Ekspertutval vil ha ein milliard kroner til kvinnehelse
Satsinga på kvinnehelse bør bli betre, meiner eit ekspertutval. Det har laga ei liste med 75 tiltak og tilrår at det blir sett av 1 milliard kroner.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kvinnehelse og typiske kvinnesjukdommar har låg status. Det er den klare oppfatninga til utvalet som torsdag overleverte rapporten sin til helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).
Det er nødvendig med kraftfulle tiltak, meiner utvalet. Samla sett vil desse koste rundt 1 milliard kroner. Satsinga blir delvis basert på omprioriteringar, delvis på friske pengar.
Å prioritere kvinnehelse vil gi kvinner betre helsetilbod, men også spare samfunnet for store utgifter, argumenterer utvalsleiar Christine Meyer.
– Sett opp mot kostnadene av kva typiske kvinnelidingar kostar samfunnet, er 1 milliard kroner relativt lite, seier Meyer til NTB.
– Systematiserte helseforskjellar mellom kvinner og menn
Utgangspunktet for rapporten er fire premissar:
- Helsa til kvinner har låg status.
- Samordninga er for dårleg. Det gir dårlegare helsetenester.
- Kunnskapen når ikkje fram.
- Stemmene til kvinner får for lite gjennomslag.
Meyer fann det overraskande kor systematiske forskjellane er. Det gjeld lidingar som hyppigare rammar kvinner, til dømes autoimmune sjukdommar. Men også sjukdomsforløp.
– Det at hjartesjukdom kan arte seg ulikt, byrjar å bli kjend. Men også hjerneslag og fleire andre sjukdommar kan ha ulikt forløp. Medisinar kan også verke ulikt på kvinner og menn, og ein må ta kjønn i betraktning ved dosering, seier ho.
Dyre kvinnelidingar
Hoftebrot blir trekt fram som døme i rapporten. Sju av ti hoftebrot rammar kvinner, og kvinner har ein langt større risiko enn menn for å få ein slik brotskade.
Det rammar som regel eldre menneske, og skaden kan få alvorlege konsekvensar. 25 prosent døyr i det første året, medan 30 prosent blir pleietrengande.
Medisinar mot beinskjørheit er billige og effektive og kan bortimot halvere risiko for nye brot. Likevel er det få som får slik behandling etter å ha brekt hofta eller underarmen, skriv utvalet.
– Dette er skadar det er relativt lett å førebyggje. Vi kan gjere noko med det, seier Meyer.
Også innan andre område er det nødvendig med eit løft. Eteforstyrringar er berekna til å koste samfunnet 26 milliardar kroner årleg, medan ei svensk undersøking har berekna at endometriose kosta 13 milliardar kroner.
Symbolpolitikk og tåkelegging
Kvinnehelse vart første gong greidd ut av eit utval som la fram rapporten sin i 1999. I dei første åra etterpå var det litt merksemd rundt tematikken, men så forsvann det.
I dag blir feltet prega av symbolpolitikk og enkelttiltak som tåkelegg behovet for nødvendige systemendringar, skriv utvalet.
– Dette må ikkje bli glasur på kaka. Kjønnsperspektiv må bli gjennomgåande i helseforsking, i utdanning, i heile behandlingskjeda. Det krev eit anna perspektiv enn det vi har, seier Meyer.
Vanskeleg fødselsdebatt
Utvalet vier stor plass til barselomsorg og fødslar. Dei er opptekne av at det skal vere eit godt tilbod også i distrikta. Samtidig ser ein at fødande blir eldre og at fleire med underliggjande sjukdommar får barn. Dette gir meir kompliserte graviditetar og fødslar. Korleis ein skal balansere tilgjengelegheit opp mot spesialisering er vanskeleg avveging, vedgår utvalsleiaren.
– Dette er eit reelt dilemma vi står overfor. Kva som blir løysinga, er opp til styresmaktene, seier ho, og påpeikar at det også handlar om busetjing og ringverknader som oppstår viss unge vegrar seg for å busetje seg usentralt.
Lang liste
Rapporten inneheld 60 tiltak som gjeld helsetilbod og kvinnehelse. I tillegg kjem fleire tiltak retta mot samiske kvinner og tiltak som handlar om pårørande og omsorgsrolla.
Mange tiltak handlar om fagleg forankring, strukturar og forsking. Men andre er konkrete behandlingstilbod. Mellom anna:
- Styrke tilbod til barn og unge med eteforstyrringar, både i spesialisthelsetenesta og lågterskeltilbod.
- Sikre trygg og god svangerskaps-, fødsels- og barseloppfølging uavhengig av bustad.
- Prioritere elektronisk helsekort for gravide.
- Prioritere førebyggjande behandling av beinskjørheit.
- Sikre eit likeverdig helsetilbod for dei mest sårbare kvinnene i norske fengsel.
- Heva fritak for eigendel hos fastlege til 18 år.
- Gratis prevensjon for alle under 25 år.
- Styrke vulvapoliklinikkar i alle helseregionar.
LES OGSÅ: Alt du må vite om #sjekkdeg, livmorhalskreft og HPV-vaksine