Festen er over – slik blir framtida for økonomien i Noreg
Noreg har eit betre utgangspunkt enn mange andre land, men fleire eldre og lågare fødselstal fører til utfordringar for økonomien – trass oljefondet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Korleis blir økonomien for Noreg dei neste førti åra? Og kor lett blir det for politikarane å lova pengar til stadig nye velferdstiltak, anten det er gratis tampongar eller tannlege?
Ikkje så lett, ifølgje Perspektivmeldinga.
Perspektiv-kva-for-noko, sa du?
Framtida.no har spurt 80 vidaregåandeelevar om dei har høyrt om Perspektivmeldinga. Ingen hadde høyrt om ho. Denne meldinga handlar om norsk økonomi dei neste førti åra. Altså dei åra dagens unge kjem til å få seg jobb, hus og ungar. Det Perspektivmeldinga seier, er med andre ord viktig for framtida til dagens unge.
Her er hovudpunkta i Perspektivmeldinga 2021:
Utgiftene aukar, men inntektene heng ikkje med
Dei neste tiåra vil det vera færre i yrkesaktiv alder for kvar pensjonist. I dag er det fire personar i aldersgruppa 20-66 år for kvar person i pensjonsalder. I 2060 vil det berre stå to i yrkesaktiv alder bak kvar person i pensjonsalder.
Og med fleire eldre treng me fleire pengar til pensjonar og helse- og omsorgstenester. Og med fleire folk på pensjon og færre i arbeid, så vil det bli færre skatteinntekter. Dessutan er oljeinntektene venta å bli lågare. Resultatet er trongare offentlege budsjett.
I perioden 2011-2019 auka inntektene meir enn utgiftene. For kvart år kunne politikarane bruka 21 milliardar ekstra. Dette handlingsrommet krympar til fire milliardar i gjennomsnitt per år fram mot 2030.
Handlingsrommet det næraste tiåret er berre akkurat det me vil trenga viss me skal dekka opp for veksten i helse- og omsorgsutgifter når befolkninga blir eldre.
Dette betyr at politikarane oftare må velja mellom å kutta i tilboda eller auka skattane.
Skatteauke eller velferdskutt?
Utfordringane vil auka endå meir fram mot 2060. I 2060 er det rekna med eit behov for innstrammingar på om lag fem milliardar kroner kvart år.
Dersom dei folkevalde vel å auka skatten, tilsvarer det ein auke i den gjennomsnittlege skattesatsen på inntektene til hushalda frå 24,6 prosent i 2021 til 25,7 prosent i 2030 og vidare til 32,5 prosent i 2060.
Hovudstrategien til Solberg-regjeringa har vore få fleire i jobb og meir ut av ressursane i offentleg sektor. Det vil både kunna auka inntektene og redusera utgiftene. Det er venta at også ei Støre-regjering vil ha dette som eit hovudmål, samstundes som skattane kan bli auka noko for dei med størst inntekter og formuer.
Det grøne skiftet
Overgangen til eit lågutsleppssamfunn vil krevja omstilling – både globalt og her heime. Det vil òg ha konsekvensar både for olje- og gassverksemda til Noreg, og for produksjon og prisar på fornybar energi. I desse dagar er oljeprisen høgare enn Solberg-regjeringa rekna med då dei la fram statsbudsjettet for eitt år sidan. Men oljeprisen er venta å gå ned når stadig meir av verda blir elektrifisert. Oljefelt som i dag blir utbygd kan bli ulønsame før dei er tomme.
Petroleumssektoren vil gi mindre draghjelp til den økonomiske veksten framover. Andre sektorar må ta over for verdiskapinga. Derfor treng norsk økonomi fleire bein å stå på.
Fleire må komma i jobb
Det viktigaste for å finansiera velferdssamfunnet, er å få fleire i jobb. Det gjev høgare skatteinntekter.
Finansdepartementet reknar at det vil vera nødvendig med ein auke i arbeidsinnsatsen på 10-15 prosent fram mot 2060 for å lukka gapet i offentlege finansar. For å få til dette må fleire av dei som står utanfor jobb inn i jobb, og fleire eldre må stå lengre i arbeid.
Dersom forskjellen i sjukefråvær mellom Noreg og Sverige blir redusert med to tredelar, vil det betre budsjettbalansen om ti år med om lag 20 milliardar kroner. Å halvera forskjellen til Sverige når det gjeld delen som er uføretrygda, gir 44 milliardar ekstra på offentlege budsjett om ti år, ifølgje Perspektivmeldinga.
Fakta: Så mykje oljepengar bruker Noreg i 2021
- Ifølgje statsbudsjettet for 2021 får staten ei netto inntekt i år på 99 miliardar kroner.
- Statsbudsjettet har eit underskot på 371 milliardar kroner.
- Dette underskotet blir dekt ved ei tilsvarande overføring frå Statens pensjonsfond utland, også kalla oljefondet.
- Våren 2001 vedtok Stortinget å ikkje bruka meir av oljefondet enn det me kan venta som den langvarige avkastinga av fondet. Først rekna ein at avkastinga ville vera på fire prosent. Seinare har ein gått ned til tre prosent. Les meir om handlingsregelen her!
- Les meir om oljepengebruken her!