Språkrådet har kåra årets ord

Språkrådet har kåra «koronaen» som årets ord og dessutan dei ti nye uttrykka og omgrepa som dei meiner har prega 2020 mest.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er oppdatert.

– Ikkje noko har preget nyheitsbiletet i år meir enn koronapandemien. Då vi såg gjennom det store kjeldematerialet, var korona og spesielt koronaen i bestemd form noko av det som prega tekstane aller mest, seier direktør Åse Wetås i Språkrådet til NRK.

Korona er ikkje eit nytt ord i norsk. Frå før var det mellom anna kjent som fagordet for det ytste laget i solatmosfæren. Grunnlaget for namnet koronavirus er at den tagga overflata på viruset minner om strålekransen rundt sola. Korrekt stavemåte av ordet i norsk er med k, skriv Språkrådet i grunngivinga si.

Gjesp

– Når historikarane skal sjå tilbake på 2020, er sjansen stor for at dei kjem til å skrive om koronaen i bestemd form. I daglegtalen blir koronaen brukt om både viruset, sjukdommen, krisa og sjølve tida vi er inne i, seier seniorrådgivar Dagfinn Rødningen i Språkrådet.

Språkvitar Helene Uri hadde håpa på eit meir positivt vinnarord, men er samd i at «koronaen» representerer året vi har vore igjennom.

– Det er ei klok og forståeleg grunngiving, men kanskje eg kveler ein bitte liten gjesp, seier ho til NRK.

Er du einig i at «koronaen» bør vere årets ord?

Er du einig i at «koronaen» bør vere årets ord?

Ja, det er det beste!9
Nei, det er kjedeleg...23
Det er heilt greitt.15
Bryr meg ikkje. 12
Svar totalt: 59

 

Stort alvor

Kor mykje eit ord er brukt i skriftlege medium er blant dei viktigaste kriteria for å bli årets ord, ifølgje Språkrådet.

– Vi må hugse at året har vore prega av eit stort alvor, og valet av toppord speglar at vi har gått inn i ei forskjellig tid, seier Wetås i ei pressemelding.

Dei andre orda på årets liste er: «halde meteren», «statsforvaltar», «lyshare», «nødlandslaget», «flate ut kurven», «melaninrik», «sprite», «kronerulling» og «kohort».

Språkaktivisme

Årets ord blir kåra av Språkrådet i samarbeid med professor Gisle Andersen ved Noregs handelshøgskole.

– Statsforvaltar skal erstatte fylkesmann, noko som er vedteke av Kommunal- og moderniseringsdepartementet som ledd i arbeidet for å fjerne kjønnsmarkerte stillingstitlar. På den andre sida er melaninrik eit ord som er skapt gjennom språkaktivisme for å erstatte meir gammaldagse ord om menneske med mørk hudfarge, seier Andersen.


Ord som vart løfta i rapporten: Words of an Unprecedented Year, frå Oxford Dictionary i år.
Bakgrunnsfoto: Patrick Tomasso/Unsplash.