No kan du ta abort på helsestasjonen Sex og samfunn

Sex og samfunn i Oslo er dei første utanfor sjukehus som tilbyr medikamentell abort fram til 10. svangerskapsveke. No ynskjer dei at fleire i landet skal gjera det same, i tillegg til ein nasjonal abort-telefon.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

– Folk begynte å ringe med éin gong me opna for bestilling, fortel gynekolog i Sex og samfunn, Siri Kløkstad, på telefon til Framtida.no

I desember 2024 vedtok Stortinget ei ny abortlov. Den nye lova opnar opp for at abort også kan skje utanfor sjukehus. Som første aktør ut tilbyr Sex og samfunn medikamentell abort ved klinikken sin i Oslo frå 18. august 2025.

Medikamentell abort er skjer ved bruk av tablettar. Over 90 prosent av abortar i Noreg blir gjennomført ved denne metoden.

– Har det vore noko som har vore etterspurt før?

– Ja. Me er jo ein helsestasjon, og ofte er unge under 25 uplanlagt gravide, så det var med på å starta prosjektet. Fleire tok kontakt sjølv og spurde om me tilbydde abort. Det kjennest veldig godt no å vita at viss me får inn nokon som er gravide og ønsker abort, så kan eg rettleia og setta opp til time på direkten, fortel Kløkstad.

Medikamentell abort

  • Dersom graviditeten har vart mindre enn 10 veker kan du fullføra aborten heime, dersom du er frisk og over 16 år. Du må ha ein vaksen person hos deg den dagen du aborterer.
  • Medikamentell abort etter veke 10 og kirurgisk abort kan berre gjerast på sjukehuset.
  • Du kan få medikamentell (medisinsk) abort før fullgått svangerskapsveke 12, rekna frå første dag i siste menstruasjon. Aborten startar ved at du får ein tablett som avbryt svangerskapet. 24–48 timar seinare tar du kvalmestillande og smertestillande tablettar, og set fire piller i skjeden/endetarm eller under tunga i 30 minutt. Desse lagar rier og fullfører aborten.
  • Dei aller fleste (95 til 98 prosent) vil abortera innan få timar, vanlegvis fire til seks timar.

Kjelde: Sex og samfunn og NHI

 

Historisk

Sex og samfunn er Noregs største senter for seksuell og reproduktiv helse og rettar, og vart etablert for å delta i kampen for lov om sjølvbestemt abort.

– At me no faktisk skal tilby abort ved vår klinikk er historisk, skriv dei på Instagram.

Du treng ikkje tilvising frå legen din for å kunne nytta deg av tilbodet, men du må ha fylt 16 år og vera folkeregistrert i Oslo. Tilbodet er gratis og har inga øvre aldersgrense.

Sex og samfunn har jobba lenge for å få til abort i førstelinetenesta og håpar no at fleire vil komma etter i heile Noreg.

Førstelinetenesta vil seia fastlege, helsesjukepleiar, helsestasjon eller heimesjukepleiar.

Abort hos lege og helsestasjon?

– Å få sjølvbestemt abort ut i førstehelsetenesta gjer at sjølvbestemminga blir styrkt, i tillegg til at du også kan bestemma kor du skal gjera det og i nokon grad når, seier Kløkstad.

Ho peikar på at det eine ikkje er betre enn det andre, men at det er ein stor styrke å kunne ha fleire val.

– Det kan gi ein annan anonymitet, kanskje kjenner ein seg tryggare hos ein kjend lege eller helsesjukepleiar og så kan det vera ubehageleg å sitta på venterommet med andre høggravide på gynekologisk avdeling ved eit sjukehus når ein skal ta abort.

I tillegg peikar ho på reiseveg og at dersom dette blir ein del av førstelinjetenesta i heile landet, blir abort lettare tilgjengeleg for fleire:

– I Oslo og dei store byane er det enkelt å komma til sjukehus og kort reiseveg, medan det i distriktet kan vera snakk om at ein må fly eller køyra i fire timar.

Ynskjer nasjonal abortrettleiar og aborttelefon

Prosjektet er eit samarbeid mellom Sex og samfunn, Ullevål sjukehus og Akershus universitetssjukehus (Ahus).

– Dei er kjempepositive til dette og tenker det er eit godt tilskot til tilbodet dei har, seier Kløkstad.

Ho fortel at det stort sett er støtte å få når dei snakkar om prosjektet, men at nokre gynekologar og legar har vore skeptiske til at det kan bli ei utvatning av tilbodet.

– Nokre er også skeptiske til at det ikkje skal gjerast ultralyd av alle, sidan dei fleste fastlegar ikkje kan eller ikkje har ultralydutstyr.

Ho fortel at fleire legar og gynekologar er interesserte i få dette til, og etterlyser ein nasjonal abortrettleiar, midlar, retningslinjer og opplæring for å få tilbodet ut i førstelinjetenesta.

– Me drøymer også om nasjonal aborttelefon, altså eit nummer du kan ringa uansett kor du er i Noreg for å få hjelp og rettleiing for å avgjera om du skal ta abort, eller om medisinske spørsmål undervegs, seier Kløkstad.