Samordna opptak: Sjukepleie og grunnskulelærar er vinnarar i år
Mange fleire vil bli grunnskulelærar og sjukepleiar, viser tal frå Samordna opptak. Til barnehagelærar har det ikkje vore færre søkjarar på over ti år.

– No er det barnehagelærarane sin tur. Vi må jobbe med å forbetre arbeidskvardagen deira, seier utdanningsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) til NTB.
Ho meiner fallet i talet på søkjarar som har barnehagelærar som førsteval, må sjåast i lys av at mange opplever arbeidskvardagen som krevjande. Det er høgt sjukefråvær, og mange tilsette i barnehagane beskriv at dei har ei høg emosjonell belastning og at dei ofte kjenner dei ikkje strekk til.
– Så dette er forhold som vi må jobbe endå meir med framover. Det er viktig at kommunane er gode arbeidsgivarar og ser dei tilsette og legg til rette for og styrkjer dei, seier Nordtun.
142.000 personar søkte om studieplass i høgare utdanning gjennom Samordna opptak, viser tala som vart sleppte onsdag.
● Les også: «La lærarar få vere lærarar!»
Søkjartala er klare
- Over 35.000 søkjarar har sett ei av utdanningane innan helse- og sosialfag på topp.
- Nesten 14.000 søkjarar har sjukepleie som førsteval. Det er 4000 fleire enn i fjor, tilsvarande 40 prosent.
– Årets tal forsterkar den positive trenden som starta i fjor, etter at regjeringa fjerna karakterkrava i norsk og matte. Vi veit at vi kjem til å trenge mange fleire sjukepleiarar i åra som kjem, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
- Søkjartala til lærarutdanningane viser samla sett ein nedgang i talet på søkjarar på 2,5 prosent.
- Størst nedgang har talet på søkjarar til yrkesfaglærar og barnehagelærar med rundt 16 prosent.
- Nesten 3200 søkjarar har grunnskulelærar som førstevalet sitt, ein auke på nesten 15 prosent.
Kraftig auke
Nordtun merkar seg den kraftige auken på oppunder 15 prosent i talet på søkjarar som har lærarutdanning til barne- og ungdomssteget som førstevalet sitt. Etter fleire år med ein fallande tendens, meiner ho trenden no er i ferd med å snu – takka vere målretta innsats frå regjeringa.
– Det har vore heilt avgjerande for oss å ta grep som styrkjer lærarrolla i kvardagen. Vi har gjort konkrete endringar i lovverket for å styrkje opp om at det er læraren som er sjefen i klasserommet, poengterer statsråden.
Talet på søkjarar som har grunnskulelærarutdanning som førsteval, er nærast halvert sidan 2019.
– Eg trur også at dei grepa vi har sett i gang for å gjere ei god lærarutdanning endå betre, har bidrege positivt. Vi har gode institusjonar som har lyst til og som no skal få høve til å tenkje nytt om lærarutdanninga, seier Aasland til NTB.
Rekordstort tilbod
Søkjarane kan velje mellom eit større studietilbod enn nokon gong. Dei har kunna velje blant nesten 65.000 studieplassar på universitet og høgskular i heile landet.
– Eg er veldig glad for å sjå at vi har mange søkjarar til høgare utdanning, og at vi har rekordmange studieplassar, seier Aasland.
– Noreg treng kompetanse frå høgare utdanning på mange område framover. I tillegg er det svært gledeleg at så mange fleire søkjer på sjukepleiar- og grunnskulelærarutdanningane, seier ho og viser til at regjeringa har teke målretta grep for å auke rekrutteringa til desse.
Ho poengterer overfor NTB at biletet kan endre seg før studiestart til hausten. Den endelege tildelinga av studieplassar skjer først 20. juli.
– Men tala vi har no, gir eit godt bilete av kva trenden i kva unge menneske ønskjer å studere, er, seier ho.