Fleire søkjer yrkesfag enn studieførebuande

Over ni av ti søkjarar har fått plass på vidaregåande opplæring gjennom føsteinntak. I år har 1.900 fleire søkt yrkesfag enn studieførebuande i VG1.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Noreg treng fleire fagarbeidarar, derfor er det bra at det stadig er fleire som søkjar yrkesfag, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Dei siste åra har over halvparten av norske vidaregåande elevar søkt seg inn på yrkesfaglege utdanningsprogram. I år er delen 52 prosent.

Helse- og oppvekstfag mest populært

Helse- og oppvekstfag er utdanningsprogrammet med flest søkjarar til VG1 og VG2, medan teknologi- og industrifag har størst auke i søkjarar, med 290 fleire enn i fjor.

Fleire jenter vel gutedominerte program

Det er òg fleire jenter som har søkt seg inn på dei tradisjonelt gutedominerte programma bygg- og anleggsteknikk og teknologi- og industrifag.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå kan Noreg komme til å trenge 88.000 ekstra fagarbeidarar innan 2035.


Torbjørn Vereide (øvst) er fagleg ungdomssekretær i LO Vestland og Roger Pilskog (nedst) er distriktssekretær i LO Vestland. Illustrasjonsfoto: Beate Haugtrø