Berre mogleg å reise til klimatoppmøtet med fly

For å kome inn i Aserbajdsjan, vertslandet for årets klimatoppmøte, må ein reise med fly. – Synd, meiner norsk ungdomsdelegat.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Visste du at det berre er mogleg å reise inn i Aserbajdsjan med fly? På Utanriksdepartementet sine reiserådssider står dette:

«All innreise til Aserbajdsjan må gjøres med fly. Når du først er i landet, kan du reise ut av landet ved luft- eller sjøvei. Utreise via landevei er ikke tillatt, men man kan søke myndighetene om en særskilt tillatelse. Godkjent cargovirksomhet kan reise inn i landet også via landevei.»

– Synd

Amalie Eikeland Holmefjord (25) reiste laurdag med fly til Aserbajdsjan for å delta på FNs klimatoppmøte (COP29) som ungdomsdelegat.

Ho seier at noko av det første ein blir spurt om når ein fortel at ein skal på COP, er om ein skal fly dit.

– Det er noko av det første ein får i fleisen, at «du forureinar jo berre meir ved å reise dit». Men faktisk i Aserbajdsjan-tilfellet, så må vi fly. Og det er jo litt ironisk at det skal vere i eit land der vi må fly. 

Maria Timmann Mjaaland og Amalie Eikeland Holmefjord under mellomforhandlingane i Bonn i juni. | Foto: Privat

Holmefjord synest det er synd, og skulle ønske moglegheita til å reise alternativt var til stades.

Ved tidlegare klimatoppmøte har til dømes Greta Thunberg segla over Atlanterhavet i staden for å fly, og klimaaktivistar har teke tog og buss i Europa.

– Kjipt

Ungdomsdelegatane frå LNU er med i eit nettverk med europeiske ungdomsdelegatar. Holmefjord kjenner til ungdomsrepresentantar frå europeiske land som har prøvd å finne ut om dei kunne reise med tog og buss til klimatoppmøtet i Aserbajdsjan, men på grunn av restriksjonane, gjekk det ikkje.

– Så det er jo litt kjipt. Det set avgrensingar, for eg veit om folk som skulle ønske dei kunne reist med tog og buss viss dei hadde moglegheita. 

I reisebrevet sitt frå COP29, skriv Marius Moldsvor (19) og Mikkel Inchley (20) frå Natur og Ungdom at dei drøymde om å reise landevegen til Baku.

Koronatiltak

Innreisereglane vart opphaveleg innført i Aserbajdsjan under koronapandemien.

Framtida.no har kontakta Utanriksdepartementet i Noreg for å finne ut kva som er grunnen til at ein berre kan reise inn i landet med fly i dag.

Dei svarar via kommunikasjonseininga at alle land fastset sine eigne innreisebestemmingar, og at det er aserbajdsjansk UD som kan gje oppdatert informasjon om dette.

– Vi hadde drøymt om å reise landevegen, men det har myndigheitene ikkje tillate, så vi måtte ty til ein lang flytur, skriv Marius Moldsvor og Mikkel Inchley i reisebrevet sitt frå COP29. | Foto: Privat

Framtida.no har spurt det aserbajdsjanske utanriksdepartementet og den aserbajdsjanske ambassaden i Stockholm, som har Noreg som dekningsområde, om kvifor det framleis er innreise med fly som er einaste moglegheit, men har ikkje fått svar.