Utdanning

Eksamenstekst: «Ein av dei største syndarane»

Les eksamensteksta Rakel Almenning Oldeide vann Fridthiov Oos’ pris for.

Rakel Almenning Oldeide (20)
Publisert
Oppdatert 12.05.2025 14:05

Eksamenssvaret i norsk hovudmål frå 2024 er publisert med løyve. Teksta er språkvaska av Framtida.no.

Oppgåve: Tolk og samanlikn dei samansette tekstane. Bruk omgrep frå retorikken.

Vedlegg:

– H&M: «Let’s clean up», nettside
– Northern playground: «Utslipp», nettside


Det har aldri vore meir tidsaktuelt å tenke berekraft enn i dagens samfunn. Klimakrisa omfamnar sakte men sikkert oss alle. Og vi veit enda ikkje om det finst nokon utveg.

Heldigvis er det mange som har byrja å ta tak i utsleppsproblema vi står overfor i dag. Vidare skal eg sjå nærmare på to verksemder frå moteindustrien som har teke ansvar for å minske utslepp til eigen produksjon.

Verksemdene eg skal sjå nærmare på er H&M og Northern Playground. «H&M er eit svensk kleskonsern som har butikkar over store delar av verda» (H&M, u.å.). I motsetjing har vi Northern Playground som «er ei norsk klesbedrift som produserer fritidstøy i naturmateriale» (Northern Playground, u.å.). Innlegga eg skal sjå nærmare på er henta frå verksemdene sine eigne nettsider. Desse tek for seg den negative verknaden moteindustrien har på det biologiske mangfaldet og utsleppet i verda. Innlegga består av bilete og tekst som fremmar berekraftig tenking. Korleis kan slike typar innlegg auke bevisstheita rundt berekraft i ei tid prega av overforbruk og overproduksjon?

Fyrst og fremst ser vi på dei påtrengande problema til innlegga. Det påtrengande problemet i dei to innlegga er relativt likt. Vi byrjar med å sjå nærmare på H&M sitt innlegg «Let’s clean up». I innlegget til H&M belyser verksemda den negative påverknaden moteindustrien har på det biologiske mangfaldet og miljøet i verda. Vidare får vi innsikt i korleis verksemda har planar om å handle for å minske utsleppa og påverknaden produksjonen deira har. I innlegget til Northern Playground får vi ei anna tilnærming til problemet. Verksemda synleggjer den store innverknaden både produksjonen av klede og forbruket av klede har på miljøet. Her får vi også innsikt i korleis verksemda planlegg å løyse dette problemet internt. Det påtrengande problemet til begge verksemdene er altså den negative verknaden moteindustrien har på miljøet. I tillegg siktar Northern Playground seg også inn på overforbruket av klede.

Innlegga ynskjer å nå eit publikum som kan løyse dette påtrengande problemet. Dette vil vere alle potensielle kundar som kan bidra til å minske forbruk og velje meir miljøvennlege produkt. På den måten kan verksemdene appellere til eit publikum som i tillegg til å vere meir miljøbevisste i sine val kan vere forbrukarar og kjøpe produkta til verksemdene. H&M er som sagt «eit svensk kleskonsern som har butikkar over store delar av verda» (H&M, u.å) noko som bidreg til å gjere marknaden til H&M relativt stor. Med «cirka 5000 butikkar i 71 land» (Linder, M., 2022) er det mange potensielle kundar. For Northern Playground er derimot marknaden mindre. Dette er ei norsk bedrift (Northern Playground, u.å.) som opererer i Noreg, noko som gjer at den potensielle marknaden er relativt mindre. Likevel er Noreg eit miljøbevisst land, noko som kan bidra til at Northern Playground når dei rette kundane.

Likevel må verksemdene regulere seg til dei rammene som set grenser for korleis dei kan fikse det påtrengande problemet. Desse rammene er med på å skape både moglegheiter og avgrensingar for verksemda (Brunstad et al., 2022, s. 188). Northern Playground må halde seg innanfor dei retningslinjene dei norske myndigheitene set for moteindustrien, miljøinnverknad og reklamering. Samstundes har verksemda ei rekke moglegheiter då verksemda produserer i naturmateriale som potensielt kan møte ei meir og meir miljøbevisst befolkning. På den måten har verksemda ei gyllen moglegheit til å rette seg inn på dei ynskja forbrukarane. H&M vil ha andre rammer då verksemda opererer over store delar av verda. Her vil ulike retningslinjer slå inn frå stad til stad, noko som i visse tilfelle kan skape problem for verksemdas drift. Likevel kan det å rette seg til ein så stor marknad skape moglegheiter for H&M. Verksemda er allereie anerkjent og kan på denne måten vidareformidle bodskapen sin til ei stor mengde forbrukarar og har stor kapasitet til å løyse det påtrengande problemet.

Begge verksemdene spelar på retoriske verkemiddel i innlegga sine. Vi byrjar med å sjå på etos. H&M sin innleiande etos er sterk grunna kjennskapen til verksemda. Verksemda opererer «per 2019 cirka 5000 butikkar i 71 land» (Linder, M., 2022) og er derfor kjent for mange. Sidan grunnlegginga i 1947 har verksemda bygd opp truverd blant forbrukarane. Dette er med på å stryke den innleiande etosappellen til H&M. Gjennom innlegget viser H&M at dei har kunnskap om berekraft gjennom bruk av fakta og samarbeid med prestisjefylte verksemder innan berekraft som «Verdens Naturfond» og «Solidaridad». I tillegg viser verksemda ein velvilje for endring ved å «rydde opp» og «beskytte elver og ferskvann i land som Tyskland og Bangladesh» (H&M, u.å.). Bileta av ei vakker dame i naturlege fargar nær havet er med på å styrke tanken om at H&M ynskjer å bidra til å ta vare på naturen rundt oss. H&M sitt endelege etos er sterkt i innlegget.

Vi ser vidare på etosappellen til Northern Playground. Northern Playground er ei mindre verksemd som held til i Noreg. Verksemda etablerte seg i 2014 og har sidan den gong skapt seg kjennskap i Noreg som produsent av fritidstøy i naturmateriale. For mange nordmenn kan det at verksemda er norsk i seg sjølv vere med på å styrke den innleiande etosappellen. Likevel vil eg tru at den innleiande etos-appellen vil avhenge av kven som er publikum. Til liks med H&M kjem det fram i løpet av innlegget at verksemda har god kunnskap og velvilje når det kjem til berekraft. Ved å støtte seg på fakta og fagkunnskap får vi inntrykk av at verksemda har god kunnskap rundt temaet. Velviljen til verksemda kjem til uttrykk gjennom å ikkje skryte av tala sine eller ynskje å auke salet, men heller oppfordre forbrukarane til å «BUY LESS. PLAY MORE.» (Northern Playground, u.å.). Biletet er også med på å styrke etos ved å nytte seg av den naturlege grønfargen og havet i bakgrunnen. Northern Playground sitt endelege etos er sterkt. Samla sett gir bilete og tekst i innlegga eit inntrykk av at begge verksemdene både har kunnskap og velvilje når det kjem til berekraft.

Logosapellen står sterkt i begge innlegga. Begge verksemdene nyttar seg av faktakunnskap om berekraft og eksempel. H&M viser særleg til Parisavtalen som er «en internasjonal avtale om klimapolitikk» (Jakobsen, I., U., 2024). På denne måten får vi inntrykk av at verksemda er med på noko stort og vil gjere endringar for det betre. I tillegg styrker samarbeid med andre prestisjefylte organisasjonar som «Verdens Naturfond» og «Solidaridad» logosappellen til verksemda. Bruken av ord som derfor er også med på å styrke logosappellen til H&M: «Derfor utforsker vi nye og bedre måter å lage, transportere og pakke produktene våre på» (H&M, u.å.). Eksempel og forklaring av ord er òg med på å styrke logosappellen til verksemda: «Det kreves 7000 liter vann for å skape bare ett par jeans […], så det er viktig at hver eneste dyrebare dråpe blir brukt med omhu. Hvordan vil vi gjøre dette? Ved å kutte ut nødvendig vasking under fargingen, lære opp ansatte og leverandører til å minimere vannforbruket, og oppmuntre bønder til å bruke færre kjemikalier» (H&M, u.å.). Verksemda forklarar ord som «biologisk mangfald». Logosapellen til H&M er sterk.

Logosappellen til Northern Playground bygger seg også på faktakunnskap. Vi møter dette allereie i fyrste biletet der vi får vite kor mykje utslepp produksjonen av ei t-skjorte medfører. Vidare samanliknar verksemda produksjonen sin med annan produksjon for å illustrere dei låge utsleppa deira. Dette kan bidra til å appellere til fornufta til mottakaren. Vidare får vi også ei løysing på korleis ein kan minske utsleppa og ei forklaring på kor desse tala kjem frå. Samarbeid med selskap som «Variable» og «Utenos» bidrar også til å auke truverda til tala då verksemda sjølv ikkje står for desse utrekningane aleine (Northern Playground, u.å.). I og med at innlegget til Northern Playground er ein del kortare enn H&M sitt får dei ikkje inn like mykje faktainformasjon. Likevel verkar logosapellen å vere relativt god.

Det siste retoriske verkemiddelet er patos. Ein spelar på patos for å vekke mottakarane sine kjensler (Brunstad et al., 2022, s. 195). Vi finn patosappellen i både bileta og teksten i innlegga. Vi byrjar med å sjå på biletet til H&M. I biletet er det kvinna i naturlege klede framfor havet som fangar blikket. Det naturlege biletet bidreg til å skape ei god kjensle som gir oss ynskje om å ta vare på naturen vi har. H&M sitt påtrengande problem vert på denne måten styrkt hos mottakaren. Vi finn også patos i teksten. I innlegget brukar verksemda personlege pronomen som vi og du. Dette er med på å skape ein fellesskapskjensle hjå mottakar. Vidare klarar H&M å sette eit nedsettande syn på moteindustrien ved å seie: «Dessverre er ikke moteindustrien så bra for det biologiske mangfoldet» (H&M, u.å.) Etterfølgt av at H&M sjølv tek ansvar: «H&M innstilt på å redusere vår egen negative påvirkning. Så vi rydder opp» (H&M, u.å.). På den måten står verksemda fram som ein slags helt blant skurkane. Dette skaper ei medkjensle hjå verksemda. Gode tiltak som å «beskytte elver og ferskvann i land som Tyrkia og Bangladesh» er også med på å styrke patosappellen. Patosappellen er sterk hjå H&M.

Vi finn også patosappell i biletet til Northern Playground. Ved å nytte seg av grønfarge og biletet av havet får verksemda oss til å tenke på naturen på same måte som i bileta til H&M. Vi får eit ynskje om å ta vare på naturen rundt oss. Vi ser vidare på teksten. Verksemda viser velvilje ved å fremje ynskje om å redusere utsleppa sjølv om dette vil minske salet av varer. Vidare nyttar verksemda seg av ein relativ lett tone og innslag av ordtak som «BUY LESS. PLAY MORE» for å skape ei lystig stemning i innlegget. Til liks med H&M nyttar Northern Playground seg av personlege pronomen som vi og du for å skape ei fellesskapstilknyting til innlegget. Verksemda klarar å gi oss som mottakarar ei kjensle av ansvar ved å poengtere at «det mest effektive tiltaket er å redusere forbruk» (Northern Playground, u.å.). Alt i alt klarar begge verksemdene å appellere godt til kjenslene hjå mottakar.

Til slutt ser vi på aptum til innlegga. Aptum handlar om at teksten er passande eller upassande for situasjonen (Brunstad et al., 2022, s. 197). For H&M er publikum for denne teksten ein stor marknad på tvers av 71 land (Linder, M., 2022). Om aptum er passande eller ikkje vil nok derfor variere ut frå kven som er mottakar. Likevel vil eg påstå at innhaldet i innlegget vert formidla på ein måte som når det rette publikum. Det same vil gjelde for Northern Playground. Sjølv om publikummet er mindre og på den måten enklare å rette seg til, vil aptum variere frå mottakar til mottakar. Personleg meiner eg at innhaldet er formidla på ein effektiv måte for å nå publikum i begge innlegga.

Avslutningsvis ser vi tilbake på spørsmålet i innleiinga, nemleg «Korleis kan slike typar innlegg auke bevisstheita rundt berekraft i ei tid prega av overforbruk og overproduksjon?». Begge verksemdene har som formål å auke bevisstheit rundt berekraftig produksjon og miljøbevisste val gjennom innlegga. Både H&M og Northern Playground klarar å nå ut til ein marknad som kan løyse dette problemet. Ved å auke truverdet sitt gjennom bruken av retoriske verkemiddel får verksemdene formidla bodskapen sin godt til publikummet. Både hos H&M og Northern Playground står Etos og Patos sterkt noko som bidreg til å auke påverknadskrafta til innlegga. Samla sett viser innlegga til verksemdene at slike innlegg kan auke bevisstheita rundt berekraft og miljøbevisste val ved å formidle relevant kunnskap og løysingar som treffer mottakar.

Kjelder:

Brunstad, E. mfl. (2022). Grip teksten. Norsk Vg3 studieforberedende program. Oslo: Aschehoug.

Dahle, G. (2009). Godnatta til alle som angrer. God natt, natt. Cappelen Damn.

Engan, O., Tørdal, R. M., Federl, M. (2018). Heltedikt og gudedikt. NDLA. https://ndla.no/article/16979

H&M. (u.å.). Let’s clean up. Bærekraft. Henta 21. februar 2024 frå https://www2.hm.com/no_no/baerekraft-hos-hm/our-work/clean-up.html

Jakobsen, I., U. (2024) Parisavtalen. Store norske leksikon. Henta 22. mai 2024 frå https://snl.no/Parisavtalen

Linder, M. (2022). Hennes & Mauritz. Store norske leksikon. Henta 22. mai 2024 frå https://snl.no/Hennes_&_Mauritz

Northern Playground. (u.å.). Utslipp. Miljø. Henta 21. februar 2024 frå https://www.northernplayground.no/nb/co2

Ødegård, K. (2014). Edda-dikt, Band I, Voluspå & Håvamål. Poesi, mytologi og middelalderliv. Cappelen Damn