For første gong på 99 år, er altså ikkje Arbeidarpartiet Noregs største parti. Partiet måtte nøye seg med ei oppslutning på 21,7 prosent, som er deira dårlegaste resultat i eit kommuneval nokosinne.
Arbeidarpartiet mistar òg mange av storbyane dei har styrt i den siste perioden. I samarbeid med FrP, KrF og Venstre, er det Høgre som får byrådet i Oslo, med Eirik Lae Solberg (H) i spissen. Samansetjinga av byråd og kommunestyre er framleis ikkje klar fleire stadar, og både finteljing og forhandlingar held fram for fullt. Politisk redaktør i Bergens Tidende Eirin Eikefjord skildrar valet i Bergen som «hinsides kaos».
99,9 prosent av stemmene er talde opp torsdag.
(Foto: Heiko Junge / NTB)
Partileiar Erna Solberg på Høgre si valvale på Høyres Hus i Oslo under kommunevalet 2023 måndag kveld. | Foto: Heiko Junge / NTB
Førre helg vart det nordafrikanske landet råka av eit kraftig jordskjelv. Over 2900 menneske har mista livet etter skjelvet, opplyser nyheitsbyrået Reuters. I tillegg er over 5500 personar skadde. Minst 300 000 menneske i Marrakech og i fjellområda rundt er råka, ifølgje Verdsorganisajonen for helse (WHO). Skjelvet hadde ein styrke på 6,8, og hadde episenter 72 km sørvest for Marrakech. Skjelvet blir omtalt som det kraftigaste i Marokko på over 100 år.
Redningsarbeidet har vore svært utfordrande. Bygningar ligg i ruinar og det blir jobba på spreng for å hente ut overlevande. Atlasfjella er råka hardt, og det er utfordrande å kome til området og med kommunikasjonen.
(Foto: AP Photo/Mosa’ab Elshamy)
Slik såg det ut i byen Imi N'tala utanfor Marrakech etter jordskjelvet som råka Marokko. | Foto: AP Photo/Mosa'ab Elshamy
Denne veka har den nordkoreanske leiaren Kim Jong-un vore i Russland. Han møtte president Vladimir Putin, og dei skal ha blitt samde om å styrke samarbeidet mellom landa ytterlegare, skriv NRK.
Statsleiarane hadde eit to timar langt møte på onsdag. I tillegg besøkte dei eit romsenter aust i Russland. Ifølgje russiske medium vil Russland hjelpe Nord-Korea å byggje satellittar. Russland-ekspert ved Institutt for forsvarsstudium Karen-Anna Eggen seier til VG at møtet for Putin særleg handlar om å skaffe ammunisjon til krigføringa mot Ukraina.
Kim Jong-un skal òg ha sagt at han støttar Putins «heilage kamp mot Vesten».
(Foto: Den nordkoreanske regjeringa: Korean Central News Agency/Korea News Service via AP)
Kim Jong-un og Vladimir Putin handhelsar under besøket i Russland. | Foto: Den nordkoreanske regjeringa: Korean Central News Agency/Korea News Service via AP
Byen Derna er hardast råka av stormen, der 30 000 personar er drivne frå heimane sine. Det skal ha kome sju meter høge flodbølgjer mot byen, og to demningar har bresta. Ordføraren i byen reknar at så mange som 20 000 menneske kan vere døde.
Styresmaktene i Libya fryktar at fleire demningar kan kollapse.
FN meiner at tusenvis kunne blitt redda dersom varsling- og krisehandteringssystemet hadde fungert ordentleg, skriv NRK.
(Foto: AP Photo/Jamal Alkomaty)
Byen Derna i Libya etter flaumen. | Foto: AP Photo/Jamal Alkomaty
Talet på unge jenter som får ADHD-diagnose er meir enn dobla, opplyser Folkehelseinstituttet (FHI). Auken er særleg stor blant tenåringsjenter.
I perioden 2020–2022 var det ein auke i ADHD-diagnosar blant både jenter og gutar. Fram til det, var utviklinga relativt stabil det siste tiåret.
Avdelingsdirektør i FHI Heidi Aase peikar på at koronapandemien kan ha gjort at ADHD-symptom vart meir synlege når barna var mykje heime med familien, og at heimeskule med skjerm kan ha vorte utfordrande for barn med ADHD. Ho trekker vidare fram at diagnosen hjå jenter kan ha «gått under radaren» på grunn av annleise symptom enn hjå gutar.
– Kunnskap om ADHD hos jenter er aukande, og dette kan også ha bidrege til at fleire jenter enn tidlegare no får diagnosen, fortel Aase.
(Illustrasjonsfoto: Greg Rosenke via Unsplash)
Fleire jenter får diagnosen ADHD. Ei forklaring er at barn har vore meir heime og med anna undervisningsform, som gjer at symptomar blir meir tydelege. | Illustrasjonsfoto: Greg Rosenke via Unsplash
– Verda blei jo snudd opp ned då dette blei offentleg.
Arbeidarpartipolitikar Håvard Handeland er blitt historisk. 19-åringen blir ny ordførar i Sauda kommune i Rogaland, og er med det tidenes yngste ordførar i landet vårt.
– Det er heilt surrealistisk! Eg blei sjokkert då eg såg kor forhandlingane gjekk og skjønte at no kan eg faktisk bli ordførar, seier han til Framtida.no.
Ved førre lokalval vart Sokndal-politikar Jonas Andersen Sayed (KrF), då 21 år, noregshistorias yngste ordførar. Han er no blitt 25 år, og ligg an til å få med seg enda ein periode i leiarvervet. Men no er altså rekorden hans slått.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.