Val i Hellas: – Ein dag vil dei unge slå gjennom

– Eg har lyst til å prøve å gjere ein skilnad, seier Ioanna Kaloudioti (23). Men dei unge har ikkje stor tru på at røysta deira vert høyrt.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka er ein del av artikkelserien «Dei unge grekarane», der vi undersøker korleis det er å vere ung i demokratiets vogge i 2023. Prosjektet er gjennomført med stønad frå Fritt Ord. 

– Eg har så lyst til å gå ut og stemme. Dette blir det første valet eg røyster i, og eg har lyst til å prøve å gjere ein skilnad, seier Ioanna Kaloudioti (23) til Framtida.no.

21. mai er det parlamentsval i Hellas. Nesten 500.000 veljarar har rett til å røyste for første gong. Vi har snakka med tre unge grekarar om kva saker dei meiner er viktige for dei unge i landet.

Nokre av sakene dei trekker fram er:

∙ Høgare minsteløn

∙ Fleire jobbar til studentar

∙ Betre finansiering av offentleg utdanning og helsetenester

Treng betre moglegheiter

Ioanna Kaloudioti kjem frå Thessaloniki – den nest største byen i Hellas –, der ho studerer kulturell teknologi og kommunikasjon. Ho seier det er viktig at grunnleggande tenester, som helsesystemet og utdanning, vert betre.

– Desse tenestene har smudra opp i mange år. Regjeringa må finansiere dei betre og slutte å prøve å privatisere dei, seier ho.

Ioanna meiner at landet treng betre moglegheiter for alle. Mellom anna i form av fleire arbeidsplassar og betre løn.

– Vi må vekk frå eit system der du er nøydd til å kjenne nokon, vere sonen eller dottera til nokon, eller å ha pengar, for å få moglegheiter, seier ho.

Andre saker ho nemner:

∙ Religion bør fjernast frå skulen

∙ Meir tryggleik i utdanningssystemet

Sjølv med fleire småparti i den greske partifloraen, synest Ioanna det er vanskeleg å finne eit parti som representerer synet hennar godt. Mange meiner det er bortkasta å stemme på dei mindre partia, seier ho, men samstundes kunne ho ikkje tenke seg å røyste på eitt av dei to største.

– Mange vil røyste på det største opposisjonspartiet berre for å fjerne den noverande statsministeren, men det vil ikkje fikse problema til Hellas, meiner ho.

Slik fungerer valet

Når grekarane går til valurnene 21. mai, står slaget hovudsakleg mellom partia Nytt Demokrati (ND) og Syriza. Grovt forenkla kan ND samanliknast med norske Høgre med ein smule KrF, og Syriza med norske SV og Raudt.

I dag er det Nytt Demokrati som har makta i Hellas.

Blant både Millennial-generasjonen og generasjon Z er venstrepartiet Syriza størst, med høgrepartiet Nytt Demokrati på andreplass. Blant dei yngre generasjonane er det større støtte til dei mindre partia i floraen enn elles.

På meiningsmålingane er det i alt 7 parti som ligg an til å komme over sperregrensa på 3 prosent. Hellas har ingen tradisjon for regjeringskonstellasjonar, og det er difor venta at eitt parti kjem til å prøve å ta makta åleine.

Dersom ingen klarar å stable ei regjering på beina, vil det truleg bli lyst ut nyval i juli. Etter nyvalet vil det største partiet få ein «bonus» på mellom 20 og 50 ekstra seter i parlamentet, noko som kan gi partiet fleirtal åleine. Parlamentet har totalt 300 seter.

Ioanna Kaloudioti frå Thessaloniki meiner dei offentlege tenestene i Hellas treng betre pleie. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Ikkje veldig håpefull

Mange unge i landet gir uttrykk for avmakt og frustrasjon med systemet. Det verkar som eit stort fjell å flytte for å gi unge dei moglegheitene dei treng. Ioanna fortel at det er vanskeleg å halde på håpet.

– Eg er ikkje veldig håpefull. Det er mange, særleg eldre, som framleis vil røyste på statsministeren. Det er deprimerande, for du kjempar ikkje berre mot systemet, men mot mange som støttar systemet. Det er eit tankesett som sit djupt i landet vårt.

Samstundes gir det håp å delta i demonstrasjonar og oppleve krafta som sit i folket, meiner ho.

– Det er så mange folk som er så engasjerte. Dei kjemper for endring, og bryr seg ikkje om dei blir spraya med tåregass eller slått av politiet. Dei kjem likevel tilbake for å halde fram kampen. Det gir meg håp, og eg tenker at på eit tidspunkt, i eitt val, vil dei unge slå gjennom og få til ei endring. Eg trur på makta til dei unge, seier ho.

Dei unge er desillusjonerte

I podkasten The Greek Current drøftar redaktør Nikos Efstathiou kva unge veljarar ønsker i dette valet.

Han viser til at Millennial-generasjonen har entra arbeidsmarknaden under ei tøff økonomisk krise, og har opplevd politisk polarisering og ein kollaps i det politiske landskapet. Generasjon Z skal røyste for første gong etter ein tung pandemi.

Med i biletet er også den fatale togulukka i februar, som tok livet av mellom anna mange studentar, og svikta som vart avdekka i etterkant.

Folk tok til gatene i Thessaloniki 8. mars for å protestere mot patriarkatet og den fatale togulukka. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Det har oppstått ein «perfekt storm» for unge veljarar. På den eine sida har dei unge stor moglegheit til å engasjere seg politisk, og dei unge i dag er meir eksponert for politikk via internett. Samstundes har den anti-systemiske blokka vakse. Unge veljarar er desillusjonerte over heile blokka. Dei vil engasjere seg, men dei ser ikkje vegar framover, seier Efstathiou i podkasten.

Han seier at dei unge grekarane liknar generasjonane sine globalt, mellom anna i form av eit miljøengasjement. Samstundes er dei svært opptekne av økonomien, arbeidstilhøve, minsteløn og bustadprisar. Dei er også pådrivarar for digitalisering, og vil at Hellas skal bli meir moderne.

Framleis offentlege tenester

For lærarstudent Kostantinos Vranias (23) frå Thessaloniki er det viktigaste at offentlege tenester forblir offentlege, og at ein unngår privatisering av til dømes helsetenester og utdanning.

– Den noverande regjeringa gjer alt ho kan for å privatisere sjukehus og universitet. Dei bryr seg ikkje om offentlege tenester, og gjer alt dei kan for å få dei til å sjå dårlege ut, hevdar han.

Han meiner moglegheita til å få ei god utdanning er heilt sentral for unge grekarar. Både for jobbmoglegheiter og for å utvide kunnskapen sin, møte folk av ulike bakgrunnar og få meiningane sine utfordra.

– Med privatisering vil utdanning bli eit privilegium for veldig få folk. Resten vil bli haldne nede på den sosiale skalaen utan moglegheiter til å få betre liv, seier han. 

Han meiner også det er viktig å vite at ein trygt kan gå til legen med små og store helseproblem, utan å måtte frykte prislappen.

– Generelt treng vi ei regjering som bryr seg om vanlege folk. Det har vi ikkje no.

Det greske parlamentet i Aten har 300 seter som skal fyllast i årets val. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Betre løn

Ei anna sak Konstantinos meiner må gjerast noko med, er å auke minsteløna, som er på rundt 9.000 norske kroner i månaden. Han meiner det er viktig for å gi moglegheiter til alle som ønsker å bu i Hellas.

– Eg brukar mange år på utdanning for å kunne jobbe og tene pengar; ikkje for å leve som ein konge, men for å ha det greitt. Og eg føler at eg ikkje har den moglegheita her. Du kan ikkje leve på ei minsteløn på 780 euro i månaden. Med høge prisar for gass, elektrisitet og daglegvarer går mesteparten av løna til å berre overleve, seier han.

Andre saker han nemner:

∙ Likekjønna ekteskap og meir progressiv sosialpolitikk

∙ Gi folk betre høve til å delta i ordskiftet og utvikling av politikk

∙ Addressere konflikten med Tyrkia på ikkje-valdeleg vis

– Vi må kjempe for det vi har

– Har du tru på at å gå til stemmeurna kan vere med på å gjere ting betre?

– I bunn og grunn – nei. Eg føler meg ikkje veldig optimistisk med tanke på framtida i Hellas. Eg føler at alt utvikler seg til det verre. Men difor meiner eg folk må halde fram med å ta til gatene og kjempe for det vi har.

Sjølv partia på venstresida, som i utgangspunktet har politikk som rettar seg mot «vanlege folk», bryr seg mest om å halde på makta, og innfører ikkje politikken dei påstår å stå for, hevdar Kostantinos. 

– I opposisjon er det lett å seie kva du vil gjere, men eg trur ikkje mykje vil skje. Med denne økonomien i Hellas, er det ikkje gode moglegheiter til å konfrontere systemet, seier han.

– Meiner du likevel det er viktig å røyste?

– Ja. Dei ulike partia har mykje til felles, men dei er ikkje dei same. Éin stor skilnad er korleis dei handterer politiet. No har politiet ganske frie tøyler, og styresmaktene reagerer ikkje på politivald. Med ei venstreregjering trur eg det ville vorte annleis.

– Bakgrunnen din avgjer

Også sjukepleiestudent Anthi Kaitanoglou (23) viser til utdanning, arbeidsplassar og løn som viktige saker for hennar generasjon.

Anthi Kaitanoglou meiner det bør leggast til rette for at studentar kan få betre økonomi. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Ho meiner styresmaktene bør gjere grep for at fleire studentar kan jobbe ved sida av studiene, til dømes ved å støtte bedrifter som opnar små stillingar for studentar. Ho meiner det har vorte vanskelegare å finansiere studiene, og å få hjelp frå foreldra.

– Før hadde foreldregenerasjonen gjerne råd til å støtte utdanninga til borna sine, men no er mange studentar nøydde til å jobbe fullt ved sida av, for å ha råd til å bu og leve, seier ho.

Anthi kjem frå Giannitsa i Nord-Hellas, men studerer i Thessaloniki. Ho fortel at ho sjølv kjem frå ein ressurssterk familie, og seier at løna til foreldra dine ofte avgjer kva moglegheiter du har. Ikkje alle har høve til å flytte til dei store byane i landet for å ta utdanning.

– Ofte er folk tvungne til å bli heime og jobbe i familiebedrifta fordi dei ikkje har andre val. Ikkje alle får pengar eller støtte heimefrå om dei ønsker å gjere noko anna, seier ho.

Ho meiner styresmaktene burde bidra til å skape fleire jobbar utanfor dei store byane, i tillegg til moglegheiter for å tileigne seg ny kunnskap og nye ferdigheiter. Til dømes gjennom fjern-studier eller gratis seminar.

Andre saker ho nemner:

∙ Leigeprisane på bustad bør tvingast ned

∙ Likekjønna ekteskap (men ho trur ikkje det greske samfunnet er klart for det)

∙ Oppdatert pensum i skulane, inkludert betre seksualundervising

Demokratiet treng ei oppussing

Anthi ønsker også at den gresk-ortodokse kyrkja får redusert makt og innflytelse i samfunnet. 

– Styresmaktene bryr seg veldig om kva kyrkja meiner. Høgresida er mest konservativ, men også venstresida er redd for å provosere religiøse veljarar. Sjølv min generasjon er veldig religiøs. Det er veldig tett knytt til den greske identiteten, seier ho.

Anthi Kaitanoglou er frå Giannitsa i Nord-Hellas, men studerer i Thessaloniki. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Ho meiner at Hellas er likt på Tyrkia på mange område, men at grekarane også ønsker tilhøyrsle til Europa.

– Mange har konservative tankesett, men landet ønsker også å framstå progressivt. Europa pushar oss litt til det. I alle fall til å prøve å verke progressive, seier ho.

Anthi meiner at det greske demokratiet treng ei oppussing. Ho seier at familieband styrer for mykje i politikken.

– Kanskje burde partia bli tvungne til å ha unge folk inn i fleire posisjonar, som faktisk kan arbeide for å betre landet. Slik det er no, verkar det ikkje som det å røyste har nokon effekt. Men eg merkar meg at generasjon Z er meir liberal og meir kritisk. Kanskje kan dei gjere ein skilnad, seier ho.


Les også: Unge grekarar kjenner seg ignorerte i samfunnet: – Det er vanskeleg å vere positiv

Greske ungdomar ser på solnedgangen frå eit tak i Thessaloniki. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg