Har du fått med deg nokre av dei viktigaste sakene denne veka?

Har du fått med deg nokre av dei viktigaste sakene denne veka?
Einar Nygaard
Publisert
No innfører helseminister Jan Christian Vestre (Ap) tiltak som pålegg legar å gi fleire graderte sjukemeldingar, skriv NRK.
Ei gradert sjukemelding betyr at ein er delvis sjukemeldt, og delvis i jobb. Då jobbar ein mindre, og får sjukepengar for dei dagane ein vanlegvis ville jobba.
I tillegg til at det skal bli fleire slike sjukemeldingar, krevst det no at legen skriv ei eiga grunngjeving i dei tilfella ein pasient skal bli sjukemeldt hundre prosent.
Fleire pasientforbund seier det er viktig at arbeidsgivar tar ansvar for tilrettelegging, om ordninga skal fungere som ho er tenkt.
Keir Starmer har den siste veka blitt bedd om å gå av som statsminister i Storbritannia, skriv BBC.
Partiet hans, Labour Party, hadde eit dårleg val førre veke. Mellom anna mista dei 1500 bystyremedlemar rundt om i landet, mista makta i Wales og gjorde sitt dårlegaste val i Skotland nokosinne.
Det har gjort at mange har mista tillit til Starmer, og meir enn 80 ministrar meiner Starmer bør gå av. Fire andre ministrar har gått av.
Starmer sjølv har sagt han ikkje ønskjer å gå av. Måndag heldt han ein tale for å styrke eigen posisjon, men presset mot han held fram.
For fyrste gong sidan 2017 har ein amerikansk president vore på statsbesøk i Kina, skriv Al Jazeera. Onsdag landa president Donald Trump i Beijing for å møte Kinas president Xi Jinping.
President Xi Jinping har gjort det klart at Taiwan kan skape konflikt om landa ikkje blir einige. Kina ser på landet som ein del av sitt territorium, mens Taiwan ser seg sjølv som ein sjølvstendig stat. USA har til no forsvart Taiwans sjølvstende, og støtta dei med milliardar av dollar.
Kinesiske analytikarar spekulerer no i om USA vil vere i stand til å forsvare Taiwan, etter å ha brukt store delar av sitt militære lager i krigen med Iran, skriv The New York Times.
Trump sa før møtet at han vil be Xi Jinping om å «opne opp» Kina for handel. Fleire næringstoppar var også med i følget til Trump. Blant dei Elon Musk, Nvidia-sjef Jensen Huang, og nyvald Apple-sjef Tim Cook. Begge statsleiarane seier møtet var ein suksess.
Tysdag la finansminister Jens Stoltenberg (Ap) fram revidert nasjonalbudsjett, altså regjeringas justering av statsbudsjettet som blei vedtatt i desember.
Regjeringa skildrar budsjettet som eit nøytralt budsjett. Dei føreslår å bruke 4,9 milliardar kroner mindre frå oljefondet samanlikna med det som vart vedtatt før jul. Totalt vil dei bruke 579 milliardar kroner frå oljefondet.
I det reviderte budsjettet reknar regjeringa at prisane vil auke med 3,5 prosent i år.
Stoltenberg seier at regjeringa aukar løyvingane til noregspris. Dei set av totalt 21,5 milliardar kroner til generell straumstøtte. Studentane er likevel ikkje nemnde som del av ordninga for noregspris, slik dei vart lova tidlegare i vår.
Arbeidarpartiet har ikkje fleirtal i Stortinget, og må difor få støtte frå Sp, Raudt, SV og MDG.
1. mai vart selskapet bak Canvas, Instructure, råka av eit cyberåtak. Hackargruppa ShinyHunters stod bak åtaket som ramma 8800 universitet og høgskular, inkludert 37 norske.
Ifølgje BBC er dette tredje gongen ShinyHunters har hacka Instructure. Dei kravde løysepengar for å slette dei stolne dataa. I tillegg til private meldingar, var mykje av dei stolne dataa informajon om elevar og professorar.
Alt i alt stal hackarane 3, 65 terabyte med data.
11. mai betalte Instructure pengane og fekk stadfesta frå hackarane at dataa er sletta.
Personar med endometriose og adenomyose skal sikrast betre helsetilbod med ei ny nasjonal retningslinje, melder NTB.
Ifølgje Helsedirektoratet har inntil ti prosent av kvinner sjukdommane, som kan gi store smerter i samband med menstruasjon og samleie, og ufrivillig barnløyse.
No har Helsedirektoratet sendt eit forslag til ny nasjonal retningslinje på høyring, med mål om å gi kvinner raskare og betre helsehjelp.
Helsetenesta skal fange raskare opp kven som treng utgreiing og oppfølging, og ha rutinar for når ein pasient bør visast vidare i helsetenesta. Pasienten bør få individuell vurdering av behov for ytterlegare støtte som psykisk helsehjelp, fysioterapi, smertebehandling og sexologisk rettleiing.


