Russiske Ljuba (22) sat seks dagar i fengsel for å demonstrere mot Ukraina-krigen

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er opent mot denne krigen. Eg synest det er viktig å vise motstand mot handlingane til styresmaktene. Korleis kunne vi elles visst at majoriteten av russarar er mot krigen? 

Det fortel Ljuba Samylova (22) til Framtida.no over den krypterte meldingstenesta Telegram.

Ho er ein av fleire titals tusen russarar som demonstrerer mot krigen Vladimir Putin og dei russiske styresmaktene fører i Ukraina.

Sjølv om ho har vorte fengsla for å ta til gatene.

– Sjølvsagt er Putin i stand til dette

Før krigen i det heile braut ut for fullt bar Samylova eit handlenett med teksten Ingen krig på metroen heime i St. Petersburg.

22-åringen fortel at ho ikkje nødvendigvis vart overraska over invasjonen, men at ho like fullt vart sjokkert:

– Sjølvsagt var eg klar over at Putin var i stand til noko slikt, men eg trudde ikkje fullt på det.

No fryktar ho kor øydeleggjande krigen er både for ukrainarar og for russarar.

– Eg reknar det som ein global katastrofe fordi Russland forfølgjer sine imperialistiske mål og det set oss i fare: Vi mister folk vi er glade i, og opplever fattigdom og masseundertrykking av russarar som står opp mot krigen.

Ljuba Samylova har vorte teken i varetekt fleire gongar. Først i slutten av februar, då ho enda opp med ei bot på kring 1200 norske kroner.

I midten av mars vart ho arrestert igjen, for å henge opp eit klistermerke med teksten Ukraina er ikkje fienden vår. Då ho ikkje ville late politiet utføre ei medisinsk undersøking av ho, vart ho arrestert.

22-åringen vart halden i seks dagar. Ho kom heim til ei endevend leilegheit, ransaka av politiet.

Krigen, som ikkje er ein krig

I Russland kan borgarane ikkje eingong kalle krigen for ein krig. Ifølgje styresmaktene er det ein «militær spesialoperasjon».

Tidlegare i mars innførte den russiske Dumaen, som er den lovgjevande forsamlinga i landet, at «feil» informasjon om krigen i Ukraina kan verte straffa med inntil 15 år i fengsel.

– [Lova] kan rettast mot alle borgarar som fortel sanninga, sa Olga Lautman til VICE. Ho er Kreml-analytikar hjå Center for European Policy Analysis.

Reglane som vert innførte i Russland er nok ei innskrenking av ytringsfridomen i landet, der uavhengige aviser vert stempla som «utanlandske agentar», sensurerte og eller tvinga ut av landet.

Dei statlege media skildrar eit heilt anna bilete enn den røyndomen ukrainarar har levd i den siste månaden.

Dei fortel at Russland driv ein «fredsbevarande innsats», der dei vil «demilitarisere og denazifisere Ukraina». Dei fortel ikkje at Russland har brote folkeretten ved å invadere nabolandet, og om dei hundretals sivile som vert drepne av luftåtak og bomber.

Samylova fortel at ho ikkje følgjer statlege medium i heimlandet, men får mesteparten av nyheitene sine frå ulike Telegram-kanalar.

Motstand

Trass i at russiske styresmakter freistar å framstille krigen som ei frigjering, og gir stadig strengare straffer til dei som seier noko anna, så klarar Putin-regimet ikkje å stilne protestane.

Mange store, russiske kjendisar har ytra motstand mot krigen og demonstrert at dei ikkje støttar invasjonen av nabolandet.

Den russiske tennisspelaren Andrej Rubljov skreiv No war pleaseeit tv-kamera etter han gjekk vidare i turneringa Dubai Championships, medan fotballspelaren Fjodor Smolov delte eit svart bilete på Instagram og skreiv Ingen krig.

Oxxxymiron. Foto: Lado Kvataniya/Wikimedia Commons/CC0

Same dag som åtaka starta for fullt lasta den russiske rapparen Oxxxymiron opp ein protestvideo til sine 2,2 millionar følgjarar på Instagram. Han tok til orde for å stoppe krigsmarerittet.

Nyleg annonserte han på Instagram at han vil halde støttekonsertar kalla Russians against war, der alle inntektene skal gå til ukrainske flyktningar.

– Eg er veldig forbanna, fordi den fullstendig fucka situasjonen held fram, fordi krigen i Ukraina har halde på i over to veker. Samstundes er det titals millionar russarar som er kategorisk mot denne krigen, fortalde rapparen då.

Artisten peikte på at det er umogeleg å halde konsertane i Russland, fordi «alt som talar mot krigen er forbode og det er innført total sensur, og alle som protesterer mot krigen kan potensielt verte straffeforfølgde».

Teken i varetekt på grunn av eit klistremerke – så fengsla

Men også vanlege russarar tek til gatene i protest – over heile Russland.

Ifølgje den russiske menneskerettsorganisasjonen OVD info har over 15 000 vorte arresterte for å delta på protestar mot krigen sidan invasjonen 24. februar. Organisasjonen arbeider mellom anna med å dokumentere korleis protestar mot Kreml vert møtte.

Til Framtida.no fortel Samylova at ho vurderer risikoane før ho gjev uttrykk for si misnøye med styresmaktene i heimlandet.

– Eg var klar til å verte teken i varetekt for eg veit rettane mine i dette, fortel ho.

– Kvifor er du og andre aktivistar villige til å risikere konsekvensane? 

– Eg trur vi ser på protest som ein av dei effektive måtane å endre ting på. Og dei undertrykkjande tiltaka rører berre ein liten prosent av dei som protesterer.

Samylova fortel at endringane i lovverket gjer offentleg protest og å snakke mot krigen problematisk, noko ho trur òg er ein av grunnane til at fleire russarar forlèt heimlandet.

– Men russarar held fram med å kjempe mot Putin sitt regime og krigen hans på nye måtar: opprør gjennom flygeblad, stille demonstrasjonar og å leggje blomar ved minnestadane på 8. mars for å heidre minnet til falne ukrainarar.

Om alle forlet Russland, kven skal endre landet?

Sjølv vil ikkje 22-åringen forlate heimlandet. Ho har budd utanfor Russland i eitt semester, men innsåg at ho kjende seg verre enn då ho var heime.

– Endå eg ikkje er klar for innskrenkingane i fridomen min, til dømes, så vurderer eg ikkje å emigrere. Ein annan grunn er at mange allereie har forlate Russland, og det ser ikkje ut til å stoppe. Kven vil då endre og utvikle dette landet? spør ho.

Sidan krigen starta har også vilkåra i Russland endra seg. EU, USA og andre land har innført omfattande sanksjonar som reaksjon på invasjonen, men konsekvensane rører og ved vanlege russarar – ikkje berre oligarkar og styresmaktene.

– Økonomien vår døyr. Allereie merkar vi restriksjonar i matvarebutikken, at du til dømes ikkje kan kjøpe meir enn 5 kilo sukker. Kva vert det neste? Kva med medisinar? Kva skal folk som brukar utanlandske medisinar gjere? spør Samylova.

Samylova ser tre mogelege utfall av krigen: at atomvåpen vert brukte, at dei russiske styrkane vert trekte tilbake og Putin vert kasta, eller ei tilbaketrekking av styrkane som vert forklart med at Donetsk og Luhansk er trygge takka vere russiske troppar.

Om sistnemnde hender spår 22-åringen:

– Russland vil verte eit fattig land, skild frå verda av eit jernteppe og undertrykkjande mot si eiga befolkning.


Asya Fomina (t.v.) og Valerija Aleksejevna Altukhova er begge aktive i kvar sin miljøorganisasjon, sjølv om dei risikerer alvorlege følgjer. Foto: Privat. Kollasj: Framtida.no