Kennet (22) blir ordførar: – Utruleg tillitserklæring

22-åringen blir ordførar i Røyrvik kommune dei neste fire åra.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Det er utruleg gjævt. Først og fremst er det ei utruleg tillitserklæring frå innbyggjarane i Røyrvik. 

Det seier Kennet Tømmermo Reitan på telefon til Framtida.no dagen etter at lokalvalet er gjennomført. Med sine 22 år blir han, slik det ser ut no, den yngste ordføraren i landet.

Reitan er senterpartipolitikar i botn, og stilte til val for Samarbeidslista i Røyrvik kommune i Trøndelag. I kommunen har 349 personar stemmerett. I tillegg til Samarbeidslista, stilte Arbeidarpartiet og Røyrvik bygdeliste.

Samarbeidslista fekk 60 prosent oppslutning.

– Det er eit personval i veldig stor grad, spesielt når det er så få folk her. Så det er utruleg artig.

– Ikkje gått heilt opp for meg

På veg til valvaken førebudde Reitan seg på å anten hamne i opposisjon eller å gå inn i forhandlingar, men med 60 prosent av stemmene held dei truleg på posisjonen og han tar over ordførarkjeda.

– Det gjekk ikkje heilt opp for meg i går, og har kanskje ikkje gått heilt opp for meg enda, seier han om resultatet.

Samarbeidslista har hatt ordføraren dei siste åtte åra. Noverande ordførar Hans Oskar Devik stilte ikkje til attval, men er ein god støttespelar for den komande ordføraren.

Sjølv om Kennet Tømmermo Reitan ikkje har vore med i kommunestyret før, har han engasjert seg i politikk lenge. Det politiske engasjementet starta i kommunereformgruppa i 2014 som elevrådsrepresentant. Han er òg fylkessekretær i Trøndelag Senterungdom. I tillegg har mora hans vore varaordførar i heimkommunen.

Hardt debattklima

22-åringen trur ein viktig del av å vere ordførar, uansett kommune, er å vere synleg for innbyggjarane.

 – Ein ting er å vere synleg i bygda eller bybiletet, men også på sosiale medium for eksempel. Eg trur eg har ein litt annan inngang til det. Eg har pågangsmot og litt anna energi og guts.

 – Kva er den viktigaste saka du vil ta tak i?

– Det er ingen hemmelegheit at rosina i pølsa, eller den største saka her, er gruvedrift. Kommuneøkonomien er utfordrande, og då er gruvedrift kanskje ei løysing. Eg trur den haldninga har bidratt til valresultatet.

Det vil bli utfordrande å snu utviklinga kommunen har hatt dei siste åra med nedgang i folketal og svak kommuneøkonomi, trur Reitan.

– Det er ingen enkel jobb, i tillegg til å vere den einaste fulltidspolitikaren. Og det er hardt debattklima i samband med gruvedrift. Samstundes har vi reindrift å vareta og som skal føle seg sett og høyrt. For meg handlar det ikkje om anten-eller, men om å få til både-og.

Unge ordførarar

Reitan er ikkje den einaste unge politikaren som kan ende med ordførarjobb.

Ved førre lokalval vart Sokndal-politikaren Jonas Andersen Sayed, då 21 år, noregshistorias yngste ordførar. Han er no blitt 25 år, og ligg an til å få med seg enda ein periode i leiarvervet. Partiet hans KrF har nemleg 28,7 prosent av stemmene, og er kommunens største parti.

Jonas Andersen Sayed er 21 år, og landets yngste ordførar nokosinne. Foto: Privat

Rekorden hans kan likevel bli broten i år. I Sauda kommune er 19 år gamle Håvard Handeland ein av kandidatane til å bli ordførar. Han stiller til val for Arbeidarpartiet, som har fått 26,3 prosent av stemmene. Senterpartiet ligg litt framføre dei med 28,8 prosent. Til NRK seier Handeland at han ikkje kan snakke om samarbeid no, men at dei er opne for å samarbeide med både Senterpartiet og Høgre.