Revidert nasjonalbudsjett: Dette betyr det for lommeboka

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Men utover dette er det få endringar som påverkar forbrukarane direkte.

I det reviderte budsjettet, som vart lagt fram tysdag, foreslår regjeringa å bruke 120 millionar kroner på å redusere ferjeprisane med 10 prosent i andre halvår. Innan 2025 er planen at prisane skal halverast, noko stortingsfleirtalet har bestilt frå regjeringa.

Mange hadde håpa at regjeringa skulle kutte meir i avgiftene på matvarer, alkohol og tobakk i det reviderte budsjettet, for å hindre grensehandel. Men på dette punktet kom det få endringar frå statsbudsjettet.

– Det er uklokt av regjeringa å tvihalde på høge avgifter på varer som vi veit at nordmenn vil grensehandle for milliardar av kroner når grensene på eit tidspunkt gjenopnar, seier Petter Haas Brubakk i NHO Mat og Drikke.

Det reviderte budsjettet må likevel gjennom Stortinget for å bli vedteke, og der kan det tenkjast at Frp krev fleire avgiftskutt for å gi budsjettet fleirtal.

Billigare lettbrus

Ein ting som blir endra, er likevel avgifta på brus og andre alkoholfrie drikkevarer. Ho blir frå 1. juli sett ut ifrå kor mykje sukker dei inneheld, og lettbrus blir dermed billigare.

Denne endringa er allereie kjend frå statsbudsjettet, men no er systemet for avgifta klart.

Regjeringa vil ha fleire ulike trinn i brusavgiftene.

– Differensieringa inneber fleire avgiftssatsar slik at drikkevarer med mest sukker får uendra avgift, medan varer som er tilsett mindre sukker eller berre kunstig søtstoff, får lågare avgift, skriv regjeringa.

Ei liknande differensiering blir ikkje innført for mjølkeprodukt.

Det blir innført eit nytt system for brusavgiftene. Illustrasjonsfoto: K8/Unsplash

BSU til oppussing

Dersom du sit med pengar på BSU-konto og allereie eig bustad, kan budsjettet gi deg nye moglegheiter.

– Regjeringa foreslår at midlar på konto for bustadsparing for ungdom (BSU) ikkje berre skal kunne brukast til kjøp av bustad, men også til oppgradering og vedlikehald av bustaden, skriv regjeringa.

Det blir allereie opna for at nokre slike kostnader kan dekkjast i inntil fem år etter bustadkjøpet.

– No blir tilgangen lovfesta, han blir gjord generell, og det blir ikkje stilt krav til tidsmessig samanheng med sjølve bustadkjøpet, skriv regjeringa.

Avgifter på e-sigarettar

I budsjettet innfører regjeringa òg ei ny avgift på e-sigarettar og andre nye nikotinprodukt.

Avgifta blir sett lågare enn på tobakk, fordi helseskadane er mindre

– Nivået på avgifter for e-sigarettar bør liggje på om lag 30 prosent av avgifta for tobakkssigarettar, berekna ut frå gjennomsnittleg dagleg forbruk, skriv regjeringa.

E-sigarettar er forbodne inntil EUs tobakksdirektiv er gjennomført i Noreg, og den nye avgifta vil neppe skape nye inntekter for staten i 2021, skriv regjeringa.

Dyrare transport?

Ei anna endring i det reviderte statsbudsjettet er at den ekstra låge momssatsen som kulturlivet, transport og reiselivet har hatt under korona, blir auka igjen.

Dermed kan reiser og kulturopplevingar – i den grada det blir gjennomført – bli dyrare.

Ei anna nyheit som kan påverke dei som er ute og reiser, er at ordningane med streng grensekontroll blir foreslått vidareført heilt fram til november.

– Regjeringa vil òg vidareføre ordninga med karantenehotell for innreise til Noreg i same periode, skriv regjeringa.


Jon Emil Kvidal frå Rissa har odel og vil inn i landbruket, men meiner løna er for dårleg. Foto: Privat