Framtida sine beste boktips frå 2020
Veit du ikkje heilt kva for nynorskbok du skal leggje under treet til dei som likar harde pakkar? Her er årets beste bokmeldingar frå Framtida.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kleda er gjennomvåte – Erlend Skjetne
Erlend Skjetne skriv for Framtida.no, men vår eksterne bokmeldar lét seg begeistre stort for 32-åringen sin første roman.
«Forfattarskapet til Erlend Skjetne er enno ungt, men kanskje det mest lovande i Noreg. Allereie har han levert to bunnsolide bøker, og Kleda er gjennomvåte har etter mitt skjønn potensialet til å bli ståande som ein klassikar,» skriv Magnus Rotevatn.
Høgspenning. Livsfare – Helene Guåker
Helene Guåker har debutert på nynorsk med ein undomsroman som slo beina under bokmeldar Elise Solvåg.
«Det er mange viktige ungdomsbøker der ute, men eg trur Guåker her har klart kunsten å skrive ei av dei viktigaste, og så velskriven og tilgjengeleg at det bokstaveleg talt er til å grine av,» skriv bokmeldaren.
Tollak til Ingeborg – Tore Renberg
Tore Renberg har hausta strålande kritikkar for sin andre nynorskroman, Tollak til Ingeborg, som han òg fekk Bokhandlarprisen for.
Framtidas bokmeldar Jannicke Totland kalla boka ein moderne klassikar.
«Med ei handling som er så forstyrrande at ein sit igjen som eit spørjeteikn etter at ein har svelgt boka i eit sluk er dette ei bok som osar av moden forteljarkunst. Av den sjeldne sorten er dette ein roman ein blir dregen inn i både handlinga og stemningane som blir skildra.»
Sinne – Ann Helen Kolås Ingebrigtsen
Bokmeldar Elise Solvåg rosa Ann Helen Kolås Ingebrigtsen for ein kraftfull debutroman om Synne, som har ADHD, men ikkje vil at nokon skal vite om det.
«Boka er ikkje spesielt lang, men ho klarer å famne om mange forskjellige tema, utan at det kjennest tvungent eller for mykje. Følg mitt råd, og les ho! Og førebu deg på å grine litt.»
Garasjeland – Frode Grytten
«Lufta står stille. Tida går litt saktare. Følelsane er diffuse, og heile verda er liksom skoven to millimeter på skrå. Det er slik ein føler det når ein les novellene i Garasjeland, den nyaste boka til Frode Grytten.»
Bokmeldar Magnus Rotevatn kalla Frode Grytten si nyaste novellesamling ei fantastisk verkelegheitsflukt, noko mange kan trenge i desse dagar.
Eg et før eg kjem – Kari Anne Bye
Bokmeldar Jannicke Totland lot seg imponere av dikta til debutant Kari Anne Bye
«Bye leverer ein leiken, men djup debut om kjærleik i Tindertid. Om ein har vore på Tinder eller kjenner nokon som har vore djupt inne i spelet er dette er ei diktsamling som er lett å relatere til.
Den imponerande diktsamlinga på over 200 sider speglar forfattaren sin frustrasjon over datingappen. Likevel er dikta jordnære, med innslag av både humor og tragedie…»
Aleksander den store – Peter F. Stassegger
Bokmeldar Magnus Rotevatn meiner Peter Strassegger treff blink med sin første ungdomsroman.
«Det er eigentleg ikkje plottet som er viktig i denne boka, men Aleksander som person, og Strassegger er ein dyktig portrettør.
Eg trur at mange ungdommar vil la seg fengje av Aleksander den store, òg dei som ikkje les så mange bøker. Bibliotek og skular bør kjøpe inn mange eksemplar av boka – dette kjem til å verte ein favoritt!»
- Les også: 10 bøker å ønskja seg til jol