No er konverteringsterapi forbode: – Ein av dei viktigaste inkluderingssigrane i norsk historie

Regjeringa har vedteke eit totalforbod mot konverteringsterapi.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Torsdag gjorde Stortinget eit vedtak som forbyr konverteringsterapi i Noreg.

Det vert dermed forbode å bruke systematiske framgangsmåtar for å påverke nokon andre si seksuelle orientering eller kjønnsidentitet. Forslaget fekk brei støtte frå Ap, Høgre, Senterpartiet, SV, Raudt og Venstre.

 – Dette er ein kjempestor siger som har blitt jobba for ekstremt lenge av veldig mange menneske, seier Fredrik Sørlie.

Han er sentralstyremedlem i AUF, og leiar av ressursgruppa for feminisme, antirasisme og inkludering i ungdomspartiet.

Sørlie seier at mangel på eit forbod mot konverteringsterapi har trekt ned Noreg sitt rykte som likestillings- og inkluderingsland.

Også Jane-Victorius Bonsaksen, leiar i Skeiv Ungdom er veldig glad for at det nye forbodet er på plass:

– Ingen skal verte utsette for tortur på bakgrunn av kjønnsidentitet eller sunn, sikker og samtykkande seksualitet, skriv dei i ein e-post til Framtida.

– Kva har dette forbodet å seie for unge skeive i Noreg?

– No vil vi gå bort frå ein skadeleg praksis. No vert det vist at konverteringsterapi ikkje er greitt, og personar som har utført forsøk på konvertering av andre, får sanksjonar. Vi tenker òg at dette vil føre med seg ei haldningsendring i kva som er greitt å seie til skeive og kva som ikkje er greitt – noko som vil føre med seg betre levekår og ein meir likestilt kvardag for alle, skriv Bonsaksen.

Brei støtte

Det er ikkje første gong konverteringsterapi har vore tema på Stortinget. I 2021 la Høgre fram eit forslag som var avgrensa til personar under 18 år – som fekk kritikk for å ikkje vere sterkt nok.

I juni i år la dåverande kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) fram eit nytt lovforslag. Dette forslaget har no vorte arbeidd med, og altså fått brei støtte i det politiske landskapet.

Utfordringane i arbeidet har mellom anna vore å lage ei lov som er tydeleg nok på kva som er forbode, og spørsmålet om ein vaksen sjølv skal kunne samtykke til denne typen samtalar. Staten skal også sikre retten til religionsfridom.

– Det har vore ein vanskeleg veg å komme seg hit, seier Sørlie, som har vore den som har jobba mest med temaet i AUF.

– No har det vist seg at eit totalforbod – som Høgre i regjering sa var umogleg – er mogleg. Det er takka vere politisk vilje at vi får det totalforbodet no, seier han. 

Han kritiserer Høgre for å vere «altfor pinglete» då dei sat i regjering, men er glad for at det no er Ap som sit ved roret under det han kallar ein av dei viktigaste inkluderingssigrane i norsk historie.

Men han er også glad for at nettopp Høgre og Venstre, i tillegg til venstresida, er med på vedtaket. Det at det er eit breitt vedtak gjer det meir sannsynleg at forbodet vil overleve framtidige regjeringar.

– I Sverige har dette vorte ein kjempepolarisert debatt. Det er ein enorm styrke at dei fleste partia i Noreg famnar om forbodet, seier han.

Jane-Victorius Bonsaksen i Skeiv Ungdom synest også forbodet er veldig tydeleg og gjennomarbeida, og seier det er godt å få på plass eit lovverk som tydeleg er arbeidd med.

– Vi tenker at forbodet er fint, om noko svakt på kjønnsuttrykk, aseksualitet og fetisj – noko diskrimineringslovverket også er svakt på, skriv dei.

– Grunnleggande menneskerettar

AUF vedtok ein uttale i 2019 der dei ville forby konverteringsterapi og kutte all støtte til organisasjonar og trussamfunn som driv med dette.

Sørlie seier at han er veldig glad for at moderpartiet – og fleirtalet på Stortinget – deler synet til AUF. For ungdomspartiet har det vore særleg viktig med eit omfattande totalforbod og også eit forbod mot marknadsføring.

– Eg er ekstremt glad, både som menneske og som skeiv sjølv, og glad for at partiet lyttar til AUF når vi har argumentert for eit totalforbod, seier han.

Sørlie slår fast at saka handlar om grunnleggande menneskerettar.

– Vi ønsker eit samfunn med like høve for alle – uansett kven dei er og kven dei elskar – til å ha gode og frie liv. Det kan ein ikkje gjere om ein er redd for å bli sendt til konverteringssamtale eller ein leir der nokon skal fortelje at du er feil og burde kurerast. Det er ekstremt dumt på samfunnsnivå, men aller kjipast for dei individa som kanskje gjennom eit heilt liv har vore bekymra for å vere annleis, seier han.

– Går ikkje utover religionsfridomen

Nokre kritikarar av forslaget meiner at religionsfridomen dermed har hamna i blindsona. Det var ei bekymring som KrF-leiar Olaug Bollestad tok opp på talarstolen då forslaget vart drøfta i Stortinget.

– Det er berre tull frå KrF, seier Sørlie.

– Viss du som skeiv person ønsker å snakke om legning med nokon du har tillit til i ditt eige religiøse miljø, er det bra og heilt greitt. Av og til har ein behov for det, og i Noreg skal ein sjølvsagt kunne tru på kva du vil, slår han fast.

– Men i den augneblinken ein religiøs figur fortel deg at dette er noko som kan og bør endrast, der går grensa. Det skal ein ikkje kunne gjere. Alle, uavhengig av legning og kjønnsidentitet, skal vere trygge. 

Han seier at det er «klassisk KrF» å vere ein bremsekloss i likestillingskampen.

– Religionsfridomen står fast. Det å seie noko anna, er heilt feil, seier Sørlie.

Bonsaksen i Skeiv Ungdom seier at dei også er ueinige i premissen til KrF.

– Religionsfridom er viktig, men retten til menneskeverd er viktigare. Det er sjølvsagt ikkje greitt å diskriminere nokon på bakgrunn av religion, men det skal ikkje vere greitt å bruke religion for å diskriminere andre, skriv dei.

Skeiv Ungdom meiner dessutan at forbodet opnar rommet for religionsfridomen til skeive.

– Å vere skeiv er ikkje ein motsats til religion, og eit forbod mot konverteringsterapi vil gjere det lettare for skeive å leve i eit trusfellesskap som heile menneske.

– Må råke religiøse metodar

Kultur- og likestillingsminister Lubna Boby Jaffery (Ap) sa frå talarstolen i Stortinget at det er gjort grundige vurderingar av om lovforslaget bryt med menneskerettar. Ho slo også fast at det ikkje grip inn i religions- eller ytringsfridomen.

– Å uttale seg om si religiøse overtyding eller si haldning til seksual- og samlivsmoral, vert ikkje råka, sa ho.

Men Jaffery slo fast at det er viktig at nettopp religiøst baserte metodar for konverteringsterapi vert råka av lova.

– Vi kan ikkje ha det slik at ei skadeleg handling skal vere tillaten berre fordi nokon påstår at handlinga er ein del av ein religiøs praksis, sa ho.


Pride-parade i Thessaloniki. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg