Stine (21) fekk ikkje heimeeksamen på nynorsk: – Ein føler seg jo litt liten oppi det heile
Norsk Målungdom har sendt ut rekordmange klager på manglande nynorskeksamen, fleire dreidde seg om at studentar ikkje fann fram til eksamen på riktig språk heimefrå.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det gjer meg litt oppgitt, for eg synest dette burde vorte ordna av seg sjølv. Eg skjønar at studentane har eit ansvar, men eg hadde håpa at dette var noko NTNU kunne teke ansvar for og at det skjedde automatisk.
NTNU-student og nynorskbrukar Stine Fjellkårstad (21) har vald nynorsk som målform ved universitetet, men då ho skulle ha heimeeksamen i faget Internasjonal handel (SØK2006) fekk ho ikkje oppgåva på nynorsk, noko ho klaga på.
NTNU beklaga at eksamen ikkje var tilgjengeleg på nynorsk
NTNU var svært behjelpelege med å hjelpa ho med å finna den engelske eksamensutgåva, men nynorsk var ikkje å oppdriva.
Då Fjellkårstad viste til mållova og klaga fekk ho følgjande svar:
«Forskriften om målform er gjeldende, men regelen er at når undervisningen gis på engelsk gis eksamensoppgaven på engelsk.
At eksamensoppgaven i SØK2006 også ble laget på bokmål er en ekstraservice fra foreleser sin side. Beklager at det ikke ble den målformen du ønsket denne gang.»
NTNU-studenten har først nyleg fått augo opp for sine rettar som nynorskbrukar og stoda ved universitetet. Ho er ikkje imponert over svaret ho fekk og tolkar lova slik at dersom eksamen vert gitt på norsk, pliktar universitetet å gje eksamen på begge målformer.
– Ein føler seg jo litt liten
I tillegg til å velja målform ved universitetet må ein velja målform på den enkelte eksamen ein melder seg opp til, noko 21-åringen skulle ynskja var automatisk, eller i det minste vart informert betre om.
Enden på visa var at Fjellkårstad brukte bokmålsversjonen, og har framleis ikkje fått endeleg svar på om eksamen i det heile var tilgjengeleg på hennar målform.
Som ein språkleg minoritet skulle ho ynskje at Noregs største universitet hadde betre rutinar for å ivareta språket hennar og tok ansvar.
– Ein føler seg jo litt liten oppi det heile, seier NTNU-studenten.
NTNU-professor: – Synd at ho opplevde at ho vart møtt på ein dårleg måte
Professor ved Institutt for samfunnsøkonomi ved NTNU, Per Tovmo, forklarar på telefon til Framtida.no at eksamen i SØK2006 i utgangspunktet berre skulle vere tilgjengeleg på engelsk.
– Faglærar har på eige initiativ og etter ønske frå elevane omsett oppgåva til norsk, forklarar han.
Etter at studentane har registrert språk vidareformidlar eksamenskontoret kva målform oppgåvene skal vera tilgjengeleg på, noko som ikkje skjedde her fordi studentane ikkje hadde registrert målform.
– Eg synest det er synd at ho opplevde at ho vart møtt på ein dårleg måte då ho klagde, men sidan det ikkje var nokon norskspråkleg eksamen fekk ingen ho på målforma si, ho skulle berre vera på engelsk, understrekar han.
NTNU vil følgje opp klagene
I år har Norsk Målungdom sendt ut 23 klager på manglande nynorskeksamen ved norske universitet og høgskular. Flest av desse har gått til Universitetet i Oslo og NTNU, som begge har fått åtte klager.
Prorektor for utdanning ved NTNU, Berit Kjeldstad, kommenterer klagene via presseansvarleg:
«NTNU har en språkpolitikk som vi følger. Vi tar opp spørsmål omkring språkbruk ved hver eksamensperiode. Det er uheldig når dette ikke følges opp i tråd med studentenes rettigheter. Uten at jeg her kan gå i detalj på de konkrete klagene vil vi på generelt grunnlag følge dette opp,» lovar ho i ein e-post til Framtida.no.
Målungdommen trur på klagerekord
Skrivar i Norsk Målungdom, Frida Pernille Mikkelsen forklarar at dei fleste klagene har gått på at eksamensoppgåva ikkje var tilgjengeleg på nynorsk.
– Men me har òg fått ein del klager på dette med manglande eksamen når ein loggar inn som nynorskbrukar, forklarar ho på telefon til Framtida.no.
– Dette er ikkje berre eit brot på lova, men legg også eit ekstra stress på studentane i ein allereie pressa situasjon. Sjølv om eksamen er tilgjengeleg på nynorsk, kan det ikkje vere sånn at ein skal bruke 20 minutt av ein 4 timar lang eksamen på å leite etter nynorskversjonen, seier Mikkelsen i pressemeldinga dei sende ut om saka.
Rekordmange eksamensklager
Målungdommen plar å få flest klager frå studentar som opplever brot på Mållova på hausten, men har i år fått rekordmange allereie på våren.
– Tala i år tyder på at me kan nå rekorden for tal på klager, forklarar Mikkelsen, som framleis mistenkjer store mørketal.
– No er dei gått på sommarferie, så me har ikkje fått svar på så mange klager. Det er ofte eit problem at dei utset sakene og til hausten kan me forhåpentlegvis følgje opp, forklarar Mikkelsen.
Ho er spent på korleis eksamensavviklinga til hausten blir og understrekar at dersom det også dette semesteret vert mykje heimeeksamen, vil Målungdommen fokusere vidare på dei digitale utfordringane det medfører.