Tre personar er døde etter påvist smitte av hantavirus om bord i eit cruiseskip. Skipet Hondius reiste frå Argentina i starten av april. Etter dødsfalla var skipet ankra utanfor Kapp Verde.
Hantavirus er eit virus som finst hos gnagarar som rotter og mus. Det smittar sjeldan mellom menneske, men varianten som er oppdaga på skipet, Andes-varianten, kan gjere det.
Direktør Tedros Adhanom Ghebreyesus i WHO uttalar på X at smittefaren på verdsbasis er låg. WHO understrekar at situasjonen ikkje er den same som ved starten av koronapandemien.
Dei som har forlate skipet og er mistenkt smitta med hantaviruset, skal anten vere til behandling eller vere isolerte i ulike land. Skipet er venta å kome til Kanariøyene i helga, der resten av passasjerane vil bli evakuerte.
Her ligg det nederlandske skipet MV Hondius ankra utanfor Kapp Verde. | Foto: AP Photo/Arilson Almeida
Kinesisk borgar pågripen i spionasjesak
Politiets tryggingsteneste (PST) har pågripe ein kinesisk statsborgar for medverknad til forsøk på grov etterretningsverksemd. Det opplyser politiadvokat Thomas Blom til VG.
PST mistenker forsøk på å hente data frå satellittar, skriv avisa. Dei mistenker at eit norskregistrert selskap skal ha fungert som dekke for kinesisk etterretning, skriv NRK.
Politiadvokaten fortel at dei har ransaka ei adresse på Otta i Innlandet og ei adresse på Andøya i Nordland.
Den pågripne er ei kvinne. Blom opplyser at det er fleire sikta i saka, men det er førebels ikkje fleire som er pågripne.
Ein talsperson i kinesisk UD avviser overfor NRK skuldingane som grunnlause og vondsinna.
Rakettoppskytinga frå Andøya Spaceport i Nordland i mars 2025. Noreg satsar på romverksemd og arbeider for å styrke rolla si som romnasjon. | Foto: Isar Aerospace/NASA Spaceflight–B. Kenniston
Tek-gigantar barkar saman
Tek-gigantane Elon Musk (Tesla, X) og Sam Altman (OpenAI, Chat GPT) møttest i retten denne veka, i ei rettssak som varar i om lag ein månad, skriv CNBC.
Elon Musk og Sam Altman starta KI-selskapet OpenAI saman i 2015, men Musk trekte seg ut få år seinare etter ein konflikt.
No hevdar Musk at målet var at selskapet skulle vere «non-profit», altså at ein ikkje skulle tene pengar på bedrifta, og at OpenAI har lurt han for millionar av dollar.
Om Musk får det som han vil, får han erstatning, og Sam Altman må gå av som direktør i OpenAI. Musk ønskjer at kunstig intelligens skal vere for alle, og er redd for kva KI kan gjere.
Musk har sjølv si eiga KI-teneste, Grok, som er ein konkurrent til ChatGPT. Den har mellom anna fått kritikk for å gjere det enkelt å lage pornografisk materiale av andre.
Elon Musk fotografert inne i rettsbygninga i Oakland i California. | Foto: AP Photo/Godofredo A. Vásquez
Frp-rådgjevar omtalte pakistanarar som «minusvariantar»
Frp-rådgjevar Hårek Hansen omtalte pakistanarar som «minusvariantar» og sa at dei helst ikkje bør få barn i Noreg, avslører eit skjult opptak gjort av TV 2.
«Minusvariant» er eit omgrep som kan knytast til raseteori, altså ein idé om at nokre menneske er meir verd enn andre.
Leiar for Frp, Sylvi Listhaug, ville først ikkje kommentere saka, og viste til at det var ei personalsak, noko ho har fått kritikk for. Seinare har ho tatt sterk avstand frå ytringane, og sagt at rasistiske ytringar ikkje har ein plass i Frp.
Hansen var rådgjevar for Simen Velle, som fortel at han i etterkant av hendinga har fått drapstruslar.
Frp-leiar Sylvi Listhaug held opningstale for Framstegspartiets landsmøte 2026. | Foto: Terje Bendiksby / NTB
Noregs Bank hevar styringsrenta
For første gong sidan desember 2023 hevar Noregs Bank styringsrenta. Ho er no på 4,25 prosent, etter å ha blitt sett opp med 0,25 prosentpoeng. Det betyr at det kan bli dyrare å ha lån.
– Komiteen meinte det var riktig å setje renta opp no. Prisveksten er for høg og har lege over målet i fleire år, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache, ifølgje NRK.
Ho trekker fram økonomisk uvisse på grunn av krigen i Midtausten og høgare oljepris, men òg at løningane har auka mykje dei siste åra.
I fjor vart renta sett ned to gongar, til 4 prosent.
Sentralbanksjef Ida Wolden Bache på pressekonferanse om rentehevinga. | Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Lyspunkt: Første malariamedisin for spedbarn er godkjent
Verdas helseorganisasjon (WHO) har godkjent den første malariamedisinen nokosinne som kan brukast av spedbarn, ifølgje The Guardian. Fram til no har det ikkje vore nokon måte å behandle dei minste barna som blir smitta med sjukdommen.
Ifølgje WHO døydde 610 000 personar av malaria i 2024, og rundt tre firedelar var under fem år og frå Afrika.
Medisinen heiter Coartem Baby og er utvikla av selskapet Novartis og prosjektet Medisin for Malaria (MMV).
Han har allereie blitt brukt i fleire månader i Ghana, men godkjenninga gjer det mogleg for fleire offentlege og statlege aktørar å kjøpe inn medisinen.
Ein malariamygg. | Foto: Jim Gathany, Public domain, via Wikimedia Commons
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.