Koronapandemien påverkar yrkessvalet for éin av fem unge

I dag går søknadsfristen for å søkja høgare utdanning ut. Ei undersøking viser at tre av ti unge har fått endra syn på utdanning etter pandemien. 

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Jeg er veldig glad for at jeg har valgt å bli sykepleier fordi jeg har trygg jobb resten av livet og alle er ikke så heldige.» 

Det skriv ein av respondentane i ei spørjeundersøking om utdannings- og yrkesval som er gjennomført av Opinion på vegner av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

1 av 5 svarar at korona har påverka valet av yrke, medan 3 av 10 svarar ja på spørsmål om koronapandemien har påverka synet deira på utdanning. 

1103 respondentar i alderen 15-25 år har svart på undersøkinga som er presentert i rapporten Varige arr? Utdannings- og yrkesvala til unge under pandemien.

Jentene tok i større grad enn gutane inn over seg koronasituasjonen, noko som samsvarar med andre undersøkingar.

Forventar ny søknadsrekord

Fram til kl 14.00 i dag kan du via Samordna Opptak søkja på 1317 studier ved 27 universitet og høgskular, samt 437 studier ved 23 fagskular. 

Fristen for å søke høgare utdanning er i år utsett på grunn av påsken ifølgje Jørgen Ofstad, seksjonsleiar i Samordna opptak.

 Først og fremst er det ein sørvis til søkande slik at dei slepper å bruke tida rett før påske. Så er det for å få samla dei søkjarane som ønskjer å ha litt tid til å tenke gjennom ting, søke informasjon og få gjort det utanfor høgtida, seier Ofstad til NRK Nyhetsmorgen.

I fjor var det rekordmange søkjarar og over 110.000 fekk tilbod om studieplass.

– Vi tippar mange kjem til å bruke litt tid på å reise litt eller ta seg ein jobb før ein studerer, fordi samfunnet opnar igjen, seier Ofstad til NRK.


Framleis usikker på kva veg du skal velja? Les om ulike yrke i spalta «Yrket mitt»:

Fredrik Brekke er aksjemeklar hjå DNB i Bergen. Foto: Privat