For eitt år sidan tilbaud ingen ukrainsk. No er faget meir populært enn russisk
– Sånn det er no og i lang tid framover er det veldig viktig. Det er ikkje nokon veg utanom språket for å forstå eigenarten til Ukraina, seier professor Atle Grønn.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg vil gjerne hjelpe menneske i ein vanskeleg situasjon, og ettersom eg kan polsk frå før, var vegen til ukrainsk lettare.
Annja Edyta Johansen (30) er halvt polsk, og tar ein bachelor i europeiske språk, med polsk, ukrainsk og russisk på Universitetet i Oslo. Framtida.no møter språkstudenten på HumSam-biblioteket på Blindern.
Johansen synest det er viktig at Universitetet i Oslo tilbyr ukrainsk språk på grunn av det som skjer i Ukraina og verda no.
– Trugar eksistensgrunnlaget
Då Russland invaderte Ukraina i fjor vår, heiv Universitetet i Oslo seg rundt og starta arbeidet med eit ukrainsk-studium. Det var ein direkte reaksjon på krigen og det at ingen norske undervisingsinstitusjonar tilbydde ukrainsk.
Førre semester hadde Universitetet i Oslo for aller første gong ukrainsk språk på timeplanen. No skal dei til med ukrainsk språk 2.
Atle Grønn har organisert og leia emnet, medan han har hatt ein ukrainsk hjelpelærar som ansvarleg for det praktiske. Russisk-professoren har nemleg lært seg språket undervegs sjølv.
– Det å kunne russisk hjelper veldig, slår han fast.
Han er for mange kjend som sjakkekspert, men han er òg professor i russisk ved Universitetet i Oslo.
– Krigen er forferdeleg for alle, men for oss som driv med russisk, så trugar han litt eksistensgrunnlaget vårt. Det å kunne snu det til å lære ukrainsk synest mange av oss er meiningsfullt, ei mager trøyst, og ein måte å vise solidaritet med Ukraina, seier han på telefon til Framtida.no.
Som norsk og færøysk
Nesten alle som har følgt ukrainsk-emnet i haust har bakgrunn frå russisk. Nokre har studert polsk.
Ifølgje Grønn er det 63 prosent felles ordforråd mellom russisk og ukrainsk. Det er meir felles mellom ukrainsk og polsk, der er det 67 prosent. Han samanliknar russisk og ukrainsk med norsk og færøysk.
– Eg skjønte grammatikken med ein gong, men detaljane og orda og alle bøyingsformene er jo noko anna. Særleg det å kunne bruke språket aktivt. Der har vi eit stykke å gå.
I haust har dei mest lese ukrainsk, og allereie den første veka las dei verkelege avistekstar. Kurset som går i dette semesteret er eit oppfølgingskurs der dei skal bruke språket meir aktivt og snakke ukrainsk.
Overraskande
Annja Edyta Johansen har lagt eit semester med ukrainsk språk bak seg. Ho har ein liten fordel i at ho kunne polsk frå før, men vart likevel overraska over likskapane mellom polsk og ukrainsk. Ho synest grammatikken er det mest utfordrande.
– Det er jo mykje likt med polsk, men å kunne det 110 prosent, der er eg ikkje heilt enda, ler ho.
Men ho forstår mykje av det munnlege i ukrainsk og har i tillegg ein språkven ho kan praktisere språket med.
Større enn russisk
For å følgje språkkurset, må ein ha kjennskap til eitt eller fleire slaviske språk, og kunne det kyrilliske alfabetet. Det gjer naturleg nok at ikkje kven som helst kan kaste seg på emnet. Ifølgje Atle Grønn er det ekstremt høgt nivå på studentane.
Det har ikkje berre vore «vanlege» studentar, men òg professorar, lektorar og akademikarar frå andre utdanningsinstitusjonar enn UiO.
Når Framtida.no snakkar med Atle Grønn har emnet gått eit semester, og eksamen er gjennomført. Over 40 har følgt ukrainsk, noko som er mykje meir enn for russisk.
– Så det er det største faget på slavisk. Og det er litt spesielt at ukrainsk er større enn russisk, seier Grønn, og legg til at ukrainskkurset no er eit av dei største språkemna på UiO etter norsk og engelsk.
Det siste året har det vore ein nedgang i russiskstudentar både nasjonalt og internasjonalt. Ifølgje Khrono har det vore ein nedgang på 30-50 prosent i delen studentar i russisk språk ved fleire leiande utdanningsinstitusjonar internasjonalt.
- Les også om propagandakrigen mellom Russland og Ukraina
Neglisjert land
– Kvifor er det viktig å lære ukrainsk no?
– Sjølv utan krigen er det viktig, for det er 50 millionar menneske som har eit eller anna forhold til ukrainsk. Ukraina er Europas nest største land geografisk. Det er eit neglisjert land eigentleg. Vi burde ha prioritert ukrainsk mykje sterkare, innrømmer Grønn.
Han peikar på at det er ein fordel å kunne ukrainsk, for då kan ein sjå Ukraina utan å gå gjennom russiske kjelder og aviser og på Ukraina sine eigne premiss.
– Sånn det er no og i lang tid framover er det veldig viktig. Det er ikkje nokon veg utanom språket for å forstå eigenarten til Ukraina og kvifor det er eit sjølvstendig land.
Å vere russisk-student i dag
Trass i situasjonen i verda og Ukraina-krigen er Annja Edyta Johansen framleis interessert i å lære russisk.
Ho har av og til fått skeive blikk når ho seier ho studerer russisk språk, noko ho forstår med tanke på situasjonen.
– Det er jo naturleg å tenke litt annleis. Mange tar litt avstand. Eg kjenner mange ukrainarar som tar avstand frå det russiske språket og går aktivt mot å snakke meir ukrainsk.
Språkstudenten håpar ukrainsk-tilbodet på Universitetet i Oslo blir verande over tid.
Sjølv om ukrainsk-studiet på UiO krev visse forkunnskapar, rår ho alle til å prøve å lære seg ukrainsk.
– Ein kan finne seg ein språkpartnar eller samle seg i kollokviegrupper med andre. Ingenting er umogleg og det mange ressursar på YouTube og på nettet generelt, så eg vil anbefale fleire, spesielt dei som har slavisk bakgrunn, å lære seg ukrainsk.
Tolk og utanriksdepartementet
Når ho er ferdig med studia, ser Johansen for seg å arbeide som tolk eller omsetjar. Ho trekker fram at situasjonen i verda har gjort at det er viktig å kunne mange språk, og spesielt ukrainsk.
– Det som står mitt hjarte nært er jo det å hjelpe menneske vidare, til å bli forstått og få hjelp til det dei treng. Det er eit ønske eg har, seier ho.
Ho understrekar at det å kunne språk opnar mange dører.
– Eg drøymer om å jobbe hos Utanriksdepartementet eller FN. Eller vidare som tolk og eller omsetjar.