Nye analysar: FNs klimamål er innan rekkjevidde

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Climate Action Tracker har sett på målsettingane til verdas land, og funne ut at me ligg an til 2,1 grader oppvarming innan 2100.

I meir enn eit tiår har forskarane sett på klimamåla verda har sett seg, og kva temperaturauke det inneber, ifølgje BBC.

Frå 3,5 til 2,1 grader

Etter klimatoppmøtet i København låg verda an til ei temperaturauke på 3,5 grader frå førindustriell tid innan dette hundreåret er omme.

Temperaturauken ein ser føre seg i framtida sokk betrakteleg med Parisavtalen i 2015, der verdas land vart einige om å jobba for å avgrensa til 2 grader – og aller helst 1,5 grader, innan 2100.

I september såg verda ut til å klare å avgrense oppvarminga til 2,7 grader, men fleire store hendingar har gjort at den berekna temperaturauken har sokke betrakteleg dei siste månadane.

Mitzi Jonelle Tan er ein av dei fleire hundre unge klimaaktivistane som arrangerer eit eige klimatoppmøte, når FN utsette sitt. Foto: AC Dimatatac

Over 120 land mot nullutslepp i 2050

Same månad annonserte Kinas president Xi Jinping overfor FN at landet sine utslepp vil vere på topp før 2030 og at dei derifrå vil gå ned og verte karbonnøytrale innan 2060.

Japan og Sør-Korea følgde opp og går inn for det same innan 2050. Også Sør-Afrika og Canada har slått seg saman med dei over 120 landa som går inn for karbonnøytralitet innan 30 år.

Den siste store hendinga, som har skapt klimaoptimisme, er det amerikanske presidentvalet. Valvinnar Joe Biden har vore tydeleg på at han vil gå inn igjen i Parisavtalen og jobba for karbonnøytralitet innan 2050. Dette åleine kan kutte temperaturauken innan hundreåret med 0,1 grad.

President Donald Trump og FNs generalsekretær António Guterres fotografert under eit toppmøte om narkotika i 2018. Når det kjem til klima er ikkje samarbeidet like godt. 4. november i fjor signerte Trump skrivet om at USA forlét klimaavtalen. I dag trer oppseiinga i kraft. Foto: FN

 

Noreg får kritikk for koronatiltak

I Parisavtalen vart verdas land einige om å melde inn sine planar for utsleppskutt fram mot 2030 innan utgangen av 2020.

Noreg var tidleg ute og melde om sine mål om utsleppskutt allereie i februar. Målet er å kutte utsleppa med 50-55 % frå 1990-nivå innan 2030.

Ifølgje forskarane er Noreg sitt mål utilstrekkeleg, og siktar oss inn mot ein temperaturauke på 3 grader.

Noreg får kritikk for koronatiltaka retta inn mot oljenæringa og flyindustrien, medan berre 3,6 milliardar av redningspakken er reservert for grøne tiltak.

Frykta er at skattelette til oljeindustrien kan føra til at me utvinner olje lenger enn ein hadde sett føre seg, samt at flyindustrien ikkje møter krav om å letta klimaavtrykket.

Illustrasjonsfoto av gassplattforma Aasta Hansteen. Foto: Svein Olav B. Langåker

Verstingane Saudi-Arabia, Brasil, Australia og Russland

Bill Hare frå Climate Analytics peikar ut Saudi-Arabia, Brasil, Australia, Russland og eit par andre land som dårlege aktørar.

EU jobbar framleis med å bli einige om sine mål, men EU-parlamentet har stemt for 60 % kutt.

Etterlyser kortsiktige tiltak

Forskarane seier deira berekningar er konservative, men understrekar at dei oppløftande analysane har ei viktig hake.

Dei er ikkje imponert over landa sine kuttplanar fram mot 2030.

– Langsiktige mål er lettare, dei er langt borte. Men kortsiktige handlingar skjer akkurat no og påverkar innbyggjarar, dei påverkar veljarar. Og det er difor dette er mykje vanskelegare, seier Niklas Höhne frå NewClimate Institute til BBC.


Arshak Makichyan. Foto: Privat