Abortutvalet: Fleirtal vil utvide grensa for sjølvbestemd abort til veke 18

Eit fleirtal av medlemmene i abortutvalet, 10 av 13 medlemmer, går inn for å utvide grensa for sjølvbestemd abort frå veke 12 til utgangen av veke 18.

NPK-NTB-André Lorentsen/Marius Helge Larsen
Publisert

Samtidig er utvalet nesten delt på midten i spørsmålet om fostertalreduksjon, tidlegare kalla tvillingabort. Men eit fleirtal på sju medlemmer ønskjer at alle søknader om fostertalreduksjon blir behandla i abortnemnd.

Fostertalreduksjon er eit inngrep der svangerskapet blir avslutta for eitt eller fleire foster, medan attverande foster utviklar seg vidare.

Utvalet som har gått gjennom abortlova og vurdert endringane, leverte torsdag konklusjonane sine til helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

– Takk til utvalet for eit solid stykke arbeid, og for ein historisk rapport som vi ønskjer at skal ha mykje å seie for kvinner i Noreg, sa Kjerkol då ho fekk rapporten.

– No må vi som samfunn ta diskusjonen om korleis abortlovgivinga skal vere i vår tid, seier ho.

KrF: Radikal svekking

Partileiar Olaug Bollestad i Kristeleg Folkeparti meiner det er urovekkjande at abortutvalet foreslår fri abort fram til 18. svangerskapsveke.

– Ei utviding av grensa for fri abort er ei radikal svekking av rettsvernet for ufødd liv. Det set menneskeverdet under større press.

– KrF vil ikkje støtte ei slik utviding, og vi håpar alle som er samde med oss i at rettsvernet til fosteret ikkje skal svekkjast, blir med i arbeidet for å behalde dagens grense, sa KRF-leiaren.

Foto: KRF

Ei abortlov for vår tid

Abortutvalet vart utnemnt av regjeringa 17. juni 2022. Mandatet var å sjå på føresegnene til abortlova, oppfølginga av kvinner som tek abort og vurdere alternativ til dagens abortnemnder.

Abortutvalet har vore leidd av jurist og tidlegare ekspedisjonssjef i Helse- og omsorgsdepartementet, Kari Sønderland, som innleidde pressekonferansen om rapporten frå utvalet.

– Vi treng ei ny abortlov, ei abortlov for vår tid. Samfunnet har endra seg mykje sidan 1970-talet. Mange av samfunnsendringane har relevans for abortspørsmålet, sa Sønderland.

– Nokre av omsyna som låg til grunn for abortlova, er ikkje lenger legitime, sa ho.

Dagens abortlov vart vedteken i 1975, og sjølvbestemd abort fram til 12. svangerskapsveke vart innført i 1978.

99 prosent godkjent

I dag kan kvinner sjølv avgjere om dei vil ta abort fram til veke 12 i svangerskapet. Etter dette må dei søkje ei nemnd for å få det godkjent. Over 99 prosent av søknadene blir godkjende. To av tre abortar er grunngitte i medisinske forhold og 95 prosent er sjølvbestemde.

Årleg blir det gjennomført rundt 12.000 svangerskapsavbrot i Noreg. 84 prosent blir gjennomførte før niande svangerskapsveke (84,1 prosent).

Arbeidet til utvalet dannar grunnlaget for den vidare behandlinga av abortlova i Stortinget. Her er det store sprik mellom partia.

Fem av stortingspartia – Ap, SV, Raudt, Venstre og MDG – vil utvide grensa for sjølvbestemd abort. Raudt og SV vil setje grensa på 22 veker, medan dei andre partia vil gå til veke 18.

Høgre, Frp, Senterpartiet og KrF vil behalde dagens grense på 12 veker.

Utgreiinga skal no ut på høyring med frist 22. mars 2024.