Unge grekarar kjenner seg ignorerte i samfunnet: – Det er vanskeleg å vere positiv

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Denne saka del av artikkelserien «Dei unge grekarane», der vi undersøker korleis det er å vere ung i demokratiets vogge i 2023. Prosjektet er gjennomført med stønad frå Fritt Ord. 

Hellas. Demokratiets vogge. Ein populær feriedestinasjon, og vår slektning gjennom det europeiske fellesskapet. Arnestaden for filosofi, matte, medisin, og andre grunnsteinar som vi tek for gitt for at dagens moderne samfunn skal fungere. 

Tusenvis av år og minst éi økonomisk krise seinare, meiner landets eigne unge at systemet er korrumpert, at politikarane ikkje jobbar for dei, og at dei er overlatne til seg sjølve for å verte lukkelege.

Etterdønningar etter finanskrisa 

Fire av fem unge grekarar peiker på finanskrisa som ei sentral hending som påverka generasjonen deira. Illustrasjon: Eirik Dyrøy Lotsberg/Canva

Den globale finanskrisa i 2007–2008 enda opp med å råke landet hardt. Så hardt at fire av fem unge grekarar frå 17 til 39 år peiker krisa ut som ei av dei viktigaste hendingane som har påverka generasjonen deira, i ei undersøking frå 2021. Nesten like mange (81 prosent) peikar på Covid-19. Til samanlikning peikar mindre enn halvparten på internett og sosiale medium.

Ein analyse frå 2011 konkluderte med at:

  • Unge grekarar vart hardt råka av finanskrisa, mellom anna i form av stor arbeidsløyse.
  • Fleire og fleire unge vart frustrerte av det politiske systemet, men dei sleit med å finne ei politisk røyst.
  • Lågare løningar, høgare kostnader og færre moglegheiter utgjorde store utfordringar for mange, særleg single og unge par.
  • Svak utdanning, opplæring og arbeidssøking gjorde det vanskeleg for landet å benytte seg fullt av ein talentfull ung generasjon.

Når vi ser på resultata frå spørjeundersøkinga i 2021, ser vi at mange av desse problema framleis råkar det greske samfunnet.

Kjenner seg ignorerte

Fire av fem oppgir at dei føler at generasjonen deira er ignorert i den offentlege samtalen.

Medan dei meiner foreldregenerasjonane har slått seg ned (38 %), er politisk (13 %) og bortskjemd (11 %), skildrar dei sin eigen generasjon som fastlåst (33 %), usikker (20 %) og likegyldig (15 %).

Dei fleste (78 %) meiner at dei yngre generasjonane har eit verre liv enn sine eigne foreldre.

Elena Chatzidaniil (19) og Maria Vargemezi (19) er studentar i Thessaloniki i Nord-Hellas. Dei meiner at deira generasjon har eit lettare liv på mange måtar, og at dei har fleire moglegheiter.

Elena Chatzidaniil (19, med ryggen til) og Maria Vargemezi meiner det er fordelar og ulemper med å vere ung i dagens Hellas. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Men vi slit med andre problem enn dei foreldra våre hadde. Til dømes innanfor skule, utdanning og politikk. Vi må kjempe for andre rettar, seier Elena.

Maria meiner det er eit stort gap mellom generasjonane. Foreldra har gjerne vanskar med å forstå problema til dei unge.

– Vi har meir rom og fleire moglegheiter til å lære oss sjølve å kjenne, tidlegare, enn kva foreldra våre gjorde, på måtar dei ikkje kunne sjå føre seg. Men samstundes er det vanskeleg å finne felles grunn på tvers av generasjonar. Det surnar forholdet mellom oss, seier ho.

Resultatet er at mange unge kjenner seg som si eiga lukkes smed. Dei meiner at det berre er dei sjølve som kjempar for interessene til dei unge.

I undersøkinga oppgir berre 1 prosent at dei trur på at media bryr seg om dei unge generasjonane. Fleire unge Framtida snakkar med, hevdar at den etablerte pressa i landet er servil overfor makta, og at mange difor søker alternative medium og andre kjelder for å finne svar. I det heile har 6 % av unge generell tillit til media.

Trua på at politikarane skal gjere liva deira betre, er nesten like låg.

– Folk flest føler at landet vårt ikkje bryr seg om den nye generasjonen. Ikkje om liva våre, ikkje om korleis vi skal tene pengar, ikkje om korleis vi skal bu og leve, sa Crysanthi (19) til Framtida tidlegare i vår.

2 av 5 meiner Hellas er eit dårleg land å leve i

Rett og slett dårleg. Slik sett kjenst det litt ignorant å vere nordmann på mellombels opphald i Hellas. Der underteikna let seg friste av sol og 20 grader i mars; milevis med kvite strender og turkis sjø; den herlege Sør-Europeiske frimodigheita; gresk salat, gyros og innbakt fetaost med honning, ser dei lokale unge systemsvikt, korrupsjon, politivald, sterke ortodokse krefter og lite sosial mobilitet. … Så kan vi reise heim med ei ny verdsetting av privilegiet som norsk statsborgar.

Noko av det dei unge er mest samrøysta i (99 %) er at det er korrupsjon i den offentlege sektoren.

Fleirtalet (64 %) har dessutan ikkje tru på at dei kan oppfylle sine eigne draumar eller profesjonelle mål i Hellas.

Det fører til ein stor «brain drain» – altså at mange velutdanna menneske flyttar frå landet i håp om ei betre framtid. Men sosiale band til familie, vener, og kanskje til og med til ei nasjonalitetskjensle, held likevel mange unge heime – i eit land dei ikkje føler bryr seg om dei.

Vanskeleg økonomi

Dei største utfordringane etter finanskrisa har dempa seg. Den greske økonomien har hatt fleire år med vekst, mykje takka vere ein solid turistsektor. Men framleis er det mange unge som kjenner på store utfordringar med økonomien.

I vår auka landet minsteløna frå 713 euro til 780 euro i månaden. I norske kroner tilsvarar det om lag 9.000 kroner. Sjølv med eit lågare prisnivå enn i Noreg er dette svært lite til å komme seg gjennom månaden for ein grekar.

2 av 5 unge fortel at dei minst éin gong det siste året har vore tomme for pengar på slutten av månaden, og har slite med å betale rekningar. I det heile oppgir fleirtalet (55 %) økonomiske problem som ei av dei største vanskene i livet deira. 

– Det kjenst som om vi må jobbe og tene pengar for å overleve … ikkje for å leve, fortel ein 21-åring Framtida snakkar med.

Blant dei mellom 25 og 34 år fortel 1 av 5 at dei ofte får økonomisk hjelp frå foreldra.

Mange unge bur også heime med foreldra lengre enn dei skulle ønske. Av alle dei spurde bur 43 prosent heime. Noko av dette kan forklarast med kulturskilnader, der unge i Sør-Europa generelt bur lengre heime med foreldra. Men i undersøkinga oppgir halvparten av dei som bur heime, at dei gjer det av behov – berre 18 prosent svarar at dei bur heime av eigen vilje.

Likevel…

Eit fleirtal (59 prosent) av dei unge trur at liva deira vil bli betre.

Spør ein grekar, og mange av dei vil svare at dei held på håpet. Håpet om politisk endring. Håpet om at deira røyst nyttar. Trua på dei unge. Trua på sin eigen klan – om det er ungdomspartiet, LHBTQ-samfunnet, aktivistane, alle som tek til gata i protest mot urettferd og systemsvikt, eller berre ein utskifting av gamle mot nye idear.

Elena Chatzidaniil seier at ho håpar at livet hennar vil verte betre dei neste 10 åra.

– Eg prøver å vere positiv. Eg trur teknologi vil hjelpe oss til å få ei betre framtid, seier ho.

– Er det vanskeleg å vere positiv?

– Ja, veldig. Det er nok ulikt frå person til person, men mange har ting ein slit med kvar dag, som gjer at vi ikkje kjenner oss så optimistiske. No når vi byrjar å bli vaksne og må styre vår eigen økonomi, innser vi kor tøft det kan verte, seier ho.

Maria Vargemezi er einig. Ho viser til at nokre i foreldregenerasjonen jobbar 10 timar om dagen for å tene nok pengar.

– Eg klarar ikkje førestille meg korleis arbeidslivet er om 10 år. Viss det held fram som no, ser eg ikkje korleis vi kan vere lukkelege og samtidig ha alt vi treng. Men om ting endrar seg, trur eg vi kan få det mykje betre, seier ho.

Elena Chatzidaniil (19, med ryggen til) og Maria Vargemezi på gata i Thessaloniki prøver å halde seg optimistiske for framtida si. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Generelt har håpet til dei unge grekarane betra seg stort på 11 år.

Då ungdommane vart spurde om kor optimistiske dei var for framtida, var det i 2010 berre 25 % som svara «veldig optimistisk» eller «optimistisk nok». No har optimismen dobla seg.


Unge og vaksne protesterte i Thessaloniki etter den valdsame togulukka som tok livet av minst 57 personar i slutten av februar. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg