Tiendeklassingane fekk høgare standpunktkarakterar
Elevane som gjekk ut av tiandeklasse i vår, fekk høgare standpunktkarakterar enn fjorårselevane i nesten alle fag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Avgangselevane frå ungdomsskulen fekk i gjennomsnitt 43,2 grunnskulepoeng. Det er meir enn eitt poeng høgare enn i fjor.
Tiendeklassingane i år fekk avlyst eksamen på grunn av koronapandemien og har berre standpunktkarakterar på vitnemålet. Elevane hadde ein spesiell vår med ein lang periode med heimeskule før dei fekk vende tilbake til klasseromma.
– I perioden med heimeskule denne våren måtte lærarane og skulane arbeide med standpunktvurderingar på andre måtar enn til vanleg. Eg veit at mange har strokke seg langt for elevane sine. Det kan ha gitt elevane betre moglegheiter til å få vist kva dei har lært. Det kan òg ha bidrege til at årets tal skil seg frå tidlegare, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).
- Les også meiningsinnlegget frå Inger (23), som håpar koronakrisa endrar kva vi reknar som eit «godt nok» yrke: «Kva er vel viktigare, kva ambisjonar kan vel vere større, enn å utføre arbeid som trass alt er samfunnskritisk?»
Auka i alle fag
Karaktersnittet auka i alle fag bortsett frå i musikk og handverk. I desse faga var gjennomsnittleg standpunktkarakter det same som i 2019, ifølgje Statistisk sentralbyrå.
Standpunktkarakterane har i gjennomsnitt auka med 0,1 karakter frå 2019.
Den høgaste standpunktkarakteren er i kroppsøving, der gjennomsnittleg standpunktkarakter er 4,7. Matematikk har den lågaste gjennomsnittlege standpunktkarakteren med 3,8.
I fleire fag er det store forskjellar mellom ulike elevgrupper. Elevar som har foreldre utan høgare utdanning, har ein gjennomsnittleg standpunktkarakter på 3,0 i matematikk. For elevar som har foreldre med meir enn fire års utdanning på universitets- og høgskulenivå, er gjennomsnittleg karakter i matematikk 4,5.
Normalt får elevane noko svakare karakterar på skriftleg eksamen enn i standpunkt. Kunnskapsdepartementet skriv i ei pressemelding at avlyste eksamenar er noko av årsaka, men slett ikkje heile årsaka, til auken i grunnskulepoeng.
Betre tid til vurdering
Departementet viser mellom anna til at skulane har hatt betre tid til å vurdere elevane sidan eksamen var avlyst.
– Vi følgjer nøye med på resultata for elevane frå år til år og gjer analysar av forholdet mellom eksamenskarakterar og standpunktkarakterar. Koronakrisa endra vilkåra for karaktersetjing denne våren, og det blir interessant å sjå nærare på årsakene til endringa vi ser i årets resultat, seier Hege Nilssen, direktør i Utdanningsdirektoratet.
Ungdomsskuleelevane konkurrerer i hovudsak med elevar frå same årskull ved opptak til vidaregåande skule, og det auka karaktersnittet har derfor truleg ikkje store praktiske konsekvensar for elevane, skriv Kunnskapsdepartementet.
Elevar i Oslo fekk dei høgaste karakterane, med 44,9 grunnskulepoeng i gjennomsnitt. Dei to fylka med lågast snitt er Agder og Vestfold og Telemark, der elevane fekk høvesvis 42,3 og 42,4 i snitt.
Auken i karakterar gjeld både jenter og gutar. Som tidlegare år får jenter i snitt betre karakterar enn gutane, men snitten til gutane har auka meir i år.
- Les også intervjuet med Linn (18) som fekk 20 seksarar på vitnemålet, sjølv med korona-heimskule: – Eg er vand med å arbeida åleine og er glad i å jobba heima