Kvinnehelse: «Legane har gløymt at vi også kan bli sjuke»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg har ein tendens til å nekte for at eg er sjuk.

Eg kjenner meg enormt att i den episoden av Friends kor Monica har influensa, men gjer alt for å bevise at ho er frisk.

For eit par veker sidan begynte eg å tenke over det at eg nektar meg sjølv å ta ein sjukedag. Det har vore noko gjennomgåande med korleis eg har behandla meg sjølv, og kva eg har blitt fortald.

Legar har ein tendens til å berre fortelje meg at eg er stressa. Eg trur kanskje at dette handlar om at eg er jente, og at kvinnehelse har blitt nedprioritert så lenge at legane har gløymt at vi også kan bli sjuke.

Uansett kor tydeleg det er at noko er fysisk gale med meg, blir eg fortald at det sikkert berre er stress. Eg trur eg kunne møtt opp med ein avkappa arm, og alt legen hadde gjort hadde vore å ta ein blodprøve av meg og seie at eg berre må gå tur, drikke vatn og sove meir.

Denne stemma om at eg aldri eigentleg er fysisk sjuk, og at alt berre er inni hovudet mitt, har etter kvart blitt internalisert.

I fjor blei eg for eksempel dritsjuk med kyssesjuka. I staden for å leggje meg ned og bli betre, skapte eg, legane og vennane mine eit narrativ om at eg sikkert berre var sliten og trong å gjere noko avslappande og gøy.

Så eg fylte opp timeplanen med gøye ting, trening og aktivitet. I ettertid kan eg sjå i bileterullen min at eg såg meir og meir ut som eit vandrande lik.

Dette har ført til at eg har sete gjennom førelesingar i febertåke, spelt konsertar med influensa, og generelt gjort hundrevis av ting eg ikkje burde.

Det var for eksempel ikkje noko sjakktrekk å fortsette å gå på fest under fadderveka sjølv om kroppen brann, og det i ettertid viste seg at eg hadde leverbetennelse og faktisk kunne døydd.

Då eg fekk korona i år, merka eg på trening at eg var dårleg. Eg blei kald medan eg jogga. Vanlegvis ville eg køyrd på med ein skjennepreken til meg sjølv ala «du er berre lat, din late satan, spring fortare». Men eg drog heim med det same.

Der testa eg positivt, og låg i senga i to veker. Stemma om at eg berre var lat og at alt var i hovudet mitt kviskra stadig, men eg ba ho halde kjeft. Eg hadde trass alt ein fysisk test som sa at eg var sjuk, i tillegg til at eg svimte av den eine gongen eg prøvde å reise meg. Det er eg stolt over. Ikkje blodtrykksfallet, altså, men at eg høyrde på meg sjølv og let meg ligge.

Moralen med dette innlegget er at av og til så må ein berre klage fastlegen sin inn til statsforvaltaren, og ta eit oppgjer med sitt eige bilete på kvinnehelse, psyke og leversvikt.

Og eg skal aldri nokon sinne la ein lege fortelje meg at eg berre er stressa igjen. Det skal eg stole på at eg veit sjølv.


Les også om det sjukdomsprega halvåret til Linn: – Typisk meg å bli smitta med kyssesjuka sekundet etter fadderveka var slutt