KFUK-KFUM beklagar skaden organisasjonen har påført skeive

Den kristne organisasjonen KFUK-KFUM beklagar å ha påført skeive menneske skam, smerte og skade.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare denne veka beklaga Bispemøtet dei historiske haldningane sine til homofili i samband med at det var 50 år sidan avkriminaliseringa av homofili i Noreg. Fredag følgjer KFUK-KFUM opp med unnskyldninga si:

– Den nylege fråsegna til biskopane gir oss eit godt høve til å no, offisielt og ope, be om unnskyldning for den skam, smerte og skade vi har påført skeive, skriv forbundsstyreleiar Sven Larsen og generalsekretær Øystein Magelssen i ei pressemelding.

Stigmatiseringa fekk sterke negative konsekvensar for folks personlege utvikling, arbeidsliv, helse, sosiale liv og tilknyting til kristne fellesskap, skriv dei.

Skeive i rørsla gjekk i skjul

Organisasjonen viser òg til ein episode i 1988 då den tillitsvalde Berge-Andreas Jenvin-Steinsvåg vart kasta ut av KFUK-KFUM etter å ha stått fram som homofil.

– Med den tydelege offentlege avstanden mot homofile og lesbiske deltakarar vart konsekvensen at homofile og lesbiske gjekk i skjul i rørsla vår, meiner organisasjonen. Den trekkjer fram at mange lesbiske og homofile trekte seg ut i «frykt og redsel» eller levde dobbeltliv.

– Desse menneska, medlemmene og leiarane våre, var allereie ei utsett samfunnsgruppe som vart diskriminert på ei rekkje samfunnsarenaer. Det skulle dei ikkje ha opplevd hos oss.


Illustrasjonsfoto: Raphael Renter/Unsplash