Ukrainske barn veks opp i bomberom
Etter eit år med krig er millionar av ukrainarar drivne på flukt. Blant dei er det mange barn som no sit utan varme, mat og naudsynt skuletilbod, fortel UNICEF.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne saka var først publisert hos Framtida Junior. Der kan du òg lese om ukrainske Dima (8) som endeleg får gå på skule att.
Krigen i Ukraina har ført til at 5.7 millionar barn har mista viktig tilgang på skule.
– Er det noko barn verkeleg treng for å klara seg best mogeleg i ein truande og uføreseieleg situasjon, så er det rutinane, tryggleiken og læringa skulen gjev, meiner Kristin Oudmayer.
Ho er direktør for barn sine rettar og berekraft i UNICEF. Dei arbeidar for at barn sine rettar blir haldt ved lag i heile verda.
Går på skulen under bakken
Nesten dagleg skjer det nye bombeangrep i ukrainske byar. På grunn av angrepa er mange nøydde til å opphalde seg under bakken, i bomberom, t-banestasjonar og kjellarar.
– For mange barn i Ukraina er kvardagen skikkeleg utrygg og kaotisk. Nokre barn går i barnehage og på skule i bomberom langt under bakken, men mange får ikkje ein gong den mogelegheita, fortel Oudmayer.
Å gå på skulen er viktig for å veksa opp, utvikla sosiale eigenskapar og å få seg vener. Ungane som lever under bakken mistar mange av desse moglegheitene.
Angrep på sivile
I ein krig hender det ofte at sivile, altså dei som ikkje er med i militæret, blir angripne. I løpet av det siste året har mange sivile blitt utsette for bombeangrep. UNICEF fortel at kvardagen er skummel for ukrainske barn.
– Situasjonen for barna i Ukraina er kjempealvorleg og det hastar å få fram livsviktig hjelp til dei millionane av barn som lid, fortel Oudmayer.
– Angrepa og overgrepa mot sivile må opphøyra med det same, og me ber det internasjonale samfunnet om å sørgja for at dei som gjer brotsverk mot barn i Ukraina, blir stilt til ansvar, seier Birgitte Lange frå Redd Barna til Transit magasin.
Lagar barnevenlege sonar
Oudmayer fortel at UNICEF og liknande organisasjonar går inn i urolege område der det er mange barn for å laga barnevenlege stader.
– På desse plassane kan barn vera trygge saman med vaksne. Der får dei leika, læra, tulla og tøysa samstundes som dei får høve til å snakka om det vonde dei har inni seg, fortel ho.
Har du fått med deg desse sakene?
- Ukrainske Daniil (28) vakna til ei melding frå mamma: Krigen har starta: – Skrekk vart forvandla til sinne
- Les talen den ukrainske presidenten Zelenskyj heldt til det russiske folk: – Folket i Ukraina er allereie frie
- Russiske Ljuba (22) sat seks dagar i fengsel for å demonstrere mot Ukraina-krigen
- Ukrainske studentar i Noreg: – Stresset er med deg heile tida
- Les også: For eitt år sidan tilbaud ingen ukrainsk. No er faget meir populært enn russisk
Les også: Det er eit år sidan Lidia (20) vakna opp til eksplosjonar
KORLEIS HAR KRIGEN PÅVERKA UKRAINSKE BARN?
- Over 1200 barn har blitt skadde eller drepne i løpet av krigen.
- Nesten 6 millionar menneske er internt fordrive.
- Nesten alle barna i landet manglar straum, oppvarming eller reint vatn.
- 5,7 millionar barn har mista viktig skulegang.
- Tusenvis av barnehagar og skular har blitt øydelagde i bombeangrep.
Kjelde: UNICEF/FN