Andreas (27) og venane demonstrerer på mannsdagen: – Vi vil vise at menn bryr seg om klima

Venegjengen er lei av dårlege debattar rundt kva som er mannssaker.

Åshild Slåen
Publisert

Denne saka er ein del av prosjektet «Konstruktivt perspektiv», som er støtta av Fritt Ord.

– For meg og mine venar er det heilt tydeleg at klima er ei mannssak, så då ville vi bruke mannsdagen til å ha ein demonstrasjon for det.

Det seier Andreas Randøy (27) når Framtida.no møter han på Torshov. Saman med venane sine står han bak markeringa «Menn krever klimahandling på mannsdagen» 19. november klokka 17 framfor Oslo Rådhus.

Randøy jobbar for Greenpeace, men markeringa er eit privat initiativ.

Menn er mindre engasjert for klima

Folk i Noreg engasjerer seg mindre for klima enn før, og menn kjem dårlegast ut, ifølgje klimabarometeret frå i år.

Kvinner er flinkare til å redusere forbruk, kjeldesortere og andre daglege klimatiltak. Den einaste posten menn gjorde det betre på, er å gjere bustaden meir klimaeffektiv.

Av dei spurde meinte 54 prosent av mennene at dei ikkje hadde sett konsekvensar av klimaendringar i sin kommune.

Det synest Randøy er for dårleg.

Festdiskusjonar og viktige tema

– Vi har aldri arrangert ein sånn demonstrasjon saman, eg trur det er få venegjengar som har gjort det. Det vart gjort litt i affekt ein kveld.

Ideen kom då venegjengen var frustrert over nyheita om at nesten halvparten av unge norske menn ville stemt på Donald Trump over Kamala Harris. Seinare har det vore diskusjonar rundt det faktiske talet, men det er ein tydeleg tendens blant unge gutar og menn. Randøy trur det kjem av typen diskusjonar som dukkar opp i feeden deira.

Randøy er ikkje framand for ein god diskusjon om kulturkrig, woke, incels og tradwives, spesielt på fest. Det tyder ikkje at han synest det er dei viktigaste problemstillingane som eksisterer.

– Eg synest det er veldig rart at det no har blitt sånn at politikarar har byrja å diskutere dei temaa som er gøye å snakke om på fest, og ikkje dei temaa som faktisk er viktige for folk og for menn spesielt.

Menn i utsette yrke

For Randøy er klima ein av dei store tinga som absolutt er viktige for menn, og han meiner det er underkommunisert korleis menn blir påverka av klimaendringar.

– Det kan verke som om menn berre ikkje bryr seg om klima, og det gir inga meining, for menn er overrepresenterte i dei yrka som risikerer livet i møte med klimaendringar, seier han.

Randøy viser til mannsdominerte yrke som brann- og redningsarbeidarar som må handtere tørke og flaum, og bønder som mistar avlingar i møte med ekstremvêr.

Uforståeleg å ikkje engasjere seg

Ein annan mann som brenn for klima, er fotballspelar Morten Thorsby. Han skjønar ikkje kvifor menn er mindre engasjerte i temaet enn kvinner.

– Er menn meir kortsiktige i tankerekkja enn kvinner? Bryr vi oss mindre om framtida til barna våre og tryggleiken til «redet vårt», det vil seie kloden?

Det skriv landslagsspelaren på e-post til Framtida.no.

– Eg skulle veldig gjerne skjønt meir av dette problemkomplekset, fordi det er eigentleg uforståeleg for meg. Kanskje er det noko forskarar kan hjelpe oss å forstå? Uansett må vi gjere noko med det. Difor er det veldig prisverdig det Andreas og venane hans gjer på mannsdagen.

Dårleg debatt rundt menn

Den originale planen var å ha ein klimaparole på ei eventuell mannsdagsmarkering i Oslo. Så fann Randøy og venegjengen ut at ei slik markering ikkje var planlagt, og dei bestemte seg like gjerne for å arrangere det sjølv. Randøy synest det er rart å vere eit av få mannsdagsarrangement i hovudstaden, spesielt samanlikna med kvinnedagen sine debattar, arrangement og parolar.

– Med mannsdagen er det nesten ingenting, og det trur eg har ein samanheng med at den debatten om menn har blitt veldig dårleg. Det blir berre ein kulturdebatt som ikkje er rota i verkelege problem i den verkelege verda. Så det er den debatten som vi vil prøve å få opp.

Ein debatt han gjerne skulle sett løfta høgare opp er kva planen er for dei som jobbar offshore på norsk sokkel i olje- og gassindustrien, der over 89 prosent arbeidstakarane i 2022 var menn.

– Det er openbert ein sektor som er viktig å diskutere i klimasamanheng, som den desidert største kjelda til utslepp som vi har i Noreg.

Han peikar på at dette er yrke det er viktig å ha med seg i planen for ei grønare verd, og at dei treng føreseielege planar for kvar dei kan arbeide.

– Det er ei mannssak, og menn har alt å tene på å få styrt til rettferdig grøn omstilling.

Summen av alt kjipt gir mindre engasjement

AUF-leiar Gaute Børstad Skjervø er ein av dei som skal tale under markeringa, og han meiner vi treng eit paradigmeskifte i norsk klimapolitikk. Skjervø er einig i med Randøy om at oljepolitikken må granskast.

Gaute Skjervø på fuglejakt. Foto: Privat

Han skriv på e-post at norske politikarar ikkje har teke dei naudsynte grepa for å sikre kutt i utslepp og god økonomi.

– I staden har alle norske regjeringar valt å halde fast i oljenæringa trass i at vi veit at etterspurnaden vil forsvinne. Det går direkte utover dei unge gutane som i dag utdannar seg for å bli fagarbeidere i framtida.

Han synest ikkje det er rart unge mistar motivasjonen for klimakamp når politikarar ikkje gjer noko.

– Samstundes pågår det ein krig i Europa som bekymrar mange, særleg unge menn, og vi lever i ei dyrtid der alt har blitt vanskelegare for unge. Eg trur summen av alt som er kjipt og vanskeleg gjer at engasjementet for klima ikkje står like mykje i front som det har gjort tidlegare.

Vil få med gamle menn som sit på makta

Morten Thorsby var med på å grunnleggje organisasjonen We Play Green, som utfordrar leverandørar, klubbar og spelarar innan fotball til å gjere det dei kan for å motverke klimaendringar. Han meiner klima- og naturkrisa er den største utfordringa vi står framfor i moderne tid.

– Det er like viktig at menn og kvinner engasjerer seg, men det er framleis mykje makt samla hjå menn i samfunnet. Det er difor spesielt viktig at dei byrjar å bry seg.

Han skulle sjølv gjerne vore til stades på markeringa i Oslo, men måtte tilbake til klubben Genoa i Italia på mannsdagen. Han heiar likevel frå sidelinja.

We Play Green og eg skal gjere kva vi kan for at framtidas menn, som no er unge fotballspelarar, engasjerer seg meir. Med engasjement hjå dei unge, aukar sannsynet også for at vi får med dei gamle mennene som sit på makta. Desse gamle mennene høyrer sjeldan på nokon, men dei liker å bli likt av barna og barnebarna sine. Får vi med barna og barnebarna deira, augnar eg difor eit håp.

Mange menn bryr seg om klima

Markeringa har fått mange positive tilbakemeldingar frå både kvinner og menn, ifølgje Randøy.

– Og så har vi fått mange negative tilbakemeldingar frå folk som synest det er veldig teit, og mykje negativt som går på person.

Men dei let ikkje det stoppe dei.

– Vi vil prøve å vise fram at mange menn bryr seg om klima. Vi påstår ikkje å vere fleirtalet, tvert imot er det veldig klart for oss at mange menn ikkje er einige.

Likevel trur han det blir ei både morosam og fin markering.

– Så eg håpar det møter opp nokre folk. Det blir i alle fall vi i gjengen, ler han.

Saka vart oppdatert 14:10 med kommentar frå AUF-leiar Gaute Børstad Skjervø.


Psst! Er du ein av dei som vil vere meir oppdatert på klima? I desse dagar føregår FN sitt klimatoppmøte, som i år er i Baku. Les meir om det i desse sakene: