NRK-undersøking: Klima viktigare for veljarane

Ei undersøking utført av Norstat for NRK viser at klimaspørsmål skal ha vorte viktigare for folk sidan i vår.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

I mai spurde NRK eit representativt utval av befolkninga kva sak det er viktigast at NRK dekkjer i samband med valet. Då svarte 6 prosent «klima, grønt skifte, berekraft og miljø.» I august svarte 10 prosent det same.

– Det verkar som klima- og miljøsaka har auka interesse blant veljarane, seier valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking til kanalen.

Han trur at ekstremvêret Hans kan vere utslagsgivande.

– I sommar har det vore ekstremvêr mange stader i verda, også her i Noreg. Det har ført til mange diskusjonar om klimasaka som veljarane også fangar opp. Det gjer at dei blir meir opptekne av saka, seier han.