Ungdomspartia usamde om abortutviding – KrFU lovar å kjempe imot

KrFU kallar forslaget radikalt og dramatisk, medan Sosialistisk Ungdom ikkje synest forslaget går langt nok.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Vi er veldig glade for at vi har fått ei utgreiing til ny abortlov. Det trengst! Lova som er i dag, er ikkje i tråd med kvinners menneskerettar og WHO sine anbefalingar for abortlovgjeving.

Det seier Synnøve Kronen Snyen, leiar i Sosialistisk Ungdom (SU), på telefon til Framtida.no etter at abortutvalet torsdag la fram tilrådingane sine om abort i Noreg.

Snyen meiner det er på tide med ei endring i dagens abortlov. Det er rundt 50 år sidan abortlova vart endra.

Nye nemnder

Tilrådinga frå fleirtalet i abortutvalet er å utvide grensa for sjølvbestemt abort frå veke 12 til ut veke 18.

Etter det vil ein måtte møte i nemnd. Abortutvalet meiner likevel at nemndene bør organiserast og fungere annleis enn i dag.

Dei vil avvikle dagens nemnder, og erstatte dei med 5-10 nye nemnder som skal handsame søknadar om abort.

Dette skal i hovudsak skje skriftleg, men kvinner skal få rett til å møte dersom dei ønsker det. Helsetenesta skal stå for informasjon og rettleiing. Nemnda skal bestå av ein lege, ein jurist og ein person med helsefagleg kompetanse.

Snyen i Sosialistisk Ungdom meiner det er bra at abortutvalet har sett på korleis nemndene fungerer, men meiner dei bør bli fjerna heilt.

– Vi meiner kvinner sjølv skal få bestemme over eigen kropp. Kvinner er moralske vesen som kan ta avgjerder sjølv. Nemndene er ein rest frå fortida og heilt unødvendige.

SU: – Formalitet

Ho peikar på at nemndene i dag i stor grad fungerer som ein formalitet. Ifølgje abortutvalet blir over 99 prosent av søknadane i nemnd godkjende.

På pressekonferansen opplyste leiar for abortutvalet Kari Sønderland at dei fleste abortar i Noreg skjer før veke 10, og heile 95 prosent før veke 12. Seinabortane utgjer altså 5 prosent av abortane i Noreg.

Sosialistisk Ungdom-leiaren trekker fram at dei fleste av sakene som hamnar i nemnd, kjem fordi det blir oppdaga sjukdom eller skade på rutineultralyden i veke 18.

– Det er helsevesenet som har oppdaga at fosteret kanskje ikkje er levedyktig eller andre alvorlege ting. Då er det ekstra spesielt at det er akkurat desse kvinnene som skal møte i nemnd, seier Snyen.

Ho legg til at nemndene er ei tilleggsbelastning for kvinner, og at det kan føre til seinare abortar.

KrFU: – Dramatisk og trist

– Eg synest det er urovekkjande og trist at utvalet peikar på veke 18 og at dei vel å flytte grensa. Det er ei dramatisk og radikal endring av lova, seier leiar for Kristeleg Folkepartis Ungdom Hadle Rasmus Bjuland på telefon til Framtida.no.

Abortgrensa har vore ei viktig sak for KrFU. I 2022 gjekk dei inn for å behalde dagens lovgjeving med sjølvbestemmingsrett til veke 12. Det var ulike meiningar internt i partiet, men leiaren meinte då at det var viktigare å kjempe mot framtidige utvidingar av lova enn å stramme inn.

No spør Bjuland seg kva grense ein vil stoppe på, og kva som er spesielt med veke 18.

– Dette opnar for ei stadig liberalisering, og det er berre eit tidsspørsmål før vi får nye forslag om veke 22. 18 veker er berre tre veker før eit foster er levedyktig. Det er radikalt og dramatisk!

Vil jobbe mot forslaget

– Det er 50 år sidan abortlova vart endra. Synest du det er behov for ei modernisering?

– Eg trur ingen har problem med å diskutere korleis vi kan forbetre abortlova. Men spørsmålet her handlar om å utvide grensa til veke 18. Det er eit linejskifte og ei dramatisk endring i norsk abortpolitikk. Eg håper det aldri blir realisert.

Han trur likevel det er sannsynleg at regjeringa vil ende med å leggje fram eit slikt forslag.

– Vi er klokkeklare. Vi vil hindre og stoppe utvidinga. Eg skal jobbe det eg kan for det. 

KrFU-leiaren har ikkje noko problem med at ein evaluerer korleis nemndene fungerer i dag, men er oppteken av at dei ikkje må miste funksjonen sin.

– Dei skal støtte kvinner i ein vanskeleg situasjon, men også sørge for å vareta fosterets rettsvern. Det er eit etisk dilemma. Eg meiner det må vere ei abortnemnd i ein eller annan funksjon.

Fosterreduksjon

Tidlegare var det å fjerne eitt eller fleire foster ved fleirlingsvangerskap, kjent som tvillingabort, omfatta av vanlege abortreglar. I 2019 vart dette stramma inn då KrF gjekk inn i regjering. Då blei det innført at ein måtte møte i nemnd.

Abortutvalet tilrår å halde på at fosterreduksjon skal bli behandla i nemnd. Men her var utvalet ikkje samde. Sju personar var for nemnd, medan seks var i mot.

– Vi meiner det er unødvendig med nemnd for fosterreduksjon. Dei fleste som ønskjer det, ber på fleire enn to foster, som utgjer ein helserisiko, seier Synnøve Kronen Snyen i SU.

AUF er for å avskaffe nemndene og innføre sjølvbestemming fram til veke 18, også for fosterreduksjon.

– Kvinner skal få oppfølging og råd rundt det viss dei vil, men valet skal vere deira, seier leiar Astrid Hoem.

AUF: – Veldig spanande

Hoem meiner det er på høg tid at abortlova blir modernisert. Ho trekker fram at dagens lov til dømes omtalar abort som eit inngrep, noko det ofte ikkje er i dag. Dei fleste abortar blir utført heime.

– Eg synest det dei har lagt fram er veldig spanande. Det er i tråd med AUF sitt standpunkt om å utvide sjølvbestemt abort til veke 18, seier ho på telefon til Framtida.no.

AUF-leiaren er òg positiv til at utvalet vil gi alle rett til oppfølgingssamtale etter abort.

Ho poengterer at å møte i nemnd kan vere ein krevjande situasjon for mange, og at å sleppe det vil kunne fjerne ei ekstra belastning. Å utvide retten til sjølvbestemt abort til veke 18, meiner ho vil vere ei stor endring.

– Utvalet vil framleis ha ei form for nemnd etter veke 18. Korleis stiller de dykk til det? 

– Vi er for full sjølvbestemming utan nemnd til veke 18. Det har vore viktig for AUF lenge. Vi har ikkje vedtak på kva som skal gjelde etter veke 18 og vil vere opne for å sjå på kva utvalet seier om dette og kva som kan vere den beste løysinga. Det viktigaste for oss er at kvinner føler seg varetekne på ein rettferdig måte uansett.

Håpar på diskusjon

No håpar ho mange parti vil stille seg bak fleirtalet i abortutvalet si tilråding om å utvide retten til sjølvbestemt abort.

– Eg håpar at kvart parti tør å ta ein grundig diskusjon på det, for det er eit stort og viktig spørsmål. Kanskje ein tør å tenke litt utanfor det ein normalt har tenkt. Eg veit at det er litt ulike meiningar i partia.

– Er det ulike meiningar i Ap?

– Arbeidarpartiet er heilt samla her.