FN si generalforsamling stemmer for våpenkvile i Gaza

Berre ti land stemte mot forslaget.

Åshild Slåen
Publisert

Tysdag stemte 153 land i FN si generalforsamling for umiddelbar humanitær våpenkvile i Gaza. Blant dei var Noreg, som også stemte for førre gong saka var oppe til votering.

Av dei 193 medlemslanda var det berre 10 land som stemte mot, medan 23 avstod frå å stemme.

Forslaget vart opphavleg blokkert av USA i tryggingsrådet, som la ned veto, men arabiske land klarte å tvinge gjennom ei ny avstemming.

Land som stemte mot forslaget

  • Austerrike
  • Tsjekkia
  • Guatemala
  • Israel
  • Liberia
  • Mikronesia
  • Nauru
  • Papa Ny-Guinea
  • Paraguay
  • USA

Kjelde: Aljazeera

 

Dette vart gjort ved å bruke FN-artikkel 377, som kan brukast dersom tryggingsrådet er handlingslamma. Resolusjonen som generalforsamlinga stemte over er nær identisk med forslaget som vart lagt fram for tryggingsrådet førre veke.

Den vedtekne resolusjonen krev umiddelbar humanitær våpenkvile, manar partane til å følgje internasjonale lover, og at alle gissel blir slopne fri.

Førre gong generalforsamlinga stemte over eit forslag om våpenkvile var 27. oktober. Då var det 121 land som stemte for.

Ein resolusjon frå generalforsamlinga er ikkje bindande for medlemsland på same måte som eit vedtak frå tryggingsrådet er.

Land som avstod frå å stemme

  • Argentina
  • Bulgaria
  • Ekvatorial Guinea
  • Georgia
  • Italia
  • Kamerun
  • Kapp Verde
  • Litauen
  • Malawi
  • Marshalløyane
  • Nederland
  • Palau
  • Panama
  • Romania
  • Slovakia,
  • Storbritannia
  • Sør-Sudan
  • Togo
  • Tonga
  • Tyskland
  • Ukraina
  • Ungarn
  • Uruguay

Kjelde: Aljazeera

 

Resolusjonen sender likevel eit sterkt signal om verdssamfunnet sitt standpunkt i konflikten.