Tusenvis av pingvinar har truleg døydd som følge av issmelting på Antarktis

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 02.09.2023 21:09

Bilete frå satellitten Copernicus Sentinel–2 viser havis som smuldrar opp og smeltar bort på Antarktis, og pingvinkoloniar som vert borte.

Hendinga kan ha teke livet av inntil 10 000 unge pingvinar, ifølge Dr. Peter Fretwell i British Antarctic Survey (BAS). Han og kollegaene hans har spora fem pingvinkoloniar via satellittbilete. Dei har rapportert om dei rekordlåge ismassane i journalen Communications Earth & Environment.

Held klimaendringane fram, kan keisarpingvinane risikere å bli utryddingstruga, åtvarar Fretwell.

Keisarpingvinane i området ved Bellinghausen-sjøen på Antarktis, hoppar ut på havisen rundt mars for å pare seg, legge egg, klekke egga og fore fugleungane dei neste månadane, før dei nye fuglane beveger seg ut i sjøen.

I november i fjor smuldra derimot ismassane bort før dei nyfødde pingvinane rakk å utvikle dei vasstette fjørene dei treng for å symje. Truleg har pingvinane som ikkje kunne symje, drukna eller frose i hel.

Foto: Peter Prokosch/GRID-Arendal

Dystre konsekvensar

Dr. Peter Fretwell seier til BBC at hendinga er eit teikn på kva som kjem til å kome.

– Keisarpingvinar er avhengige av sjøis for avlssyklusen sin. Det er den stabile plattforma dei brukar til å fostre opp dei unge. Viss den isen ikkje er så stor som han må vere, eller om han bryt opp raskare, er fuglane i trøbbel, seier han

Han slår fast at keisarpingvinane på Antarktis vil bli skyvd mot utrydding viss ikkje menneska kuttar karbonutsleppa som forårsakar oppvarminga av havet.

Havisnivået på Antarktis i sommarsesongen har hatt ein drastisk nedgang sidan 2016. Dei to siste åra har hatt dei lågaste ismassane som er observert nokosinne.


Nordmenn er blant dei mest klimaskeptiske i ei ny EU-undersøking. Her ein regnboge over Oslo måndag kveld. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK