Småpengar igjen til nynorske litteraturfestivalar

Festivalar som marknadsfører seg på bokmål stakk av med over 90 prosent av støtta frå Kulturrådet til litteraturfestivalar i fjor.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I pinsehelga vart Norsk Litteraturfestival på Lillehammer arrangert. Festivalen er den største i Noreg og stakk av med nesten av ein tredjedel av dei 10,2 millionane som Norsk Kulturråd gav til norske litteraturfestivalar i 2019.

Av dei 40 litteraturfestivalane som fekk støtte i 2019, er det ni som marknadsfører seg på nynorsk. Men desse festivalane stakk av med berre åtte prosent av støtta frå Kulturrådet.

Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, ville gjerne hatt meir støtte til nynorske litteraturfestivalar. Foto: Privat

Dét får leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge til å reagera.

– Når om lag kvar femte litteraturfestival er nynorsk, og desse berre får om lag ein tiandedel av den offentlege støtta, så viser det behovet for å sjå på støtteordningar som i større grad fremjar nynorsk litteratur. Det vil vera i tråd med regjeringa sitt eige mål om at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremja nynorsken som det minst brukte av dei to offisielle språka, seier han.

– Ser etter nynorsk på programmet

Leiar for fagleg utval for litteratur i Kulturrådet, Anne Oterholm, understrekar at utvalet vektlegg formidling av litteratur på nynorsk og av forfattarar med minoritetsspråkleg bakgrunn.

– Ved den faglege vurderinga av søknader blir det mellom anna sett på om søkar programmerer med nynorskspråklege forfattarar, om det blir framheva og blir formidla litteratur på nynorsk og om tiltaket vil styrka nynorsk språk og litteratur, skriv Oterholm i ein e-post til Framtida.no.

I 2019 fekk Kulturrådet inn nærare 60 søknader om økonomisk støtte til litteraturfestivalar via tilskotsordninga for litteraturformidling. Rundt 50 fekk tilskot.

Anne Oterholm er leiar for fagleg utval for litteratur i Kulturrådet. Foto: Ilja Hendel, Kulturrådet

Mellom dei støtta Kulturrådet fleire litteraturfestivalar som fokuserer på nynorsk-språklege forfattarar og litteratur skrive på nynorsk, eksempelvis Åram Pluss, Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå, Litteraturdagane i Vinje, Nynorske litteraturdagar og Garborgdagar.

– Falturiltu, som er den einaste reine nynorskfestivalen for barn og ungdom, fekk tilskot og har blitt støtta av Kulturrådet gjennom mange år. Det er landets største formidlingsarena for nynorsk barne- og ungdomslitteratur og det største enkelt-ståande nynorsk-arrangementet i Noreg, påpeikar Oterholm.

LES OGSÅ: Rekordmange på Noregs største nynorske barnebokfestival

Nesten alle fekk støtte

Anne Oterholm legg til at nesten alle nynorsk-festivalane som søkte om økonomisk støtte gjennom formidlingsordninga i fjor, fekk løyving.

– Nynorsk var i tillegg med i programmeringa til fleire av dei støtta breiddefestivalane på litteraturområdet, og i programmeringa til sjangerfestivalar. At Kulturrådets samla løyving til reine nynorsk-festivalar ikkje er like høgt som til resten av litteraturfestivalane, om ein ser dei under eitt, heng mellom anna saman med at tyngda av dei omsøkte litteraturfestivalane har ei overvekt av formidling på bokmål, held Oterholm fram.

Når det gjeld kva målform søkar skal bruka i marknadsføringa si av festivalen, så blir det vanlegvis ikkje oppgitt i søknaden.

– Utvalet veit altså ikkje kva målform som kjem til å bli brukt i sjølve marknadsføringa når dei vurderer søknadene, og det blir ikkje lagt til grunn for tildeling av tilskot, påpeikar Anne Oterholm.

Ho seier det er viktig for utvalet å understreka at bruk av nynorsk både gjennom dei vedtatte vurderingskriteria og i vurderingsarbeidet speler, og skal spela, ei rolle i tildelingane av tilskot.

LES OGSÅ: Meir sex, drap og vald i ungdomsbøker: – Jo verre, jo betre

Fløgstad og Hovland på bokmål

Blant dei 96 forfattarane som deltok i programmet på Norsk Litteraturfestival var det 13 forfattarar som har skrive bøker på nynorsk. 7 av desse er omtalt på nynorsk. Mellom dei som blir omtalt på bokmål er Kjartan Fløgstad og Ragnar Hovland.

Festivalsjef Marit Borkenhagen seier det kjem an på kven frå festivalorganisasjonen som skriv, om omtalen av forfattarane er på nynorsk eller bokmål.

– Me er jo ein litteraturfestival, og då er det klart at me er veldig opptatt av språk. Me har fleire forfattarar på nynorsk, og i tillegg har me forfattarar som skriv spansk, engelsk, dansk og til og med minoritetsspråket zapotek frå Mexico.

Festivalen hadde òg ein samtale om dialekt mellom dialektforfattar Leif Høghaug, nynorskforfattar Ragnar Hovland og bokmålsforfattar Lars Mytting.

LES OGSÅ: Superstjerna Halsey er nynorskentusiast

Edmund Austigard er administrerande direktør i Samlaget. Foto: Herborg Pedersen/ Samlaget

Premiering?

Forlagsdirektør i Det Norske Samlaget, Edmund Austigard, viser til kulturmeldinga som målber mangfald og relevans som to styrande krav for offentleg støtte.

– Ein kan jo tenka seg at fremjing av dei måla kan nåast gjennom premiering – heller enn tvang. Det er ikkje verre, seier han til Framtida.no.

– Det hadde vore kult om festivalen nokre år inni mellom hadde brukt nynorsk som hovudspråk i program, omtalar og annonsering. Verken forfattarar eller lesarar har problem med tospråklegheit, så eg trur det ville blitt godt mottatt, seier Samlaget-sjefen.

– Til neste år er Marit Eikemo engasjert som kunstnarisk rådgjevar. Kanskje det kan bidra til at me får meir på nynorsk, seier festivalsjef Marit Borkenhagen.

Ane Breivik, 1. nestleiar. Foto: Erika Melhus/Unge Venstre