Frå lov mot konverteringsterapi til Ukraina-støtte, dette er nokre av dei viktigaste sakene frå veka som gjekk.
Frå lov mot konverteringsterapi til Ukraina-støtte, dette er nokre av dei viktigaste sakene frå veka som gjekk.
Åshild Slåen
Publisert
Denne veka vart FN sitt klimatoppmøte i Dubai, COP28, avslutta. Der vart landa samde om ei omstilling vekk frå olje og gass. Fleire land ynskte ei formulering om utfasing av kol, olje og gass, men det var ikkje med i det endelege sluttdokumentet.
Fleire klimaorganisasjonar meiner språket ikkje er sterkt nok, og at det ikkje kjem til å vere nok for å nå klimamåla.
– Dette legg til rette for slutten for fossilt, men vedtaket er langt frå den historiske kursendringa verda sårt treng for å avgrense oppvarminga til 1,5 gradar, sa Spire-leiar Elise Åsnes.
Naturvernforbundet og Natur og Ungdom skulle også gjerne hatt sterkare språk i avtala. Trass i dette er det første gong ein COP-avtale inneheld formuleringar som omtalar slutt på fossilt brensel, som gjer det historisk.
Tysdag stemte FN si generalforsamling for umiddelbar humanitær våpenkvile i Gaza og lauslating av alle gissel. Det skjedde etter USA la ned veto mot eit liknande forslag i Tryggingsrådet.
Førre gong generalforsamlinga stemte fram ein slik resolusjon, 27. oktober, stemte 121 land for våpenkvile. Denne gongen stemte 158 land for, 10 mot, og 23 avstod frå å stemme. Noreg har stemt for våpenkvile begge gongane.
Ein resolusjon frå generalforsamlinga er ikkje juridisk bindande for medlemsland på same måte som eit vedtak frå Tryggingsrådet, men det sender eit sterkt signal om standpunktet til resten av verda.
Den ukrainske presidenten, Volodymyr Zelenskyj, har vore på besøk til fleire land den siste veka for å sikre støtte til Ukraina i krigen mot Russland. Onsdag dukka han overraskande opp i Noreg, der fleire nordiske statsleiarar møttest. Før det hadde presidenten vore i USA, Argentina og Kapp Verde.
USA-besøket var spesielt viktig, sidan dei har vore den største økonomiske og militære støttespelaren til Ukraina. Den støtta har no blitt mindre einstemmig. Kongressen er ikkje samde i å gi Ukraina ei ny hjelpepakke på 110 milliardar dollar, slik president Joe Biden ynskjer. Avstemminga om hjelpepakka kan bli utsett til 2024. På besøket lova Biden likevel ei pakke på 200 millionar dollar som ei «julegåve» dersom kongressen ikkje går med på milliardstøtta.
Også i Europa er færre land samstemt om støtte til Ukraina. Nato-landet Slovakia varsla torsdag at dei stoppar vidare våpenstøtte til Ukraina, sjølv om dei held fram med humanitær støtte. I Nederland gjekk det høgrepopulistiske Fridomspartiet fram i det nylege valet, og dei har som ein del av partiprogrammet å kutte militær støtte til Ukraina. Natt til fredag kom det også fram at Ungarn blokkerer EU si pakke på rundt 50 milliardar euro til Ukraina.
Å sikre støtte frå samarbeidsland er difor svært viktig for Ukraina, som vil gå tom for pengar innan februar utan hjelp frå andre land.
Eit fleirtal av medlemmene i abortutvalet går inn for å utvide grensa for sjølvbestemd abort. Av dei 13 medlemmene, tilrår 10 å utvide frå veke 12 til utgangen av veke 18.
Det kjem fram i rapporten som utvalet leverte til helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol torsdag 14. desember. I dag kan du ta sjølvbestemd abort fram til veke 12, etter det må du søke ei nemnd for godkjenning. Over 99 prosent av desse søknadane blir godkjente.
I tillegg vil eit fleirtal at fosterreduksjon, tidlegare kalla tvillingabort, framleis blir behandla i nemnd. Dette er derimot eit knapt fleirtal, med 7 for og 6 mot.
Rapporten blir no sendt ut på høyring, med frist 22. mars 2024. Etter det skal regjeringa leggje fram eit forslag til ei ny lov som Stortinget skal stemme over.
Minst 176 personar har døydd av svolt i Tigray-regionen i Etiopia på grunn av tørke den siste tida. Førre veke erklærte styresmaktene unntakstilstand på grunn av fleire hundre dødsfall av same grunn.
Aust-Afrika, spesielt Etiopia, Somalia og Kenya har vore hardt ramma av tørke sidan 2020. I Tigray, nord i Etiopia er situasjonen spesielt ille på grunn av borgarkrigen som føregjekk frå 2020 til 2022, der svært lite hjelp fekk kome inn i regionen.
I tillegg har det vore svermar av grashopper i området som har øydelagt mykje av avlingane som har vore dyrka.
Ifølgje dei mellombelse styresmaktene i Tigray står to millionar menneske i fare for å døy av svolt, og 5,2 millionar har behov for naudhjelp.
Tysdag vedtok Stortinget ei ny lov mot konverteringsterapi, ofte kalla homoterapi.
Det vart dermed forbode å «bruke systematiske framgangsmåtar for å påverke nokon andre si seksuelle orientering eller kjønnsidentitet». Forslaget fekk brei støtte frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre.
– Dette er ein kjempestor siger som har blitt jobba for ekstremt lenge av veldig mange menneske, sa sentralstyremedlem i AUF, Fredrik Sørlie, til Framtida.
Også Jane-Victorius Bonsaksen, leiar i Skeiv Ungdom var veldig glad for at det nye forbodet er på plass.
– Ingen skal bli utsette for tortur på bakgrunn av kjønnsidentitet eller sunn, sikker og samtykkande seksualitet, skreiv dei i ein e-post til Framtida.
Eit lovforslag mot konverteringsterapi vart lagt fram allereie i 2021, men det inkluderte berre personar under 18 år, og vart ikkje vedteke. Den nye lova gjeld alle.