Desse skreiv Noregs beste nynorskeksamen – få deira beste tips!
Daniel, Rakel og Emilie skreiv fjorårets beste eksamen på nynorsk. Her er deira beste tips til årets tredjeklassingar.

– Det var heilt sjukt. Eg sat der i ein vond mattetime og lurte nesten på om eg hadde tatt feil studieval, ler Daniel Skår.
19-åringen minnest augeblikket han fekk vite at han var ein av vinnarane av Fridthiov Oos’ pris. Prisen blir årleg delt ut til dei beste hovudmålseksamenane på nynorsk.
I dag studerer Skår fysikk og matematikk i Trondheim, men han syntest norsk var eit kjekt fag på vidaregåande.
Fridthiov Oos’ pris
Prisen blir delt ut til dei tre beste eksamenssvara på nynorsk til eksamen i norsk hovudmål på studiespesialiserande i vidaregåande skule.
Prisen er på kr 5000.
Fridthiov Oos’ legat var grunnlagt av verksmeister Fridthiov Oos ved testament av 26. april 1918 og ber namnet «Fridthiov Oos’s legat for maalsaken». Midlane er henta frå Samlagsfondet.
Kjelde: Samlaget
– Det er jo mange som synest det er tungt og vondt og at ein lærer sånne mystiske ting om diktanalyse og eg veit ikkje kva, men eg syntest eigentleg det var kjekt å beskrive tekstar og lære om ulike epokar.
19-åringen frå Os i Bjørnafjorden føretrekker å skrive nynorsk. Han synest bokmål kan bli litt tungt og falskt.
– Men det er ikkje alltid så lett når det på ein måte er forventa at ein skriv bokmål. Dei fleste andre, i alle fall utanfor Vestlandet, skriv bokmål.
– Ein del av kven eg er og identiteten min
Ein av dei andre vinnarane av nynorskprisen, er Rakel Almenning Oldeide (20) frå Holvik ved Måløy.
Ho vart overraska då det tikka inn ein e-post om at ho hadde vunne, men synest det er kjekt å få anerkjenning for noko ho har lagt ned mykje arbeid i.
– Eg stiller litt strenge krav til meg sjølv, så eg var ikkje sikker på at det var ei bra tekst eg leverte inn, men etter å ha fått den tilbakemeldinga eg har fått no, må eg nesten seie meg fornøgd.
I dag er 20-åringen student i Bergen og går på Noregs handelshøgskole.
– Det er nok mest økonomi, men eg får bruk for mykje skriving i dei faga eg har her òg, så det hjelper absolutt på med litt skriveforståing.
Oldeide har alltid vore glad i å skrive, og likte godt norskfaget.
– Eg har alltid hatt eit ganske nært forhold til nynorsk då det er skriftspråket som familien har brukt rundt meg. Det har alltid vore ein del av kven eg er og identiteten min. Det er den måten å uttrykke meg på som kjennest mest naturleg. Eg synest det er viktig å ta vare på nynorsken, for det er jo ein del av kulturarven vår.
– Det er no det gjeld
– Det var kjekt å bli gjort stas på. Og så synest eg det er veldig bra at dei gjer det, for du føler at du blir verdsett for å bruke skriftspråket, fortel Emilie Skrede, den tredje vinnaren av Fridthiov Oos’ pris.
Nynorsk ligg nært dialekta til førdianaren, som synest det er viktig å halde på nynorsken.
Ho vart som dei andre overraska over å ha vunne prisen, og hadde nesten gløymt heile eksamenen då ho fekk beskjeden. 20-åringen frå Førde har hatt eit friår etter vidaregåande. Ho har tatt ex.phil. på Bali, og jobbar no som lærarvikar på barneskule.
– Eg har eigentleg lyst til å bli tannlege, men vi får no sjå på snittet korleis det går. Men så har eg faktisk blitt veldig positivt overraska over læraryrket etter å ha jobba med det i nokre månader, så det òg er på lista over ting som kan vere spanande.
– Karakteren på norskeksamen gjekk jo bra då!
– Ja, den sat, det gjorde han, ler ho.
Skrede syntest det var nervepirrande å ha eksamen i hovudmål, men det hjelpte å ha hatt sidemålseksamen dagen før.
– På hovudmål visste eg litt meir kva det gjekk i. Eg følte meg litt betre førebudd. Der var eg òg sikker på at eg kan å skrive mitt eige hovudmål og eg har likt norskfaget. Men det er andre typar nervar når du veit at no har du éin sjanse og det er no det gjeld.