Lektoren gler seg når ho får meldingar frå tidlegare elevar som fortel korleis det har gått, og drøymer om ein skule som er betre tilrettelagd for gutar.

Åshild Slåen
Publisert

– Sjølv om eg syntest sjølve studiet var kjedeleg og lite motiverande, elska eg å vere i praksis.

Det skriv Anne Grønlie i ein e-post til Framtida.no. Ho underviser i historie, geografi og samfunnsfag ved Drammen videregående skole. Det er over 30 år sidan ho søkte på jobben.

– Det er så lenge sidan at eg såg han på baksida av Dagbladet på sommarferie. Eg hadde søkt på det som var av undervisningsstillingar, men det var lite å søke på. Her dukka det opp ei moglegheit då det plutseleg vart oppretta fleire elevplassar, samstundes som lektorar valde å gå av på grunn av innføringa av Reform 94.

Anne Grønlie

Alder: 57

Frå: Asker

Yrke: Lektor med tilleggsutdanning

Utdanning: Hovudfag i statsvitskap, geografi, sosiologi, spesialpedagogikk, historie, IKT og pedagogikk.

 

Reform 94 gav alle elevar som hadde fullført ungdomsskulen rett til å gå på vidaregåande skule.

Lektor Grønlie fortel om ein utruleg variert kvardag der ho gjer alt frå å planlegge, vurdere og gjennomføre undervisning, samarbeide med kollegaer, rettleie lærarstudentar i praksis og vurdere elevar. I tillegg er ho tillitsvald i Lektorlaget.

– Ein gjennomsnittsdag har eg to gongar 90 minutt undervisning. Eg jobbar på ein stor skule, så eg går mykje i løpet av ein dag. Mellom bygg, og frå rom til rom.

Nokre dagar har ho møte om fag, eller om elevar og klasser.

– Vi har mange gode faglege diskusjonar i kollegiet. Elles handlar det mykje om å vere fagleg oppdatert. Ein god del tid går til føring av fråvær, sende varsel, svare på meldingar frå elevar, og dessutan samtaler med elevar. I tillegg er det ein del førespurnader til meg som tillitsvald.

Vart lærar gjennom tilleggsutdanning

Grønlie hadde ikkje eigentleg tenkt å bli lærar, men då ho fekk barn og hadde permisjon fekk ho moglegheit til å ta pedagogisk seminar. Det var ei tilleggsutdanning ein kunne ta på seks månader for å få kompetanse til å arbeide som lærar.

I dag kan du ta praktisk pedagogisk utdanning (PPU), som er 60 studiepoeng, dersom du har fagkompetanse og vil bli lærar.

Grønlie likte veldig godt den praktiske delen av utdanninga.

Anne Grønlie tok tillegsutdanning for å bli lektor og undervise på vidaregåande skule. | Foto: Privat

– Eg var på Nissen vgs. og Fagerborg vgs. med utruleg hyggelege elevar som gav meg positive tilbakemeldingar.

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Det vil eg seie! Eg følte meg fagleg godt i stand til å undervise elevar i vidaregåande skule. Nokre av dei didaktiske grepa eg lærte på pedagogisk seminar fungerte bra, men elles lærte eg mykje av gode lærarar gjennom heile skuleløpet mitt.

Grønlie tipsar om at det er lurt å spørje elevar om kva dei likar, korleis dei lærar best, kva dei beste lærarane deira har gjort og kvifor det fungerte.

Å vere ein del av livet til elevar

– Kva forventningar hadde du til yrket?

– Eg trudde det ville vere mindre jobb og meir ferie … Og eg forventa at det var ein større del av jobben som handla om å formidle fag. Lærarjobben er blitt likare andre yrke med mange møte og ein god del rapportar.

Likevel er det mange gode ting med jobben, og Grønlie veit kva ho likar best.

– Det er å vere ein del av ungdommars liv! Ein lærer så lenge ein har elevar. I dag høyrer dei jo mykje på influensarar. Det er jo litt det eg er, berre at eg er ein påverkar.

Samstundes synest ho at ho er mykje betre med ord enn ein del influensarar.

– For tida er ungdommar meir utrygge enn dei pleidde å vere. Det betyr noko å kunne gi støtte og råd på vegen.

Grønlie meiner det å vere lærar passar for folk som likar menneske, variasjon og som klarer å ha mange i ballar i lufta.

– Og så må ein verkeleg vere oppteken av faga sine!

Store klasser

Likevel er det nokre utfordringar med å vere lærar på vidaregåande. Grønlie saknar betre IKT-system og meir pengar til å ta med elevar på turar. Ho vil også at dei som styrer over skulepolitikken, er nærare situasjonen på bakken.

– Det aller verste er at dei stappar så mange inn i kvar klasse. No er det 30 elevar i kvar klasse og eg har fem sånne stappfulle klasser!

Då synest ho det er vanskeleg å tilby individuell tilrettelegging til elevane som treng det.

– Kva feiloppfatningar har folk om yrket ditt og det du driv med?

– Dei trur at ein jobbar lite, og at jobben berre føregår i klasserommet.

Oscar Eliassen Fink er aktiv i Unge Venstre.

Ein skule for alle

Lærarjobben har gitt Grønlie gode opplevingar gjennom karrieren hennar.

– Det skjer utrulege ting kvar einaste dag. Eg har opplevd veldig mykje spennande med elevar på turar i mange land. Likevel er kanskje det mest utrulege når eg får meldingar frå elevar mange år etter at dei har slutta og fortel at det har gått veldig bra for dei. Og at dei gir meg mykje av æra for det. Fordi eg trudde nettopp på dei.

– Kva draumar har du for framtida?

– Eg drøymer om ein skule som verkeleg har plass for alle. Der godt kvalifiserte lærarar får tid og rom til å hjelpe alle elevane, sånn at dei kan glede seg over å lære noko nytt kvar dag. Eg drøymer om at skulen blir betre tilrettelagt for gutar!