Klima og miljø

Andre reisebrev frå COP: – Ein berg-og-dal-bane

– Den fyrste veka på COP29 har vore ein berg-og-dal-bane for oss. Samstundes som forhandlingane nærast ikkje rører seg, talar ei sterk klimarørsle makta og fossillobbyen midt imot. Vi lar oss ikkje kneble!

Marius Moldsvor (19) og Mikkel Inchley (20)
Natur og Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Hei! Vi er Marius Moldsvor (19) og Mikkel Inchley (20) og har reist på COP29 for å representere Natur og Ungdom her. Marius representerer NUs internasjonale utval, medan Mikkel representerer sentralstyret. Vi skal skrive tre reisebrev til dykk for å fortelje frå klimakonferansen, som i år finn stad i Baku i Aserbajdsjan. Følg med på reisa vår!

FNs dovendyr-byråkrati

Denne fyrste veka her på klimatoppmøtet i Baku har vore både hektisk og særleg treig. Saman har vi fått eit krasjkurs i FN – og har hasta frå aksjonar og forhandlingsrom, til arbeidsgrupper og spanande møte med delegasjonen, journalistar og andre aktivistar.

Samstundes har forhandlingane stått i ein teknisk stillstand.

Det er stor usemje mellom partane på dei store temaa, mellom anna den essensielle klimafinansieringa, som skal bøte på det globale nord sitt historiske ansvar for ekstreme klimaendringar. På arbeidsprogrammet for utsleppsreduksjonar, som Noreg har ansvaret for saman med Sør-Afrika, ser vi no sterke teikn til total kollaps. Dette er eitt av dei spora der ein skulle følgje opp fjorårets siger om å omstille seg bort frå fossil energi.

Eit system neddopa på fossilt

Før helga kom det rapportar som synte at over 1700 fossillobbyistar er på COP i år, og mange av dei personleg invitert av det Aserbajdsjanske oljeregimet på «raud lauper»-behandling. I tillegg er nesten 500 karbonfangst og -lagringslobbyistar til stades. Dette er begge kyniske industriar som aktivt motverkar sjølve målet med konferansen – rettferdig klimahandling. Der fossilfolket ikkje legg skjul på sin oljekåtskap, brukar karbonfangst-folket sine mislukka og dyre løysingsforslag til å grønvaske, og legge til rette for fossildrift langt inn i framtida vår!

Utsikt mot Baku sine kjende «flammetårn», ein referanse til Aserbajdsjans kallenamn «The Land of Fire». | Foto: Privat

Med dette bakteppet er det ikkje rart atmosfæren på konferansesenteret er underleg. Medan vi og andre aktivistar held kraftfulle demonstrasjonar, hastar dresskledde menn forbi tomme i blikket. Korleis skal leiarar og byråkratar som ikkje er emosjonelt påkopla klimakrisa klare å løyse den? Fossillobbyen må blottleggast – og bli kasta på hovudet ut av COP, slik at dette kan bli ein reell arena for ambisiøs global klimapolitikk.

Ei samla klimarørsle

På den andre sida av kontrastfylte COP finn ein tøffe aktivistar som kjempar for sitt livsgrunnlag. Det å møte våre søsken i kampen har vore det finaste. Det å stå saman med aktivistar frå heile verda for å krevje ein energi- og oljeembargo mot Israel, for å seinare høyre på namna til myrda palestinarar, har vore tungt og sterkt. Dobbeltheita i kjenslene er enorme. På eine sida vil ein rope ut i engasjement, medan ein samstundes sørgjer over kva verda har blitt til.

På laurdag var det global aksjonsdag, og på konferansesenteret laga aktivistar ei menneskelenkje med mange ulike plakatar og banner. Mange hadde også laga skilt der det stod «silenced», fordi UNFCC-sekretariatet har laga strenge restriksjonar for aksjonane. Det er ikkje lov å rope, vere meir enn 40-50 personar, og å seie namn på land, personar eller selskapa er forbode. Dette blir påverka av det autoritære regimet i Aserbajdsjan, som på ingen måte har ytringsfridom. Vi aktivistar blir knebla, medan fossillobbyen i stor grad får fullt spelerom.

Kan Noreg bli eit føregangsland?

Tilbake på forhandlingsbordet har vi jamt over vore veldig skuffa over ein fastlåst norsk forhandlingsdelegasjon. På klimafinansieringsfeltet viser Noreg og mange andre rike land minimal vilje til å legge dei sårt trengde pengane på bordet. Noreg blir omtalt som ein blokkar. Dette er heilt uakseptabelt, og er ei barnsleg «eg bidreg ikkje viss ikkje du gjer det»-haldning. Har den norske regjeringa ikkje innsett dei enorme kostnadane som kjem ved å ikkje investere i klimaet no?

Mikkel er klar for tradisjonell aserbajdsjansk frukost! | Foto: Privat

Noregs innsats har også vore nitrist i dei andre forhandlingsspora. I diskusjonane rundt nye nasjonale klimamål som skal rapporterast til FN, har Noreg lagt seg på linje med klimaseinkande land som Kina, Saudi-Arabia og India. Dei nektar å gjere måla meir progressive, og sender sterke signal om at dei ikkje vil bidra nemneverdig. Vi forventar å sjå Noreg mjukne opp strategien sin, sånn at det skal bli mogleg for landa å finne eit godt kompromiss. Som ein søkkrik petrostat må Noreg ta ansvar, og legge grunnlaget for eit godt resultat på denne COP-en!

Ei sterk klimagruppe frå Noreg

Det norske sivilsamfunnet er ein veldig god og kompetent gjeng, som her har ekstra stor påverknad og tilgang på dei norske forhandlarane og politikarane. Dette blei særleg synleg då vi fekk høyre frå ein av dei norske byråkratane at norsk ungdom ikkje var engasjert lenger.

Dette er langt frå sanninga, og her i Baku har den norske klimarørsla spreidd seg strategisk rundt – sånn at vi får størst mogleg innsikt og påverkingskraft på forhandlingane. Vi er særs takksame for mange gode middagar, samtalar og god stemning med denne gjengen.

Denne veka har nasjonale ministrar kome, og i det høve har Forum for Utvikling og Miljøgruppa allereie møtt vår vikarierande klima- og miljøminister Tore O. Sandvik. Vi skal følgje godt opp det vår ferske statsråd gjer!

For å sitere generalsekretær i FN, António Guterres i sin tale til statsleiarane på COP29: «På klimafinansiering, så må verda betale, eller så vil menneskeslekta betale prisen». Dette bodskapet sit klart i oss etter ei lang veke i Aserbajdsjans hovudstad.

FNs generalsekretær António Guterres på COP29. | Foto: UN Climate Change - Kiara Worth, Flickr