Nynorskbrukarar er ikkje imponerte over DeepSeek
Språkrådet fryktar for personvern og ulovleg innsamling av treningsmateriale, og mållaga meiner Deepseek slit med dei same feila som ChatGPT.
![](https://framtida.no/wp-content/uploads/2024/06/Design-uten-navn-11-160x160.png)
Den nye kunstig intelligens-modellen DeepSeek har vekt interesse blant nordmenn, men nynorskmiljøet let seg ikkje imponera.
Språkrådet peikar på fleire risikoar knytt til slike internasjonale aktørar, og Mållaget meiner modellen slit med dei same feila som ChatGPT, Copilot og Gemini.
Språkrådet: Kritiske til manglande kontroll
Språkrådet har tidlegare gått grundig til verks og testa ChatGPT, der dei mellom anna kom fram til at språkmodellen var langt betre på bokmål enn på nynorsk.
Daniel Gusfre Ims, avdelingsdirektør i Språkrådet, fortel på e-post til framtida.no at dei ikkje har testa DeepSeek endå, men peikar på nokre overordna utfordringar som gjeld for alle KI-verktøy.
Dei trekkjer fram fire hovudproblem:
- Manglande demokratisk kontroll over norsk rettskriving.
- Data blir sende ut av landet, noko som skapar personvernproblem.
- Treningsmaterialet er ukjent og kan ha blitt samla inn ulovleg, noko som reiser opphavsrettslege spørsmål.
- Noreg blir digitalt sårbart dersom viktig infrastruktur blir avhengig av internasjonale aktørar som kan auka prisane, kutta sambandet eller endra spelereglane.
– Vi undersøkte altså ChatGPT i haust, og vi har planar om å gjera tilsvarande undersøkingar med fleire KI-verktøy i år. Men dette vil ta noko tid, seier Gusfre Ims.
![](https://framtida.no/wp-content/uploads/2025/02/Oddamodellen-1.png)
Her er nokre skjermdumpar frå Deepseek, tekne av Svein Olav Langåker, dagleg leiar for Landssamanslutninga av nynorskkommunar, som eig Framtida.no. Framtida.no er redaksjonelt uavhengige.
Norsk Målungdom: – Ingen stor skilnad frå andre modellar
Norsk Målungdom har testa DeepSeek kjapt og førsteinntrykket er at modellen ikkje er betre enn ChatGPT eller andre KI-verktøy på nynorsk.
Leiar Sebastian Vinsent Natvik skriv på e-post til framtida.no at han har merka at modellen av og til blandar inn svenske ord når han blir beden om å skrive på nynorsk, og at han gjer dei same feila som andre KI-modellar.
– Modellane er framleis langt frå gode nok til å verta brukt til noko som helst omsetjing av profesjonelt kaliber, og så lenge modellane berre framsyner ei statistisk attgjeving av kva dei trur nynorsk ser ut som, vil det vera ei god stund før ein kan bruka det ordentleg, utan grundig språkvask.
Natvik trur likevel det på sikt vil gå, men i mellomtida meiner han det er betre om språkmodellane faktisk kan meistra eitt språk, og deretter nyttar regelbasert omsetjing for å gje att omsetjing på godt språk.
Han samanliknar det med modellen til Nynorskroboten/Apertium, der ein har høve til å bestemma språknorma, som er meir vesentleg på bokmål og nynorsk enn det ho er i fleire andre språk.
– Språkmodellane veit rett og slett ikkje kva norm er for noko og vil ikkje alltid vera konsekvente, skriv Natvik.
– På den lyse sida er det jo gøy at språkmodellane kan skrive nynorsk frå dag éin, medan me frå andre tenester kanskje ikkje finn norsk eingong, spanande verd!
Noregs Mållag: – Meir feil på nynorsk enn bokmål
Noregs Mållag har også fått testa DeepSeek litt og erfarer at han finn på litt fleire ord på nynorsk enn på bokmål, som t.d. «gåfulle» og «nysgjerleik».
– Det ser også ut som han slit litt meir med å bøye verb på nynorsk enn på bokmål (gjetar i staden for gjettar, sverja i staden for svor), skriv leiar Peder Lofsnes Hauge til framtida.no på e-post.
Dei har testa å omsetja tekstar frå engelsk til norsk (både bokmål og nynorsk), og seier det er varierande kor gode både Deepseek og ChatGPT er.
– Nokre gonger er Deepseek betre, og andre gonger er ChatGPT betre. Men ut frå det vi har testa, er både ChatGPT og Deepseek betre på bokmål enn på nynorsk (sjølv om omsetjing frå engelsk til norsk ikkje er imponerande på nokon av dei).