Regjeringa vil gi 200.000 unge skattelette

Eit nytt jobbfrådrag for unge under 30 år blir føreslått av regjeringa. Det legg til rette for skattelette, og dessutan at fleire kan komme inn i arbeidslivet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Frådraget slik det er skissert, vil i snitt gi skattelette på inntil 20 prosent til unge med låge og middels inntekter. I tillegg til å gi unge meir å rutte med vil det styrkje insentivet til å jobbe, seier finansminister Jan Tore Sanner (H) i ei pressemelding.

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner er nøgd med dei nye tala. Foto: Marte Garmann, Regjeringen

Forslaget, som er sendt ut på høyring, vil innebere ei skattelette på meir enn 4.000 kroner for om lag 200.000 unge. Samtidig vil om lag 100.000 unge få mellom 2.000 og 4.000 kroner i lågare skatt.

Lågare sysselsetting

Delen sysselsette under 30 år har gått ned dei siste 20 åra. Utviklinga må sjåast i samanheng med at fleire tek høgare utdanning, men handlar òg om meir utanforskap.

Delen unge som får uføretrygd eller arbeidsavklaringspengar, har auka i perioden, skriv Finansdepartementet.

– Regjeringa ønskjer å snu denne utviklinga gjennom mellom anna å styrkje arbeidsinsentiva for unge. Lykkast vi med dette, vil det kunne bety mykje for den enkelte, men også for den økonomiske berekrafta i tiåra som kjem, seier Sanner.


Leiar i Senterungdommen, Torleik Svelle, reagerer på at unge ikkje får skattefridrag for å spara til gard, på same måte som ein gjer med bustadsparing i BSU. Foto: Privat