Utdanning

Eksamenstekst: «Eit moderne hjelpemiddel»

Les eksamensteksta Daniel Skår vann Fridthiov Oos’ pris for.

Daniel Skår (19)
Publisert
Oppdatert 12.05.2025 14:05

Eksamenssvaret i norsk hovudmål frå 2024 er publisert med løyve. Teksta er språkvaska av Framtida.no.

Oppgåve: Skriv ein fagartikkel der du gjer greie for den modernistiske tradisjonen og drøftar om modernistisk litteratur kan gi unge menneske større forståing for korleis det er å vere menneske. Bruk eksempel frå vedlegga og relevant fagspråk.

Vedlegg:

— Knut Hamsun: «Fra det ubevisste sjeleliv», Samtiden, 1890. Utdrag frå artikkel
— Tarjei Vesaas: «Innbying», 1953, frå diktsamlinga Løynde eldars land
— Jon Fosse: «Kvitleik – forteljing», 2023, utdrag frå roman


Modernismen kom til Noreg i 1890, då Knut Hamsun lanserte artikkelen «Fra det ubevisste sjeleliv». Her la han ut sitt nye litteratursyn, hans litterære program, der han blant anna meinte at den norske litteraturen var tom, og at karakterane som vart presentert var lite meir enn tomme skal, eller «typar». Ifølge Hamsun måtte ein altså vekk frå slike typar for å få ein djupare litteratur som var verd å lese: «Man måtte da ganske visst gi avkall på å skrive «typer» – som alle sammen er skrevet før – «karakterer» – som man treffer hver dag på torget» (Hamsun 1890). Hamsun ynskja ein ny litteratur som fokuserte på menneskesinnet, sjelelivet og dei psykologiske sidene ved mennesket, i staden for den samfunnskritiske litteraturen vi såg i realismen (Garthus 2022).

For å få til dette, presenterte Hamsun ei rekke skriveteknikkar i gjennombrotsromanen hans, Sult, frå 1890. Den var meint til å vere eit utgangspunkt for denne nye litteraturen. I romanen tek Hamsun med lesaren inn i tankane til hovudpersonen. Desse er intense og sterke, som hovudpersonen sjølv, og er hovudfokuset i romanen. Hamsun skil ikkje mellom store og små bokstavar, brukar ikkje punktum og nyttar tankesprang og den såkalla «stream of consciousness», eller bevisstheitsstraum-teknikken, for å framstille korleis menneskesinnet fungerer.

I lyrikken ser vi òg store omveltingar i modernismen. Tradisjonell form og rytme er kasta langt ut av vindauget, og vi sit igjen med ein oppstykka tekst. Målet er, som i prosatekstane, å skrive dikt på ein måte som liknar korleis mennesket tenker. Vi tenkjer ikkje i fullstendige setningar, men hoppar frå tanke til tanke, ved hjelp av assosiasjonar og tankesprang, som ofte kan vere vanskelege å følgje. Eit eksempel på dette ser vi i Tarjei Vesaas’ «Innbying», frå 1953. I dette sitatet ser vi bruken av tankesprang: «Vil du gje meg handa ved månens skin, / Lauv du er – / Under open himmel. Over open avgrunn.». I første linje byrjar ei setning, men i neste linje blir ikkje den førre setninga fullført. I staden byrjar ei ny setning. Det gjer at ein må tolke seg til kva diktaren meiner ved å lese mellom linjene i større grad enn i tidlegare epokar.

I dikta ser vi òg tydeleg mange av temaa som er viktige i modernistisk dikting. Modernismen er nemleg ein reaksjon på den aukande urbaniseringa av samfunnet, der mange var redde for korleis byane og industrien vaks. Dette førte med seg ei bølgje av følelsar som einsemd og framandfølelse. Dette kom fordi dei gamle, faste familieforholda no var oppløyste. Før hadde ein ein fast kjerne i familien, som alltid ville vere der, og som alltid hadde ein plass til ein sjølv. No var dette i endring, og mange følte derfor på desse følelsane av utanforskap og forvirring.

Eit eksempel på denne framandfølelsen finn vi i «Innbying». Det blir nemnt «Under open himmel. / Over open avgrunn.». Viss det ikkje finst noko verken over eller under eg-personen, kan det verke som dei er heilt aleine. Heilt aleine i eit samfunn dei ikkje lenger kjenner, og som dei ikkje lenger forstår? Dette er essensen i modernismen og eit av dei viktigaste temaa i epoken. Den opne avgrunnen kan òg tolkast som at dei held på å falle ned, eller falle av samfunnet, som igjen peiker på utanforskap og einsemd.

Unge menneske kan nok lære ein del om seg sjølve og korleis det er å vere menneske ved å lese modernistiske tekstar. Det er ei stor verd ein skal ut i når ein går mot å vere vaksen, og det er nok ikkje uvanleg å kjenne på frykt, einsemd og framandfølelse når ein tar sine første steg ut i verda. Modernistiske tekstar tar opp desse temaa, og viser at det er fleire som føler på slike følelsar og tankar. Berre det å vite at andre føler på dei same følelsane som ein sjølv kan gi ein følelse av tryggleik og at ein ikkje er aleine.

I forhold til tidlegare tekstar frå romantikken og realismen, gir modernistiske tekstar eit mykje djupare innblikk i tankane og veremåtane til mennesket. Det kan vere vanskeleg å samanlikne seg med desse «typane» som Hamsun kalla karakterane frå tidlegare epokar, mens karakterane i modernistiske verk er djupe, samansette og realistiske, som gjer at unge lettare kan få eit større innblikk i korleis det er å vere menneske ved å lese modernistiske tekstar, rett og slett fordi karakterane viser betre korleis det er å faktisk vere menneske.

Vidare kan tekstar som Kvitleik – Forteljing av Jon Fosse vere lettare å lese for unge. Denne novella byrjar midt i handlinga, in medias res, der vi møter ein impulsiv eg-person som køyrer rundt utan mål og meining. Først er det deileg å kunne setje seg inn i ein bil og berre køyre – sleppe tak i verda for ei stund og kople heilt ut. Men så set eg-personen fast bilen langt ute på ein skogsveg. Då kjem realiteten tilbake som eit slag i fjeset. Eg-personen bebreidar seg sjølv for å ha vore så impulsiv og så dum, og forsøker så å gå ut i skogen etter hjelp, som hen finn ut at er eit enda dummare påfunn. Denne etterpåklokskapen og impulsiviteten kan hjelpe unge med korleis det er å vere menneske. Det kan hjelpe med å fortelje at ingen er perfekte, og ein kjem alltid til å gjere dumme val. At eg-personen er ein namnlaus karakter, som vi ikkje får beskriven på noko vis, gjer at det er lettare å identifisere seg med hen. Det same gjer den djupe innsikta vi får i tankane og følelsane hens. Begge desse trekka ser vi igjen i mange modernistiske tekstar.

Fosse brukar bevisstheitsstraum i teksten, noko som gjer den lettlesen og forståeleg. Den er lagt opp slik tankane til ein verkeleg person fungerer, med tankesprang og ufullstendige tankerekker, slik vi ser her: «Og mellom trea var den brune bakken, han såg mest ut som turka mold. Eg kjende meg tom. Og så denne otten. Kva var eg redd for. Kvifor var eg redd. Var eg så redd at eg ikkje orka å gå ut or bilen.». Fleire modernistiske tekstar er skrivne på denne måten, og denne måten å skrive på kan gjere det lettare for unge å følgje med på og få med seg handlinga over lengre tid.

På den andre sida kan det faktum at modernistiske tekstar er utan fast form og «normal» tekstoppbygging gjere tekstane rotete og vanskelege å forstå. Spesielt modernistisk lyrikk kan verke forvirrande og meiningslaus. Når ein må lese mellom linjene og ha trening i å tolke dei for å forstå kva diktaren meiner, kan dikta ha ein negativ effekt. At ein ikkje forstår det som står og ikkje forstår det som alle dei andre forstår, kan verke nedbrytande og negativt. Viss ein ikkje forstår tekstane forstår ein heller ikkje bodskapen som forfattaren eller diktaren har lagt i teksten sin. Ironisk nok betyr dette ikkje nødvendigvis så mykje, sidan følelsane som er viktige i mange modernistiske verk, som einsemd og framandfølelse, er ganske like som dei følelsane ein kan få av å ikkje forstå ein tekst, som utanforskap og dumheit. Likevel er det nok meir negativt om ein ikkje forstår tekstane for unge som forsøker å betre forstå korleis det er å vere menneske.

Den modernistiske tradisjonen representerer ei stor brytningstid i norsk og europeisk litteratur. Aspekt ved litteraturen som aldri før har vore endra, som teiknsetjing og den faste diktforma, vart no sett spørsmålsteikn ved og endra. I tillegg gir gjerne modernistisk litteratur eit betre utgangspunkt for unge til å forstå kva det betyr å vere menneske, sidan den går djupare inn i korleis menneskesinnet fungerer og vanskelege, men viktige, følelsar som einsemd og framandfølelse. For nokon kan nok den modernistiske litteraturen verke vanskeleg og uforståeleg, men alt i alt trur eg at den kan vere eit godt hjelpemiddel for unge lesarar.

Kjelder:

Fosse, Jon: Kvitleik – forteljing, Det Norske Samlaget 2023

Garthus, K.M.K., Nyhus, J.Ø., m.fl.: Intertekst VG3. Bergen: Fagbokforlaget 2022

Hamsun, Knut: «Fra det ubevisste sjeleliv», publisert første gong i tidsskriftet Samtiden i 1890

Vesaas, Tarjei: Løynde eldars land, dikt, Gyldendal 1953