allereie i 2015.

– Ein kompis av meg hadde nettopp stifta eit lokallag der eg kjem frå, og måtte masa på meg i eit halvt år før eg gadd å komma på eit møte.

Lenge før det var barnefattigdom ei viktig sak for haugsbygdingen. At både SU og SV er opptekne av dette, trur han har bidrege mykje til at han har funne meg til rette her.

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Eg har ei grunnleggjande tru på at det nyttar, og at me kan få ting til viss me står saman. Å få masse nye venner som trur på det same som meg er ein enorm motivasjon.

Den nye SU-leiaren Audun Hammer Hovda føretrekker hund, hyttetur og pizza, framfor katt New York og taco. Illustrasjon: Canva

Meir demokrati

Den nye SU-leiaren er ein datainteressert fyr, som prøver å setja av litt tid til gaminghobbyen i ein elles hektisk kvardag. Andre hobbyar er bass og brødbaking, men den største tidstjuven er noko heilt anna:

– Må vel dessverre seia TikTok.

– Korleis held du deg oppdatert?

– Eg les avisa på mobilen mellom slaga, til dømes på bussen på veg til jobb, og så likar eg å lesa papiravis i helgene for å roa litt ned.

Om han skulle opna helgeavisa og funne si draumeoverskrift, er: «Fred på jord» ein god kandidat.

– Kva er idealsamfunnet og korleis skal me nå det?

– Eg har ikkje så stor tru på å skulla jobba ut frå ei førestilling om eit idealsamfunn, det kan i beste fall bli ei rettesnor, eller i verste fall ein god måte å rettferdiggjera autoritære regime på. Eg har større tru på å jobba ut frå ei ønskt retning, og for meg handlar det om å alltid skapa meir demokrati. Demokrati på skulen, på jobb, gjennomgåande i heile samfunnet.

Carbonara med Karl Marx

Under årets landsmøte vedtok ungdomspartiet eit antirasistisk manifest, som skal gje ein god analyse og mykje ny politikk for å gjera samfunnet til ein betre, meir rettferdig stad for alle.

– Kva er den neste kampen?

Den tyske filosofen og økonomen Karl Marx (1818-1883) sine idear har inspirert mange etter han. Foto: John Jabez Edwin Mayall – Internationaal Instituut voor Sociale Geschiedenis (Offentleg eigedom)

– Eg er heilt sikker på at bustadpolitikk kjem til å bli eit viktig spørsmål framover. Ein ser det tydeleg allereie, der tusenvis av studentar står i bustadkø, og der unge kjem stadig lengre unna bustaddraumen. Her har også venstresida mykje å gå på når det gjeld politikkutvikling.

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?

– Er det lov å seia Karl Marx? Det er jo veldig kleint, men eg trur det hadde vore interessant å diskutera korleis teoriane står seg i dag. Eg får til ein ganske ålreit carbonara, så då må det bli det.

Tre Tips

– Kva for ei bok burde alle lesa?

– Den kapitalistiske realismen – finnes det ingen alternativer? av Mark Fisher. Den klarer veldig godt å setja ord på ei håpløyse eg trur mange kjenna på, og korleis me kan skapa håp for og tru på eit alternativ til dagens samfunn.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– Ser ikkje så mykje på serie om dagen, men synest Community byr på mykje bra, lettbeint humor.

– Kva låt får deg alltid i godt humør? 

– Dive av Olivia Dean har gått på repeat heime hos meg.