Medietilsynet opprettar ungdomsnettverk
Ni barne- og ungdomsorganisasjonar skal delta i eit nytt nettverk som Medietilsynet no opprettar. Målet er at barn og unge skal bli høyrde og involverte når Medietilsynet jobbar med tiltak for å tryggje den digitale kvardagen deira.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I september 2021 lanserte regjeringa Solberg den nasjonale strategien for trygg digital oppvekst «Rett på nett», der reell medverknad frå barn og unge, informasjon og opplæring, personvern og forsking er blant innsatsområda.
Medietilsynet hadde ei sentral rolle i utarbeidinga av strategien, og har også ansvar for å koordinere oppfølgingsarbeidet. Arbeidet med ein eigen handlingsplan er no i gang, der sju direktorat bidreg.
Ungdomsorganisasjonar
– For å sikre rettane til barn på nett, er det viktig for oss å involvere barn og unge i arbeidet med handlingsplanen. Dei unge er ekspertar på sine eigne liv, og det er viktig at dei både blir involverte og lytta til i dette arbeidet, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet i ei pressemelding.
Ungdomsnettverket består av representantar frå Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar, Elevorganisasjonen, Seksualpolitisk Nettverk for Ungdom, Press – Redd Barna Ungdom, Skeiv Ungdom, Hyperion, KANDU, Stopp Hatprat og Ungdom og Fritid.
Nettverket samlast for første gong 30. august, saman med barne- og familieminister Kjersti Toppe og direktør Mari Velsand i Medietilsynet. Dei skal då diskutere kor det trengst meir forsking på trygg digital oppvekst-feltet.