Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lufta står stille. Tida går litt saktare. Følelsane er diffuse, og heile verda er liksom skoven to millimeter på skrå. Det er slik ein føler det når ein les novellene i Garasjeland, den nyaste boka til Frode Grytten.

Alt i boka er gjenkjenneleg, i alle fall stemningane, ein føler at det kunne ha vore frå ein eiga liv, men likevel er alt totalt annleis.

Garasjeland er ei samling med sju noveller. Alle er novellene er særprega Frode Grytten, språket er som vanleg hjå Grytten poetisk og vakkert. Det svevar eit nostalgisk og lett melankolsk sus over forteljingane i boka.

Universet i Garasjeland finst ikkje på ekte, trur eg, men det er nesten heilt likt som vårt, berre nesten.

Eit fellestrekk for alle novellene er at jakta på kjensla av å vere heime (både bokstaveleg og biletleg) er sterkt til stades, nokre av karakterane i Garasjeland har allereie funne den kjensla, nokre er framleis på jakt etter ho og enkelte tviheld på løgnen om at dei ein gong for alle har funne den kjensla.

Det eg synest at Grytten får til aller best er å skildre interaksjonane og forholda mellom ulike personar

Det er utan tvil at Grytten meistrar personskildringar. Personane i Garasjeland framstår som ekte menneske.

Det eg synest at Grytten får til aller best er å skildre interaksjonane og forholda mellom ulike personar, det er der magien oppstår. Til dømes eit kjærastepar der båe to visste at den eine i forholdet var utru og at den andre visste det, men ingen torde å seie det, så sanninga berre låg å ulma under overflata.

Novellene i Garasjeland er som små vakre måleri, sjå føre deg ein blanding av Frida Kahlo og Claude Monet, det er liksom atmosfæren ein opplever når ein les Garasjeland.

Eg trur ikkje at når Frode Grytten skriv ei novelle så er det viktigaste for han å pønske ut eit originalt plott eller å skrive spennande (det betyr ikkje at Grytten ikkje kan skrive spennande, og plotta hans er som regel originale), det vesentlege i novellene til Grytten er personane og stemningane. Og akkurat som et måleri så formidlar novellene kjensler, stemningar, augeblikk og vakre scenar direkte og ærleg.

Eg synest at du bør kjøpe Garasjeland og ta ho med deg overalt, og når du har små augeblikk der du ønskjer ein liten flukt frå verkelegheita, då finn du fram Garasjeland av Frode Grytten og les ei novelle.

________________________________________________________________________

Forfattarane har ulike strategiar på portretta sine, og skilnadane mellom kjønna er store. Frå venstre: Heidi Furre, Jon Fosse og Vigdis Hjorth. Foto: Heidi Furre/Flamme, Tom A. Kolstad/Samlaget, Agnete Brun/Cappelen Damm.

Fakta

  • Tittel: Garasjeland
  • Forfattar: Frode Grytten
  • Forlag: Oktober
  • Utgitt: 2020
  • Sjanger: Noveller