Det er eit år sidan Lidia (20) vakna opp til eksplosjonar

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi tulla med det. «Nei, nei, det kjem ikkje til å bli nokon krig, vi er i det 21. hundreåret. Folk er ikkje så galne at dei gjer det».

Det seier 20 år gamle Lidia Bielova når Framtida møter henne i Oslo. Ho førebur seg på å halde ein appell framfor Stortinget på eittårsdagen for då Russland invaderte heimlandet hennar Ukraina.

For litt over eit år sidan såg livet hennar ganske annleis ut. Ho budde i Odesa saman med mora og veslebroren. Der studerte ho internasjonal rett, gjekk tur med hunden sin, spelte tennis og drog på konsertar med vener.

– Eg var bekymringsfri, og var eigentleg ein veldig lukkeleg person.

Lidia sit framoverlent i ein stol.

Lidia Bielova er frå Odesa i Ukraina og var 19 år då krigen braut ut. Foto: Åshild Slåen

Til Lviv

Sjølv om dei ikkje hadde venta krigen, var mora til Lidia likevel blitt bekymra. 

Odesa ligg heilt sør i Ukraina, og besteforeldra til Lidia budde berre eit kort stykke unna i Mykolajiv, ikkje så langt frå Krymhalvøya som Russland annekterte i 2014.

Difor vart Lidia, veslebror hennar og bestemora sendt til Lviv, som ligg vest i Ukraina, lenger borte frå den russiske grensa.

Ei veke seinare vakna Lidia opp til ein heilt ny kvardag.

Ein storm av kjensler

24. februar 2022 marsjerte russiske styrker over grensa og i løpet av nokre korte døgn forsøkte dei å ta over landet.

– Det var ein stor eksplosjon, og eg vakna opp og innsåg at krigen hadde starta, seier ho.

Ein av dei fyrste tinga som slo henne var at ho no ikkje kunne gå på konserten ho hadde kjøpt billettar til. Medan det tikka inn meldingar med «Går det bra med deg?» sokk det litt meir inn kva som hadde skjedd.

– Inni meg var det ein storm av kjensler. Det var smerte, sinne, eg kjende meg håplaus. Men så bestemte eg meg for at eg måtte vere ansvarleg og ta vare på familien min.

Bror hennar var 16 år då krigen starta, og bestemora var 70. Dei neste vekene måtte dei vente i Lviv medan mora forsøkte å kome seg dit på overfylte tog. Dagane flaut saman og Lidia sjekka nyheiter konstant.

– Du høyrer flyalarmen gå sju gangar om dagen, så sit du i bomberom i 9–10 timar utan elektrisitet. Dersom du kan, så sjekkar du nyheiter: Kva skjer? Korleis går det med venene dine?

Lidia scrollar på mobilen.

Lidia viser fram filmar frå då flyalarmen gjekk i Lviv. Foto: Åshild Slåen

Midt i stresset fekk bestemora eit hjarteinfarkt.

– Ho var så bekymra for mor mi, og bestefar i Mykolajiv som vart konstant bomba.

Heldigvis gjekk det bra med bestemora, og mor til Lidia kom seg etter kvart til Lviv.

– Det var den beste dagen i livet mitt. Eg følte endeleg at eg var i live att.

I Noreg

Frå Lviv gjekk turen til Romania og så til familie dei hadde i Noreg. Besteforeldra vart att og tok over leilegheita Odesa, sidan dei ikkje kunne bu i sitt eige hus som var bomba.

Den fyrste tida i Noreg var vanskeleg.

– Eg gret mykje fordi eg sakna det gamle livet mitt. Då vi kom til Oslo innsåg eg at eg måtte starte heilt på nytt. Eg måtte bli vaksen veldig fort, fortel ho.

Likevel meiner ho at det var ei veldig verdifull oppleving. Med hjelp frå familien i Noreg klarte ho å slutte å sjekke nyheitene heile tida, finne seg vener og gjere andre ting.

– Eg fekk meg ein jobb, for eg innsåg at eg måtte tene pengar og hjelpe familien min og vere meir ansvarleg.

No går dagane til å vere kelner, følgje førelesingar frå universitetet i Odesa på nettet, og å vere frivillig for å hjelpe andre ukrainarar.

Dei som er att

Det som frå russisk side var planlagt som ei rask overtaking av Ukraina, har blitt til ein langdryg krig som framleis held på. Mange ukrainarar flykta, men mange vart også att i landet for å kjempe og for å halde på heimstaden sin.

– Når eg pratar med besteforeldra mine så seier dei sjølvsagt «Ikkje tenk på oss, tenk på deg sjølv og livet ditt. Det går bra med oss, vi er gamle, vi har levd liva våre.»

Lidia tenkjer likevel ofte på dei ho kjenner som er att. Blant anna dei mannlege venane som har verneplikt.

Lidia med sju vener i Odesa.

Lidia har mange venar som framleis er i Ukraina. Nokre av dei kjempar ved fronten. Her frå Odesa, nokre veker før invasjonen. Foto: Privat

– Dei hadde aldri halde eit skytevåpen før invasjonen. Men dei kjemper for at landet deira og familien deira skal vere trygge.

Fire av venene hennar har døydd.

– Då eg mista den fyrste venen min så var det veldig vanskeleg. Eg kunne ikkje uttrykke kjenslene mine.

Då den andre venen døydde gjekk ho saman med studiekameratane sine og samla inn pengar til etterlatne av dei som døyr i krigen.

– Det hjelper. Eg er glad for at vi fekk vist familiane kor mykje vi bryr oss og set pris på dei som har døydd for å beskytte oss.

Norsk og studium

Framover fokuserer Lidia på å bli ferdig med bachelorgraden. Ho vil reise meir rundt i Noreg, gå på fleire demonstrasjonar for Ukraina og prøve å vere lukkeleg med det livet ho har etablert.

– Eg går på konsertar med venar og eg går mykje på tur i naturen med familien min.

Og så håpar ho å ein dag vakne til at presidenten i Ukraina seier at krigen er over og at landet er fritt og uavhengig. Fram til då prøver ho å leve som normalt.

– Kvar morgon når eg vaknar opp gjentek eg desse orda: Kjærleik, håp, helse og styrke.


Ein ukrainsk brannmann dreg brannslangar inn i ein stor fabrikk som er øydelagd av luftåtak. Foto: AP Photo/Vadim Ghirda