Tobias Sten diggar at austlandsfolk syng på storddialekt
– Eg håpar folk skal kjenna på ei tilhøyrsle når dei høyrer på musikken min. Ei form for å bli sett og ikkje føla seg einsam, uttrykker artisten.
Denne saka vart først publisert av systeravisa vår, Framtida Junior.
Tobias Sten frå Stord var Noregs mest spelte artist på Spotify i fjor, og har vore ein av dei mest populære på norske festivalar i sommar. Sten er mest kjend for låtar som «Fy faen du e deili», «Eli», «Ka visste eg» og «Ingen her e deg».
Sten hugsar godt då han skjønte at han ville bli artist.
– Då var eg nok kanskje 10–11 år. Det var cirka på same tid som då eg fekk min eigen Spotify, skriv han på e-post til Framtida Junior.
Den største draumen hans som barn var klar.
– Min største draum då var nok å bli stor countryartist. Reisa rundt og spela konsertar for mange menneske. Og bli eit godt førebilete for fleire, fortel han.
I dag håpar han musikken betyr noko for dei som lyttar.
– Eg håpar folk skal kjenna på ei tilhøyrsle når dei høyrer på musikken min. Ei form for å bli sett og ikkje føla seg einsam.
Stolt av nynorsken
Tobias Sten syng på storddialekt og har fått mykje ros for det. Det mykje for han å kunna syngja på dialekt.
– Å bruka nynorsk i musikken min synest eg er ganske stilig at eg får til.
– Eg synest også at det er kult at folk frå Austlandet no syng songar på storddialekt. Eg diggar det.
Han fortel at mange har lagt merke til språkvalet.
– Absolutt. Mange har gitt det stor merksemd og sagt at det er ein styrke. Eg fekk til og med utdelt Dialektprisen for bruk av dialekt, som er veldig stas.
● Les også: Tobias Sten får Dialektprisen 2025
Får plutseleg ein ny idé
Ideane til songane kjem ofte når han minst ventar det.
– Dei fleste ideane kjem som regel til meg heilt plutseleg, ofte utan at eg er klar. Setningar eller melodiar som berre dukkar opp, så tek eg dei i bruk og utviklar dei.
Til barn som drøymer om å bli artist eller stå på ei scene, har Sten eit tydeleg råd.
– Aldri gi opp. Stå på ditt og ha tru på at du veit best. Du må ha ein viss del sjølvsikkerheit – og INGEN PLAN B.








