Ungdomsrådet i Moss kjempa gjennom talerett i møte

70 prosent av ungdomsråda svarar at dei har talerett i møte, syner Framtida.no si undersøking.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Denne saka er ein del av prosjektet «Konstruktivt perspektiv», som er støtta av Fritt Ord.

– Som ungdomsråd, så har vi tidlegare hatt færre moglegheiter enn dei aller fleste andre innbyggarane i Moss.

Det fortel Trym Mathisen Guldvog (18) på telefon til Framtida.no. Han er leiar for ungdomsrådet i Moss og leiar for fylkesungdomsrådet i Østfold.

Ungdomsrådet i Moss har den siste tida kjempa for å få talerett i kommunestyremøte. Alle landets kommunar er lovpålagde å ha eit organ for ungdomsmedverknad, men det varierer kva rettar ungdomsråda har etter kommunen.

Tidlegare hadde ungdomsrådet i Moss ikkje høve til å snakke i kommunestyremøta, og kunne heller ikkje delta på «open halvtime» som andre innbyggjarar utan at det ville ha blitt ei rolleblanding.

Framtida.no har gjennomført ei undersøking blant landets ungdomsråd. Der svarar 75 prosent at dei har møterett og 70 prosent at dei har talerett i bystyre, kommunestyre eller fylkesting. Det er basert på 190 svar.

– Når ein snakkar om møte- og talerett, så er det viktigaste verktøyet at vi kan konfrontere politikarane eller argumentere på den måten vi ønsker, og krevje eit svar frå dei, seier Guldvog, men understrekar at den viktigaste jobben skjer i forkant av kommunestyremøta.

Gjennomslag

Kampen for talerett har ført fram i Moss. I alle fall delvis.

– Vi får nokre minutt i starten av saker som vi har etterspurt å få talerett i, men vi får ikkje delta i debatten etter det. Så vi får mykje taletid, og det er veldig bra, men så får vi ikkje moglegheita til å svare politikarane.

Å kunne delta i debatten har vore eit tydeleg ønske frå ungdomsrådet.

Moss Avis skreiv om gjennomslaget først.

– Vi meiner det er dei 49 representantane som blei valde inn i kommunestyret som skal delta i debatten. Det er ein spanande tanke å debattere med ungdommen, og eg trur det ville skapt eit kjempeengasjement. Men det bør vere eit klart og tydeleg skilje mellom kven som er medlemmar og ikkje i eit kommunestyre. Vi som medlemmar av kommunestyret er kjent med kva medverknadsråda har spelt inn i dei sakene dei har medverka i, seier Jorunn Karlsen Wiborg (H), som fremja forslaget som blei vedtatt, til avisa.

Ungdomsrådet får uttale seg i saker som angår unge, og Guldvog fortel at det er konsensus om at alle saker kan falle under denne kategorien.

– For anten gjeld det oss no, eller så gjeld det oss i framtida, seier 18-åringen.

Trym Mathisen Guldvog, her fotografert for ØstsamUng, Østlandssamarbeidets ungdomsnettverk | Foto: Kristoffer Randall

Føler seg høyrde

– I Oslo har ikkje vi i ungdomsrådet eller nokon av dei andre råda tale- og stemmerett i bystyresalen, fortel Orkidee Farzehsaeid (17). Ho er leiar for Sentralt ungdomsråd (SUR), som samlar dei ulike ungdomsråda til bydelane i Oslo.

Trass i at Sentralt ungdomsråd i Oslo ikkje har talerett i bystyresalen, opplever leiaren at dei blir høyrde i sakene sine.

– Eg trur nok vi kan takke Ungdommens bystyremøte for det, med tanke på at vi har moglegheit til å presentere sakene. Då får politikarane faktisk sett dei, og dei er lovpålagde å behandle dei.

Kvart år stemmer Ungdommens bystyremøte i Oslo fram fem saker som dei skal spele inn til politikarane.

På ein skala frå 1 til 5, der 1 er minst og 5 mest, svarar 15 prosent av dei spurde i undersøkinga til Framtida.no 5 på at dei har reell medverknad på politikken som blir vedteken. 43 prosent svarar 4.

Politisk spel

17-åringen frå Oslo har merka at det er lettare å få gjennomslag for saker dei veit dei som styrer er samde i, og at det difor kan løne seg å legge innsatsen der dei ser det er moglegheit for å gjere ein forskjell.

– Vi skal så klart presentere alle sakene, men i fjor til dømes hadde vi ei sak om gratis skulemat. Det visste vi at byrådet ikkje kom til å vedta, med tanke på at det var ei gratis skulematordning med Arbeidarpartiet, og Høgre kom og fjerna ho. Då var det kanskje litt dumt av oss å bruke mykje energi på den saka, når vi visste at ho ikkje kom til å få gjennomslag, så då flytta vi energien til ei sak der vi trudde vi kunne få gjennomslag. Og det funka faktisk!

Karakterdemping

I fjor, då Farzehsaeid var med i arbeidsutvalet til Sentralt ungdomsråd, fekk dei gjennomslag for ei sak dei la fram om karakterdemping. Elevar var misnøgde med at dei ikkje fekk nok tilbakemeldingar skriftleg og munnleg.

No har dei fått gjennomslag for ei prøveordning med anonym skriftleg vurdering for alle elevar i Oslo.

Ønsker dialog

Også Trym Mathisen Guldvog i Moss opplever at ungdomsrådet har reell medverknad.

– Dei aller fleste politikarar ønsker å ha ein dialog med oss for å få ting til. Så er det iblant at dei er ueinige, og då er det dei som sit på avgjerdsmakta. Men eg opplever at det er eit ønske om å få oss inn.

På spørsmål om kvifor han engasjerer seg i ungdomsrådet, svarar Guldvog at det er fordi han opplever at det fungerer.

– I Moss har vi fått til at det blir laga ein ny ungdomsklubb på Høyda. Vi har vore med i budsjettprosessar og vore tydelege på at vi ønsker at det blir bevart tilbod til barn og unge. Det høyrde politikarane på, og det blei resultatet i budsjettprosessen som var no, sjølv med trong kommuneøkonomi, at ein prioriterer unge. Så eg opplever at det har effekt, rett og slett.

Saka han har vore tydelegast ueinig med politikarane i, har vore om dei skal få lov til å delta i debatten på kommunestyremøta.

Nasjonale retningslinjer?

Når Framtida.no snakkar med leiaren for ungdomsrådet i Moss, har han enda ikkje fått nytta den nyvunne taleretten. Han vonar å få gjere det på neste kommunestyremøte.

Han håpar at det om nokre år kan bli utvida til full talerett, når politikarane har fått sett at dei er eit konstruktivt bidrag i møta.

– Tenker du at det hadde vore behov for nasjonale retningslinjer for talerett?

– Ja, det har eg tenkt litt på. Eg trur nok det, så lenge ein ikkje låser forma på det, men har eit minimumskrav.

18-åringen understrekar at det handlar om at politikarar skal få eit bevisst forhold til ungdomsrådet.

– Eg tenker at det er mange som blir avgrensa av at ein ikkje har den moglegheita. Så kan ein likevel ikkje bruke talerett som ei kvilepute, for det er prosessen som kjem før kommunestyret som er klart viktigast for at ein får gjennomslag.