Ukrainske studentar i Noreg: – Stresset er med deg heile tida

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 26.09.2023 10:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nokre gonger må eg distrahere meg sjølv med film eller bøker. Eg skriv alle tankane mine ned i ei notatblokk, og eg teiknar mykje. Det gjer meg komfortabel, og hjelper meg med å gløyme alt som føregår.

Det fortel Kseniia Hadzhun (22) til Framtida.no på engelsk.

Då krigen i Ukraina braut ut tidlegare i vår, ville ho først bli verande. Ho hadde jobb, vener, studium og familie der. Trass i at bombene fall i heimeregionen hennar, ville ho ikkje forlate heimlandet.

Men jobben og studiet gav henne høve til å flytte på seg.

– Faren min sa: «Kva skal du gjere viss styrkane kjem hit? Utan straum, utan lys? Du er nøydd til å gripe sjansen,» fortel Hadzhun.

På grensa møtte Hadzhun menneske som var fortvila, frustrerte og redde. Ho kjende heile spekteret av kjensler. Ho såg alt i gråtonar. Stresset frå opplevinga sit framleis i henne.

Planen var å bli verande i Polen, men etter å ha kryssa grensa, visste ho at ho måtte komme seg til Noreg, der ho var på utveksling i haust. Då ho kom fram til hotellet første kvelden, bestilte ho billett vidare til Bergen.

Fast i Noreg

Hadzhun og medstudenten hennar, Olena Mordas, tar mastergrad i systemdynamikk. Mordas var i gang med vårsemesteret som utvekslingsstudent i Bergen då krigen braut ut.

Olena Mordas (t.v) var allereie i Noreg då krigen braut ut. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Ho kom hit med eit sterkt ønske om å studere i utlandet. Ho likte den norske kulturen, mentaliteten og samfunnet.

Plutseleg vart utvekslingssemesteret snudd på hovudet. Det var ikkje lenger trygt for henne å reise tilbake til familien, som framleis er heime i Kyiv.

– Du innser at du ikkje lenger kan reise heim igjen. Du vert halvvegs ein flyktning. Det er tøft å vere langt vekke frå familien og byen din, samstundes som du må prøve å støtte dei, seier ho.

– Enormt press og stress

– Korleis var det å sitte her i Noreg og sjå at krigen braut ut?

– Vi følgde med på hendingane, las nyheitene og gjorde vårt beste for å hjelpe Ukraina og flyktningane. Faren min er ein soldat. Soldatar, frivillige og doktorar risikerer livet kvar dag. Plikta vår er å hjelpe så godt vi kan frå utlandet, seier Mordas.

Dei ukrainske studentane ved UiB mobiliserte så godt dei kunne. Dei oppretta ei eiga foreining, arrangerte demonstrasjonar, jobba med ulike organisasjonar, omsette og delte informasjon, tok seg av studentar og flyktningar og hadde konferansar med professorar.

Mordas fortel at det er veldig stressande å vite at familien i Kyiv er så nære krigshandlingane. Bestemora hennar er gammal, og det er vanskeleg for henne å reise. Broren hennar har ikkje lov til å forlate landet, til liks med alle menn mellom 18 og 60 år.

– Russiske troppar kan bombe sjukehus, skular, barnehagar. Kvar dag lever du under eit stort emosjonelt press og stress for at noko kan skje når som helst, seier ho.

– Vi held kontakten gjennom meldingar og videosamtalar. Men det er ikkje det same når du ikkje får klemme mora di.

Mange har det vanskelegare

Kseniia Hadzhun, som flykta til Bergen i mars, fortel at hjelpa frå dei norske styresmaktene først gjekk veldig seint, men at ho no har det ho treng. Ho bur i lag med vener, har framleis løn frå Ukraina, og får hjelp gjennom universitetet.

– Eg har ikkje dei same behova som andre flyktningar. Eg trur mange har det mykje vanskelegare enn meg. Eg kjenner meg heldig, seier ho.

Kseniia Hadzhun syntest det var vanskeleg å forstå all informasjonen ho måtte navigere gjennom som flyktning. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Ho fortel om eit system med mykje informasjon som er vanskeleg å navigere gjennom.

– Det er Utlendingsdirektoratet, Bergen kommune, politiet. Det er mykje informasjon, og mykje av det er vanskeleg å forstå. Du treng hjelp med prosessen, seier ho.

Etter kvart fekk ho ein kontaktperson som kunne hjelpe henne med å finne fram i systemet. Etter tre månader var dokumentasjonen i orden, og ho fekk pengestøtte frå Noreg.

No føler ho at situasjonen hennar har stabilisert seg, og at ho er i stand til å senke skuldrene meir.

Stigma rundt mental helse

Ifølge Folkehelseinstituttet (FHI) er det viktig for flyktningane med tryggleik, stabilitet, høvet til å bruke eigne ressursar og å vite korleis ein navigerer i systemet, når dei først kjem til Noreg.

FHI skriv at det er viktig å vere obs på psykiske plagar blant flyktningane. Ifølge Verdas helseorganisasjon (WHO) lid mange flyktningar av PTSD, depresjon og angst. Den ukrainske befolkinga har dessutan mykje stigma rundt mental helse.

Hadzhun fortel at ho ikkje har fått tilbod om psykisk helsehjelp, men at ho vurderer å be om det no.

– Eg er redd for situasjonen heime, og når eg tenker på stresset ved kryssinga av grensa, vert tankane mine rotete, fortel ho.

Usikker tid

Medan Hadzhun søkte om, og fekk innvigla kollektivt vern då ho kom som flyktning, er Olena Mordas i Noreg med studietillating. Visumet går i utgangspunktet ut i slutten av august, men dei to kvinnene har fått beskjed om at dei vil få høve til å fullføre mastergradane sine ved universitetet, og med det følger opphaldsløyve. Formalitetane manglar enn så lenge.

Studentar frå Ukraina, så vel som Russland og Belarus, får økonomisk støtte frå staten til å dekke levekostnader.

– Det er ei usikker tid. Enn så lenge har eg ikkje fått vidare opphaldsløyve, ikkje tildelingsbrev frå universitetet, ingen informasjon om vidare pengestøtte. Det er vanskeleg. Du veit ikkje korleis du kan planlegge, eller om det er betre å reise heim og prøve å finne ein jobb, seier Mordas.

Også dei som hadde fått opphaldsløyve i Noreg før krigen braut ut, kan søke om kollektivt vern når visumet deira går ut.

Dårleg samvit

– Når du spør meg om framtida, vert tankane mine heilt blanke, seier Kseniia Hadzhun.

– Ingen ukrainarar bruker ordet «planlegge» no, seier Mordas.

Dei har framleis mastergradane å fullføre, i tillegg til å engasjere seg for heimlandet, flyktningar og ukrainske studentar. 24 timar i døgnet er ikkje nok.

– Det kjenst heile tida som at ein ikkje gjer nok, seier Hadzhun.

F.v. Olena Mordas og Kseniia Hadzhun fortel at tankane om krigen alltid er med dei i kvardagen. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Oppi det heile, prøver dei to kvinnene å finne tid til seg sjølve. Til å roe ned, ta ein pust i bakken, gjere noko kjekt. Dei er unge studentar med eigne liv, i ein spanande by.

– Dei siste tre månadene har det vore veldig vanskeleg. Først i slutten av mai var eg i stand til å lausrive tankane. Eg har framleis krigen i bakhovudet, heile tida, men no kan eg gjere begge delar, seier Hadzhun.

Mordas stadfester det:

– Sjølv i bursdagsselskapet til ein ven, når du prøver å slappe av og ha det kjekt, bekymrar du deg for familien din, seier ho.

Dei fortel at mange ukrainarar får dårleg samvit for å vere glad. Særleg når du er trygg i utlandet. Men du kan ikkje la det påverke den psykiske helsa di, slår dei fast.

– Eg kan få dårleg samvit berre av å høyre på musikk. Men eg prøver å kvitte meg med kjensla og nyte livet mitt her. Viss du slit med desse problema, klarar du ikkje å hjelpe andre, seier Hadzhun.

F.v. Olena Mordas og Kseniia Hadzhun prøver å finne rom for å le, midt i det heile. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Gode hjelparar

Dei to kvinnene rettar ein stor takk til det norske samfunnet, både for å ta imot flyktningar, og for å bidra med pengar, støtte, varer, leiketøy og våpen.

– Folk er veldig villige til å hjelpe. Ved ei innsamling var det ei fem år gammal jente som donerte favorittleika si. Ho sa at ho fekk glede av å gi den til ein ukrainsk flyktning, fortel Mordas.

Ho vil også løfte fram dei som er att i Ukraina for å forsvare landet. Frivillige, doktorar, soldatar og andre som trassar frykta si og kjempar for grensene, suvereniteten og fridomen til ukrainarane.

– Ukraina og Russland er ikkje det same. Vi er ulike nasjonar med kvar vår kultur og mentalitet. Prisen for krigen er enorm, spesielt for innbyggarane våre. Den russiske hæren har ein stor fordel i antal soldatar, våpen og utstyr. Vi kan ikkje gi opp, seier Mordas.

Begge to er overtydde om at dei vil tilbake til landet så snart det er trygt.

– Når du må flykte, innser du kor mykje du elskar landet ditt. Alle ukrainarar veit no kor viktig det er å sette pris på dei små, ordinære tinga, og leve livet til det fulle, kvar einaste dag. Klem mora di, sei takk til faren din, leik med hunden din. Det er så enkelt, men så viktig, seier Mordas.


Ljuba Samylova (22) vart arrestert for å demonstrere mot krigen i Ukraina. Foto: Privat

Kollektivt vern

Kollektivt vern gir beskyttelse til ukrainarar som ei gruppe. Det betyr at Utlendingsdirektoratet ikkje vurderer behovet for beskyttelse individuelt, men alle ukrainarar som flyktar frå krigen, får vern som gruppe. Det gir raskare hjelp til ukrainarane.