Leila (19) om digitaliseringa: «Menneskerettane våre vert trua»

Leila Ahmetagić (19)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Mobilen min vekker meg kvar einaste morgon. Den følgjer meg gjennom heile morgonrutinen min. Eg les avisa på mobilen, sjekkar vêrmeldinga slik eg kan kle meg etter forholda. Medan eg er i dusjen og medan eg sminkar meg står musikken på full guffe.

Eg gjer alt arbeidet mitt føre ein PC-skjerm, og når eg skal slappe av ser eg på ein serie på TV-en. Viss det ikkje var openbert så er eg avhengig av teknologi i kvardagen min, no meir enn før grunna COVID-19.

Det digitale skiljet

Denne avhengigheita vi har til teknologi er det som har skapt mi interesse for temaet digitalisering. Temaet digitalisering omfattar mange store, kompliserte problemstillingar, derfor har eg valt å fokusere på korleis auka digitalisering påverkar menneskerettane våre.

Eg fryktar at digitalisering kan ha ein så negativ innverknad på samfunnet at det vil bli skapt store sosiale skilnadar mellom folk. Denne førekomsten at digitalisering er grunnen for auka sosiale skilnadar har eit namn og det er det digitale skiljet.

Det digitale skiljet er eit av vår tids største samfunnsproblem

Det digitale skiljet er eit av vår tids største samfunnsproblem, og viss vi ikkje endrar måten vi behandlar teknologi kan problemet verte enda større. Men, kva er det eigentleg vi kan gjere for å minimere det digitale skiljet?

Digital kompetanse og kollektivitet

Der er to konsept ein må vere klar over for å ta tak i dette problemet.

Det fyrste er omgrepet digital kompetanse. Det vil seie at ein person har kjennskap til korleis ein brukar diverse digitale utstyr som til dømes ein mobil eller PC. Omgrepet omfamnar også ein person si åtferd og evne til å tenkje kritisk ved bruken av digitalt utstyr, internett og sosiale medium.

Ei befolkning må ha digital kompetanse for å minimere det digitale skiljet. Det andre omgrepet er kollektivitet.

Internett har gjeve oss moglegheita til å vere tilgjengelege og nære kvarandre uansett den geografiske avstanden mellom menneske. I tillegg har internett gjeve oss sosiale plattformar kor menneske kan ha stor innflytelse utan å forlate husa sine.

Kollektivitet er viktig i møte med dette problemet fordi det er det kollektive som bidrar til det digitale skiljet ved å ikkje innsjå maktposisjonen det har i samfunnet. Samstundes er det også berre det kollektive samfunnet som kan ta dei nødvendige grepa å hindre eit auka sosialt skilje mellom menneske.

Mobilen er med over alt, og funkar både som kamera og ryktespreiar. Illustrasjonsfoto: Pricilla du Preez,

Sosial ryktespreiing

I Noreg er vi svært digitalt kompetente i høve til vår evne til å teknisk behandle digitalt utstyr, vi er likevel ikkje like flinke til å kritisk evaluere handlingane våre på nett. Åtferda vår varierer både frå det negative til det meir positive.

Sosiale medium blir brukt kvar einaste dag til å spreie rykte om folk

Eg til dømes gjekk på vidaregåande for nokre månadar sidan, og det er ein stad der sosiale medium blir brukt kvar einaste dag til å spreie rykte om folk, det kan skje kven som helst, alle er utsett; elevar, lærarar og offentlege personar.

Eg sat på mobilen, og eg grubla ikkje over om den kommentaren eg skriv kan verte negativt oppfatta av nokon andre. Eg grubla heller ikkje over om eg kan fornærme nokon og i verste fall gjere dei redd for å ytre seg eller dele meiningane sine.

Ytringsfrykt

Makta til det kollektive samfunnet tenkte eg heller ikkje over, fordi eg såg på meg sjølv som eit enkeltmenneske utan mykje påverknad. Denne tankegangen, eller heller mangelen på ein tankegang er skadeleg for samfunnet vårt.

Nokre menneske vert redd for å ytre seg på sosiale media fordi dei er redde for å bli dømd av framande på nett, slik blir samfunnsdebatten vår ukomplett.

For at eit demokrati skal funke optimalt må vi ha så mange meiningar i det offentlege rom som berre mogleg.

Når der er ei hindring for at menneske kan fritt ytre seg er menneskeretten vår som gjev oss rett på ytringsfridom ramma. Slik, gjennom daglegdagse handlingar på nett, vert digitalisering årsaka for at mange menneske kjenner seg ignorert og uhøyrd. Sakte, men sikkert trekker dei seg tilbake frå samfunnet og samfunnsdebatten. Demokratiet vert ramma og samstundes vert menneskerettane våre trua.

Vi menneske er kreative skapningar. Samstundes som vi finner nye måtar å hjelpe kvarande på, finner vi også nye måtar å ramme kvarandre på. Digitale verkemiddel gjer sistnemnde så mykje enklare. Ofte er vi ikkje klar over at vi har ramma nokon i det heile tatt.

Stalking og retten til privatliv

Som ung jente har eg uvitande gjort ting som har ramma mine medmenneske. Eg har gang på gang hjelpt ein ven med å undersøkje ein gut som ho likar.

Sosiale medium er mitt beste hjelpemiddel i denne situasjonen. Eg og venene min vil vite alt om denne guten, alt frå alderen hans, til utsjånad og kva han jobbar med.

Det er ikkje alltid denne informasjonen er like lett tilgjengeleg fordi guten har ein privat profil, men ikkje tru det stoppar oss. Vi byrjar berre å fundere på kven er det vi kjenner som følgjer han?

Vi har nok digital kompetanse til å fråta eit anna menneske privatlivet sitt

Det går ikkje lang tid før vi tek kontakt med denne personen og får sjå innhaldet på denne profilen uansett. Gjennom heile denne prosessen har verken eg eller venene mine tenkt over at vi rammar denne guten sin menneskerett til privatliv. Vi har på vår eigen måte bidratt til det digitale skiljet fordi vi har nok digital kompetanse til å fråta eit anna menneske privatlivet sitt, men ikkje nok til å oppfatte den negative konsekvensen av dette. Vi kan bli utnytta på akkurat same måte sjølv.

Har du funne informasjon om nokon på nett, som eigentleg ikkje er tilgjengeleg for deg? Illustrasjonsfoto: John Schnobrich, Unsplas.com

Kamera på byen

Også kamera blir ofte misbrukt, igjen ikkje med intensjonen av å ramme nokon. Der finst eit utal menneske i dette landet som har opplevd scenarioet av å gå ut på byen, drikke, bli stup full og i same slengen gjer nokre svært flaue ting.

Det er likevel ikkje flaut medan ein faktisk er i fylla, men når ein vaknar dagen etter med hovudverk, og – slik som meg – har ei morgonrutine som aktivt inkluderer mobilen og går inn på Snapchat eller Instagram, trykkar seg inn på venane sin story og ser seg sjølv blir ein flauare enn ein nokon sinne har vore.

Mange menneske kjenner verkeleg på at privatlivet deira blei invadert og ikkje respektert

Å vere flau er likevel betre enn det å kjenne seg sårbar og invadert. Mange menneske kjenner verkeleg på at privatlivet deira blei invadert og ikkje respektert.

Dei går rundt og hugsar den kjensla dei kjente når dei gjekk inn på venen sin story, den sårbarheita følgjer dei store delar av livet.

Nok ein gong ser vi eit døme på at vi nordmenn har meir enn nok kompetanse til å utføre ei slik handling, men ikkje nok til å vite at det er galt.

Normaliserer negativ åtferd

Døma eg har valt å bruke har eg valt fordi eg vil at vi som er ordinære menneske skal innsjå at vi bidrar til det digitale skiljet. Vi bidrar til at menneskerettane våre vert ramma kvar dag, ved å gjere daglegdagse ting på nett.

Vi normaliserer negativ åtferd på nett. Vi anerkjenner ikkje at vi enkeltindivid, som er ein del av eit større kollektivt samfunn, har reell makt.

Det er vår normalisering av dårleg åtferd og det at vi heile tida er vitne til dårleg åtferd på nett som gjer slik at mektige menneske, statar og selskap også oppfører seg dårleg på sosiale medium, eller utnyttar den digitale infrastrukturen i eit land på ein negativ måte.

Vi har kome til året 2020, eit av verdas aller mektigaste menneske – nemleg Donald Trump – brukar Twitter ikkje berre til å henge ut andre menneske, men også til å svekke sin eigen nasjon sin demokratiske prosess.

Sjølve konseptet privatliv som det tradisjonelt tyder finst ikkje lenger

Selskap som Facebook og Google innvaderer privatliva våre. Sjølve konseptet privatliv som det tradisjonelt tyder finst ikkje lenger.

Donald Trump og åtferda til Google og Facebook har ikkje falt som regn frå klår himmel, det er årevis med ukultur og dårleg åtferd blant millionar av vanlege menneske som har validert deira åtferd.

Me har slutta å bli overraska over Twitter-meldingane frå president Donald Trump. Foto: Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0

Den første teknologiske kvardagen

Det har kome til det stadiet at når vi ser at Donald Trump twitrar noko som er rasistisk eller kvinnefiendtleg bryr vi oss ikkje lenger, fordi vi er vant til det.

Kvifor er det slik kan vi spørje?

Eit av svara på dette spørsmålet er at vi er dei aller fyrste menneska som har hatt tilgang til slik teknologi, ingen har kunne vist oss kva som er rett eller gale og kva som er god åtferd og kva som ikkje er det.

Vi som samfunn har berre omfamna den teknologiske kvardagen utan altfor mange spørsmål eller altfor stor kritikk. Det er derfor på tide at vi som samfunn innrømmer at vi ikkje er godt nok adaptert den digitale kvardagen, og at vi har ein lang veg å gå før vi er det.

Raskare utvikling

No har eg måla eit svært negativt og dystert bilete for dykk. Det digitale skiljet blir berre større og større ettersom digital utvikling skjer raskare og raskare.

Er det ein ting COVID-19 har bevist for oss er det at vi som samfunn er avhengige av teknologiske hjelpemiddel i kvardagen.

Vi har funne nye digitale løysingar på til dømes skule, heimekontor, fritidssyslar og mykje meir som mest sannsynleg kjem til å vere i bruk lenge etter denne pandemien.

Derfor er det viktig at vi menneske kan finne ei løysing på det aukande digitale skiljet, vi som samfunn må auke vår digital kompetanse.

Vi må innsjå at det kollektive storsamfunnet har makt, og at vi saman kan endre verda

Eg hadde ikkje skrive denne artikkelen hadde det ikkje vore for at eg trur på ei relativt enkel løysing vi alle kan implementere i kvardagen vår for å auke den digitale kompetansen vår.

Løysinga er medvit.

Viss vi alle klarar å tenkje før vi delar, tenkje før vi filmar, og å tenkje før vi søkjer opp andre, og gjer dette til den nye sosiale norma. Då vil også store selskap, statar og mektig personar skjøne at vi finn oss ikkje i at dei innvaderar privatlivet vårt, eller at dei krenker våre medmenneske.

Vi må innsjå at det kollektive storsamfunnet har makt, og at vi saman kan endre verda, og gjere ho til ein betre stad for framtidige generasjonar. På denne måten kjem færre menneske til å hamne utanfor, fleire blir inkludert i samfunnsdebatten og både demokratiet og menneskerettane våre vil bli ivaretatt.


Les også om Mia Landsem, som er etisk hackar: – Mange trur eg er kriminell når eg seier eg jobbar som hackar

Mia Landsem er etisk hackar hjå Orange Cyberdefense. Foto: Orange Cyberdefence