Bokmelding: Eg et før eg kjem – leikande, men djup om kjærleik i Tindertid

Jannicke Totland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein må berre akseptere det. Tinder er blitt ein del av måten folk finn kvarandre no til dags. Med sine meir enn 50 millionar brukarar verda over har fenomenet eskalert sidan appen vart lansert i 2012.

Kari Anne Bye (f.1983) kjem frå Trondheim er utdanna historikar frå NTNU og har bakgrunn frå drama og teater. Eg et før eg kjem er den første boka hennar.

Lett å relatere til

Bye leverer ein leiken, men djup debut om kjærleik i Tindertid. Om ein har vore på Tinder eller kjenner nokon som har vore djupt inne i spelet er dette er ei diktsamling som er lett å relatere til.

Den imponerande diktsamlinga på over 200 sider speglar forfattaren sin frustrasjon over datingappen. Likevel er dikta jordnære, med innslag av både humor og tragedie:

Ho

ville

få dei til å le.

Lo dei

var dette ein komedie.

Jungel utan spelereglar

Dikta handlar om den endelause driven vi menneske har til å finne ein partnar eller berre nokon å vera nær. Meir konkret handlar den om prosessen av korleis ein gjer det: prosessen i korleis ein leitar seg fram i jungelen av emojiar og poseringar i eit spel ingen veit reglane til. Og oppi det heile om einsemda og lengslane hjå menneska som sit bak kvar sin skjerm og lengtar etter ein annan:

Ho sveipte vidare.
Tolka menn gjennom bilete og emojiar i den postalfabetiserte røynda. Ho heldt fram med å gjere ting som ikkje verka.
Det var betre enn å gjere ikkje noko.

Les også om vegen frå Instagram til papir: – Nesten så følgjarane gjennomskodar det når eg skriv fiktivt

Vakker, men likevel vond

I tillegg til dette klarer Bye å lage såre, men likevel fine portrett av kor vakker, men likevel vond kjærleiken kan være:

Å vere på Tinder var litt som å sitte heime i sofaen
og raspe sjela si.

Med humor som verkemiddel blir likevel ikkje frustrasjonen tragedie åleine, og ved å bruke eit språk prega av formuleringar som tek datingfenomenet på kornet klarer Bye å skape ei uhøgtidleg stemning som får lesaren til å stadig trekkje på smilebandet:

Det var ikkje tvil. Denne menneskehannen kunne forsørgje ei hoe. Sjå! Han held ein fisk.

Med sitt uhøgtidlege preg og sparsame bruk av tunge symbol omfamnar diktsamlinga ei brei målgruppe som ikkje berre omfamnar kultureliten. Målgruppa er unge vaksne og oppover og er ein fulltreffar for alle som kan relatere til tematikken. Dette er ei absolutt anbefaling frå ein debutant eg gler meg til å høyre meir av!

Forfattarane har ulike strategiar på portretta sine, og skilnadane mellom kjønna er store. Frå venstre: Heidi Furre, Jon Fosse og Vigdis Hjorth. Foto: Heidi Furre/Flamme, Tom A. Kolstad/Samlaget, Agnete Brun/Cappelen Damm.

Fakta

Forfattar: Kari Anne Bye

Utgitt: 2020

Sider: 204

Sjanger: Lyrikk

Forlag: Samlaget